image description

– Norsk matindustri er Norges nest største fastlandsindustri og har stor sysselsetting i distrikta med matindustribedrifter spreidd utover heile landet, slår Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) fast i ein ny rapport om Mat og industri. Det handlar om svære volum, store verdiar og uerstattelege distriktsarbeidsplassar. Samla utgift til mat og drikkevarer i norsk hushald utgjorde om lag 234 milliardar kroner i 2013, eller om lag 11 prosent av inntekta til ein gjennomsnittsfamilie. Inklusive foredling av fisk, har matindustrien om lag 49.000 sysselsette, fordelt på 2.083 føretak. Og matindustrien veks raskare enn anna fastlandsindustri. Matindustrien syner ein auke på fleire sentrale konjunkturindikatorar, som tal sysselsette, bedrifter, produksjonsverdi og verdiskaping. Men det er verdt å merke seg at ikkje alle piler peikar oppover. Matindustrien har, dei siste to åra, hatt ein nedgang i bruttoinvesteringar, jamført med anna fastlandsindustri.

Matindustrien opplever auka internasjonal konkurranse på heimemarknaden. Importverdien for mat– og drikkevarer var på 31,9 milliardar kroner i 2013, ein auke på heile 10,5 prosent frå 2012. Norsk matindustri sin del av heimemarknaden låg på 89 prosent i 1995. I dag er den norske andelen om lag 80 prosent. Vi ser at forsyninga av norskprodusert mat frå matindustrien ligg langt over sjølvforsyningsgraden. Som kjent skuldast dette i all hovudsak import av matkorn, sukker, frukt og grønt og råvarer til kraftfôrproduksjonen.

– Norsk matindustri må vere førebudd på at auka internasjonalisering, endringar av handelsregimer og strukturelle endringar i samfunnet vil skjerpe konkurransesituasjonen. Særleg er det knytt stor spenning til ein eventuell handelsavtale mellom USA og EU. Utviklinga kan møtast med å føra ein aktiv landbrukspolitikk med tilhøyrande stabile, føreseielege rammevilkår, les vi i rapporten.

Det er ei kjent sak at landbruket og foredlingsindustrien høyrer saman i eit skjebnefellesskap. Utan forsyning av norske råvarer, forsvinn grunnlaget til den norske foredlingsindustrien. Det er ikkje ein tilfeldighet at viktige aktørar i næringsmiddelindustrien, som Norsk landbrukssamvirke med NHO og Norsk nærings– og nytelsesmiddelarbeiderforbund, står saman som utgivarar av rapporten.

Landbruket treng skjerming og støtte, toll og tilskott, for å vere i stand til å forsyne landet med mat. Når vi ser den indirekte verdiskapinga via norsk matproduksjon og legg til landbruket si rolle for å halde oppe levande bygder og ei attraktiv turistnæring, ser vi at inngangen til reknestykket om støtte til norsk landbruk treng ei brei politisk tilnærming og ein lang horisont.

Lenger ute i denne utgåva av Bondevennen kan du lesa at samvirkeeigde Nortura, saman med privateigde Prima Gruppen på Jæren, tar djerve grep for å styrke konkurransekrafta for industrien.
– Kunden (forbrukaren) er ”ballets dronning” uttrykker Prima Jæren sjefen, Anbjørn Øglend. Eit anna ord for dette er marknadstilpassing, noko som landbruket i aukande grad evnar å ta opp i seg. Den norske forbrukaren ønskjer spesialkvalitetar. Han vil vita kor maten er produsert, og han vil vera viss på den viktigaste føresetnaden av alle; at maten er trygg.

Folk flest ønskjer mat som er produsert i Norge. Det er tette alliansar mellom ”ballets dronning”, landbruket og matindustrien. Politikarane er den fjerde alliansepartnaren. Vi legg til grunn at dei er medvitne om, at det utan aktiv politisk medverknad, kan bli stilt på parketten.

 

Eirik Stople