Stemte du Høgre i den tru at det er best for norsk landbruk, ja, då er det berre å gratulera med valsigeren.

Men kva nå? Anten resultatet gjer deg glad eller mismodig, er det spørsmålet nå.

For nå skal partia levera på flesket dei lova. Om partiet ditt har hamna i posisjon eller ei, uansett har du rett til å forvente at dei står på for det dei stod for i debattar, på torg og kjøpesenter. At dei ikkje går på akkord, men er tydelege – tydelegare – på eige verdigrunnlag og standpunkt.

Slik fastleik kan auka det politiske konfliktpotensialet, men med ein så rik partiflora som den me etter kvart har i Noreg, set veljarane kanskje pris på klarare grensedragingar. Og konflikt treng ikkje vera negativt. Det kan òg vera prinsippavklarande og forløysande.

Når det er sagt, byr den kommunepolitiske kvardagen på tallause, konkrete enkeltsaker som krev pragmatikk, forhandlingar og kompromissvilje. Og folkevalde er også menneske. Dei let seg ofte påverka i saker som engasjerer innbyggjarane.

Valet er ikkje over fordi valet er over. Her skal framleis røystast, kvar dag. Og om det er ei frådelingssak, jordvern, nydyrking eller lagnaden til krinsen det går i, har du heldigvis høve til å påverka. Ja, om du vil bidra til å forma utviklinga, held det faktisk ikkje å droppa stemmesetelen i urna ein gong annakvart år. Du må følgja med. Stilla spørsmål. Be deg inn på partigruppemøte. Halda politikarane ansvarlege og krevja svar. Koma med eigne forslag.

 Liksom salige valforskar Frank Aarebrot samanlikna heimesitting på valdagen med ein halv stemme til dei du likar minst, er «nøytralitet» i saker som eigentleg engasjerer deg, ei handsrekning til meiningsmotstandarane dine.

Bothild Å. Nordsletten