Frihandelsavtala som Noreg og Storbritannia annonserte 4.juni vart heldigvis ikkje så dårleg for jordbruket som frykta. Dei beitebaserte næringane storfe, sau, lam, geit og ost vart skjerma – her er det ikkje gitt nye kvoter. Det er bra.

Likevel er det liten grunn til å jubla, for regjeringa ga bort kvotar på 100 tonn svinekjøtt og 100 tonn skinke. I tillegg 50 tonn ribbe for desember, 120 tonn pølser og 158 tonn fjørfekjøtt. På toppen av dette er det gitt mindre kvotar på egg, jordbær, såfrø, eple (utanfor norsk sesong), isbergsalat til industri, potet- og potetprodukt og planter.

Dette er produkt som me produserer sjølve og godt kan produsera meir av. Innrømmingane som Noreg no har gitt til Storbritannia er gitt for godt, og bidreg såleis til eit ytterlegare svekka importvern og tapt verdiskaping for våre eigne bønder.

Bondelagets Lars Petter Bartnes har rett når han påpeiker paradokset i at regjeringa på den eine sida satsar på grøntnæringa medan dei på den andre forhandlar vekk jordbær og salat. Kvotane på svin er også urovekkjande no når regjeringa vil fjerna målprisen og stramma inn høvet til å nytta reguleringslager. Og snart lokkar utanlandsk flesk nordmenn over Kjølen igjen.

At avtala trass i dette ikkje vart meir dramatisk for jordbruket, kan tolkast som eit teikn på at fleire i styre og stell byrjar å forstå kor viktig eit levande distriktsjordbruk er for matproduksjon, sysselsetting og verdiskaping. Mat- og landbruksminister Olaug Bollestads Krf skal ha ros for det politiske handverket og skadereduksjonen.

Når næringa likevel held fram med å tapa, er det prov på at arbeidet med å gni inn det opplagte må halda fram med uforminska styrke: me ikkje har ein bonde å mista eller ein kilo å gi vekk. Tollvernet må hegnast om og utnyttast for alt det er verdt.

Bothild Å. Nordsletten