Ei arbeidsgruppe med brei deltaking frå fleire departement og faglaga har nyleg lagt fram ein rapport om tydelegare distriktsprofil på verkemidla i jordbruksavtalen. Bakgrunn og mandat for gruppa er forankra i stortingsmeldinga om Landbruks- og matpolitikken og i jordbruksoppgjeret i 2012 der ein uttrykte uro over nedgangen i jordbruksaktiviteten i mange distrikt, mellom anna i deler av Agder fylka / Telemark og i kyst- og fjordstrøka på Vestlandet.

Rapporten er som landbruks­politikken, svært kompleks og vanskeleg å trenga inn i. Gruppa har då helle ikkje makta å einast om klare tilrådingar, men har kome opp med mange idear som innspel til jordbruksforhandlingane. Eit avgjerande punkt er om styresmaktene er villige til å skyta inn friske midlar for å styrka distriktsprofilen, om ikkje vil styrka distriktsprofil føra til ei omfordeling av virkemidla frå sentrale strok til distrikta. Det siste går faglaga imot, og hevdar at det vil svekka målsettinga i Landbruksmeldinga om auka matproduksjon i landet.

Mjølkeproduksjonen, den vik­tigaste produksjonen for å halda oppe landbruket i distrikta, har allereie ein sterk distrikts- og strukturprofil på tilskota. Dette er dokumentert i rapporten, i ein kalkyle som syner tilskot i mjølkeproduksjonen for ulike distrikt, sjå tabell under. Tal frå Budsjettnemnda syner at vederlag for arbeid og eigenkapital per årsverk for dei same regionane, for åra 2008 – 2010, var slik; Agder/Rogaland, Jæren 259 089 kroner, Vestlandet 200 588 kroner, Nord Norge 233 089 kroner. Den sterke distriktsprofilen som er synt i tabellen gir ikkje full økonomisk kompensasjon. Ein bør merka seg at det ligg ein vesentleg høgare produksjon bak eitt årsverk på Jæren enn t.d. i Finnmark.

Kommune

Time, Jæren

Granvin, Hordaland

Alta, Finnmark

Tal kyr

12

22

30

12

22

30

12

22

30

Sum pristilskot, 1000 kr

0

0

0

46

84

115

165

303

413

Sum produksjonstilskot, 1000 kr

205

275

319

256

357

414

299

438

536

Avløysartilskot, 1000 kr

60

69

69

60

69

69

60

69

69

Sum frakttilskot, 1000 kr

11

21

28

25

46

63

57

104

142

Inseminering, 1000 kr

0

0

0

1

2

3

5

9

9

Sum totalt, 1000

276

364

416

388

559

664

586

922

1172

Sum pr. ku

23

17

14

32

25

22

49

42

39

Pris per  liter mjølk, kr

3,64

2,62

2,20

5,13

4,02

3,51

7,74

6,64

6,19

 

I ein kommentar til rapporten uttrykker forskar Klaus Mittenzwei, i NILF, at den mellom anna synleggjer den struktur- og distriktsdifferensieringa for tilskot som allereie ligg inne i dagens jordbruksavtale, særleg for dei grovfôrbaserte produksjonane. Vidare meiner han at kvoteordninga i mjølkeproduksjonen er vesentleg for å halda oppe mjølkeproduksjonen i distrikta. Oppheving av kvoteordninga ville, i følgje Mittenzwei, ført til ein ytterlegare sentralisering av mjølkeproduksjonen.

Det er dei grovfôrbaserte produksjonane som er analyserte og drøfta i rapporten. Dei kraftfôrbaserte produksjonane har langt mindre tilskot, men også desse tilskota har ein distriktsprofil.

VI DELER FAGLAGA SI HALDNING til at ein ytterlegare styrking av distriktsprofilen i jordbruksavtalen vil krevja at det kjem inn friske midlar til dette føremålet. Den store nedleggingstakta av bruk kan ikkje halda fram. Samstundes er vi avhengige av eit sterkt jordbruk i dei beste områda, både for å sikra matforsyninga og for å kunna ha eit økonomisk robust jordbruk og foredlingsindustri. Slik sett bør det uroa arbeidsgruppa at lønsemda i kornproduksjonen, på austlandsbruk mindre enn 400 dekar, etter tal frå Budsjettnemnda har gått ned frå 109 185 kroner per årsverk til 56 561 kroner per årsverk i perioden 2001 – 2010. Eit berekraftig norsk jordbruk er avhengig av at vi i størst mogeleg grad er sjølvforsynte med korn til kraftfôrproduksjonen.

ELLES VIL VI STREKA UNDER at det er mange faktorar, i tillegg til tilskot, som er avgjerande for vidare utvikling av jordbruket både i distrikta og i sentrale strok. Vi må ikkje undervurdera faktorar som fagmiljø, investeringsvilje, teknologisk utvikling og ikkje minst rekruttering til jordbruket i konkurranse med ein høgtløna arbeidsmarknad. Ingen er tent med å svekka dei områda som syner utvik­lingskraft.

 

Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no