Gjennom årtusen og fram til ganske nyleg var utmarka ein stad for sakte tid og nøysam ressursforvalting. To nye publikasjonar stadfestar at den tida er forbi. – Det rår kaos i utmarka, sa Tor Arnesen frå Høgskulen i Innlandet då boka «Utmark i endring», redigert av Bjørn Egil Flø frå Nibio og Frode Flemsæter frå Ruralis, vart lansert i førre veke.

 Les også: Så rik er utmarka

Forskar Arnesen viste til den enorme utbygginga av hytter, vegar og kraftlinjer som legg beslag på stadig større beiteog naturområde. Andre bidragsytarar i boka peiker på gnissingar mellom bønder og tilreisande byfolk som let vera å lukke grinder eller hissar seg opp over nærgåande sauer. Andre igjen problematiserer korleis vindturbinar og gruvedrift påverkar reindrifta.

I røynda, så vel som i den nasjonalromantiske fantasien, har utmarka alltid vore ein gåvmild og uendeleg fristad, om enn lunefull. Ennå dekker den 95 prosent av landet vårt. Men under presset frå esande hyttebyar og planar om svære vindparkar og mineralutvinning, gjerne i det grøne skifte sitt namn, svinn bilete av det uendelege. I staden byrjar også utmarka minna meir og meir om ein skanse for menneskelege behov og lyster.
Den samla verdiskapinga frå utmarka utgjer kvart år seks milliardar kroner, i følgje NIBIO-rapporten «Verdiskaping i utmark. Status og muligheter». Med vidareforedling av råvarene som tala baserer seg på, vil summen truleg kunne mangedoblast. Potensialet er stort, meiner NIBIO. Utmarka er, med andre ord, for ein indrefilet å rekna, i både geografisk og økonomisk forstand.

Og ja. Utmarka er framleis stor og rik, både på ressursar og eventyr. Og det er heller ingen naturlov som tilseier at møtet mellom lokalbefolkning og ferierande ikkje kan vera fruktbart. Tvert om. I dei aller fleste tilfelle går det bra. Bygda tener på turistane, bonden på måking og vedsal. Ikkje sjeldan hjelper entusiastiske hyttefolk til med å halda styr på kor sauene er.

Det er heller ingenting som tilseier at ikkje tradisjon og fornying kan møtast med hell. Byfolk kan læra seg utmarka sine lovar, som å lukke grinda. Hytter og infrastruktur kan kanskje etablerast med mindre naturøyding enn i dag. Som det vart sagt under boklanseringa: «Me må ikkje berre tenkja på korleis det var før, men på korleis me vil ha det i framtida».

Det er nok av konfliktpotensial. Men skal me unngå knute på tråden er det viktig at alle med kjærleik og interesse for myr og vidde bidreg og snakkar saman: bønder og beitelag, hytteeigarar, jegerar, forvalting. Du og eg. Berre slik, i lag, kan me halda fram med å forvalta og hausta av utmarka, også i åra som kjem.

Bothild Å. Nordsletten