Aktørane bak mjølkeprosjekta som for tida går føre seg, eller som er avslutta, er opptekne av vakuum. Då handlar det ikkje om vakuum gjennom fysikkens lover og velsmurde mjølkepumper, men om frykt for at det skal oppstå eit vakuum etter dei målretta tenestene, som mjølkeprosjekta har tilbydd, etter at punktum i sluttrapportane blir sette.

Mjølkeprosjekta har bidrege
med inspirasjon og fagleg rettleiing. Prosjekta har arrangert kurs og fagturar, og har gjerne bidrege med nokre tusenlappar i ekstra start-hjelp til dei som har kome lenger enn til tankeprosessen.

Eit prosjekt er, og skal vere, tidsavgrensa. I denne utgåva av Bondevennen, kan du lese at Mjølkeprosjektet i Ryfylke er avslutta – etter planen. Tre år med ekstra merksemd retta mot mjølkeprodusentane i området har gitt resultat. I Ryfylke-kommunane har fleire titals bønder fått dekka utgifter til konsulenttenester og planlegging. Ti nye/renoverte driftsbygningar for mjølkeproduksjon vitnar om at det finst bønder som meir enn gjerne vil satse på mjølk framover. I Suldal er åtte framtidsretta mjølkeprodusentar i planfasen. Det er imponerande og inspirerande.

Oppskrifta har vore å utnytte dei eksisterande rådgjevingstenestene, samla dei under ein paraply, og gje «dugnaden» namnet Mjølkeprosjektet i Ryfylke. Oppsummeringa vitnar om at det er behov for eit permanent tilbod av dette slaget, til noverande og framtidige mjølkeprodusentar. Vi har dessverre lita tru på at det tilbodet vil koma. For, anten vi likar det eller ikkje, så har det skjedd lite revolusjonerande med bøndene sitt etablerte rådgjevingsapparat opp gjennom åra. Rådgjevingseiningane er mest like så spreidde som gardsbruka dei skal tena, er spreidde. Eit prosjekt av denne typen er ikkje stort meir enn ein smaksprøve på korleis rettleiingstenestene kunne vore organisert. Eirik K. Hobberstad sine tankar om eigne landbrukskompetansesenter, som han målber i denne vekas Bondevennen, hadde stetta behovet som melder seg i vakuumet etter mjølkeprosjekta med god margin.

Kvardagen er definitivt tilbake for mjølkeprodusentane i Ryfylke. Bonden frå Fister, som lurer på om han skal satse vidare på mjølk, og som gjerne vil sjå på om det er økonomisk grunnlag for å bygge på og til å investere i mjølkerobot, har framleis eit vell av tilbod å nytte seg av, men det er ei krevjande øving å kontakte Innovasjon Norge for å søkje om tilskot til å reise på studietur når han eller ho er i tanke-fasen. Det går sjølvsagt an å oppsøkje rekneskapskontoret i Hjelmeland, for deretter ta ein tur til banken, før ein reiser til Jæren for å prate med Tine og bygningsplanleggaren til NLR. Undersøkingar syner stor skilnad på dekningsbidraget mellom bruka. Nyinvesteringar er oftast på grensa til det forsvarlege, noko som understrekar behovet for eit skreddarsydd, individuelt tilpassa grunnlagsmateriale før ho eller han tar endeleg avgjerd.
Vi treng mjølkeproduksjon, også i distrikta. Dei som skal syta for god mjølkeflyt og stabilt vakuum i mjølkemaskinane, treng eit tverrfagleg rådgjevingstilbod som er målretta og som samarbeider, og som aller helst er samla under same taket.

Å bli sett – og å få den beste rettleiinga saman med eit og anna heia-rop frå kollegaer og eit samla fag-nettverk undervegs, er meir enn turvande for dei som set namnetrekket sitt under lånepapira i banken for å satse på ei framtid som mjølkeprodusentar.

Det er avgjerande.

Sjur Håland
sjur.haland@fkra.no