Som tilsett i eit stort oljeselskap risikerer du minus-poeng i personalpapira om du spring ned trappa utan å halda deg i rekkverket. Parkerer du bilen med fronten inn, likeså. Av beredskapsomsyn skal du helst vera klar til å rusa ut i køyreretning på eit blunk. Skulle du vera så uheldig å kutta fingeren på eit papir før lunsj, heng plaster-dispenseren rett over kopimaskina.

Ikkje så i fjøset. Norsk landbruk skryter med rette på seg å produsera verdas tryggaste mat, men måten den blir produsert på etterlet ennå alt for mange offer.

Som frilansjournalist Anne Rivenes legg for dagen i denne vekas Bondevennen, er ulukkesstatistikken blant bønder framleis alt for høg. I fjor mista seks menneske livet under jordbruksrelatert arbeid. Kor mange brotne bein, hjerneskakingar, kutt og nestenulukker det var, veit me ikkje. Det finst ingen fullstendig oversikt over personskadar, sjølv i denne samfunnskritiske næringa.

– Me har hatt både ulukker og nestenulukker. Heldigvis ikkje av det alvorlege slaget, men nokre ribbeinsbrot og andre beinbrot i samband med arbeid med dyr, seier kjøt- og mjølkeprodusent Margun Myrmel Øren i reportasjen.

Og legg for dagen ein risikoaksept som ho deler med svært mange kollegaer, men som dei færraste i andre yrke ville ha godtatt på jobb. Ribbeinsbrot og andre beinbrot ville skapt furore på ein skule eller i eit kontorlandskap.

Det er ikkje det at Margun eller andre bønder er tøffare enn folk flest.

Poenget er at dei knappast har noko val, om dei framleis vil produsera mat.

Ein del bønder har sjølvsagt eit stykke å gå på når det gjeld føre var-tenking. Mange ulukker kunne vore unngått om setebeltet var festa og verneutstyret sat skikkeleg på.

Men all verdas HMS-rutinar og polstring kan ikkje fjerna den overhengjande risikoen som følgjer av at stadig færre bønder spring stadig raskare på stadig større bruk.

Som sjukepleiar eller fabrikktilsett får du tillegg for nattarbeid, og ennå litt til på raude dagar. Som oljearbeidar, får du «hardship-tillegg» dersom jobben tek deg til ein plass i verda der kvardagen er mindre komfortabel enn i Noreg.

Som matprodusent er det forventa at du taklar tunge tak, villstyrige dyr, nattevak, null fritid, einsemd og tre tonn økonomiske bekymringar på eiga hand. Den uavlatelege vekslinga mellom akutte situasjonar og dagleg slit kompenserast ikkje.

Ikkje så rart, då, at det går galt av og til.

– Mangfaldet gjer landbruket så fantastisk, men er også med på å auke risikoen, seier mjølkebonde Elling Aarsland, og konkluderer:

– Ein får ikkje «oljesikkerheit» i alle ledd.

Det har han rett i. Som samfunn gjer me likevel klokt i å ikkje ta bøndene si gåpå- haldning for gitt. Risikoen som følgjer med yrket må kompenserast langt betre enn det som er tilfelle i dag. Parallelt må HMS-tiltak og haldningsarbeid halda fram med full styrke.  

Bothild Å. Nordsletten