Adventstid er ventetid, men bak lukene i bonden sin kalender er det ikkje berre godt nytt å spora. Sjølv i desembermørket er det openlyst at landbruket er på tynn is.

Medan kostnadane i næringa går opp, syner tala i driftsgranskingane frå NIBIO at inntekta minkar. Nedgangen på heile 9500 kroner i fjor utgjer det nest største inntektsfallet sidan årtusenskiftet. Jordbruksinntekta låg på 323 300 kroner per årsverk i 2017, dryge 200 000 under snittårsløna til alle norske arbeidstakarar, som var på 536 000 kroner*. Overproduksjonen på sau og svin og dårlege grovfôravlingar i delar av landet blir heldt fram som dei to viktigaste årsakene til nedgangen.

*Det tekniske beregningsutvalget for inntektsoppgjørene 2017

I førre veke kom i tillegg tal frå NIBIO som viser at nedgangen i talet på jordbruksbedrifter held fram. I 2017 vart det 1,9 prosent færre føretak enn året før.

Samstundes, medan bondeorganisasjonane, politikarar og styresmakter skuldar på kvarandre for uføret, produserer stadig færre bønder for mykje mat med innsatsfaktorar som i stadig større grad er lausrive frå ressursane på garden.

Ein må heite Bård Hoksrud for ikkje å fortvila over stoda. Ein må vera frå Framstegspartiet for ikkje å gremmast når ribba går for 40 kroner kiloen, sauebøndene får lommerusk for dyra og mjølkebøndene lever i uro for kutt i neste års mjølkepris.

Adventstid er også tid for håp, men håp er ingen strategi for landbruket, (med mindre det handlar om vêret, og knappast då, heller.) Skal næringa oppfylle samfunnsoppdraget sitt – sjølvforsyning og matsikkerheit – må alle oppegåande krefter trå til for å snu utviklinga i retning av driftsmåtar som tek jorda i bruk overalt der ho finst, og som hever verdien av molda. Med dagens kurs, derimot, treng det ikkje ta mange åra før grunnlaget for landbruket slik me kjenner det, brest.

Jo svartare vinterhimmel, jo klårare trer stjernene fram. I Bondevennen denne veka kan du lesa den usedvanlege historia om 74-åringen Jostein Lillebø som nyleg selde garden ut av slekta og til den nittenårige naboguten, Torjus Ravndal Hetland.
– Eg likar å sjå at dei unge får det til, seier Lillebø.
– Det var som å vinne i lotto. Eg har alltid villa dette, jublar den purunge gardbrukaren.

Les saka. Den gir, trass i alt, håp.

Bothild Å. Nordsletten