Me har visst det lenge, og no skjer det. Eksportsubsidiane som har hjelpt Jarlsberg-osten ut i verda, skal avviklast. Norsk mjølkeproduksjon må reduserast med opp til formidable 100 millionar liter – eller åtte prosent av den totale produksjonen, innan 2021.

Prosessen med å nedskalere er så vidt i gang. Fram til første august kan du kjøpa og selja kvoter som før. Så er det stopp. Partane i jordbruksoppgjeret skal etter planen presentera eit opplegg for produksjonskutt før 1.oktober, basert på reduksjon i forholdstalet og oppkjøp av kvoter. Alt ifrå juli kan omsetningsavgifta for mjølk auke for å finansiere oppkjøp av mjølk i omsetningsrunden i 2020.

Endringane set sjølve grunnplanken i landbruksøkonomien på prøve. At mjølkekuttet vil påverka botnlinja på det einskilde mjølkebruk er heva over ein kvar tvil. Så tidleg i prosessen er spørsmåla mange. Nett kor mykje vil produksjonsreduksjonen kosta bonden – og kor lenge vil konsekvensane merkast? Prinsipielle spørsmål er òg på sin plass, då bortfallet av eksportsubsidiane berre er ei av mange utfordringar som mjølkenæringa står andsynes. Forbruket av norsk mjølk har gått ned med 18 millionar liter i gjennomsnitt dei siste tre åra. Samstundes aukar importen. Tine slit med resultatet, kostnadsveksten aukar, renta stig og i 2024 og 2034 kjem det nye fjøskrav. Då er det naturleg å undrast: Kor stor blir avskalinga frå mjølkenæringa? Kor skjer den? Kven heng med vidare? Har me bønder å miste, eller skal me kjempa for å oppretthalde drifta på kvart einaste bruk som er att?

Så langt er følgjande klart: Endringane kjem. Dei er ubehagelege, men dei må aksepterast. Dinest gjeld det å tilpassa seg som best ein kan, og helst i solidaritet med kvarandre.

Bondevennen meiner det bør vera eit mål at alle mjølkebønder som ønskjer det, uavhengig av bruksstorleik eller driftsopplegg, blir med på endringsprosessen og landar med beina på jorda. Det handlar ikkje berre om mjølk og ost, men òg om arbeidsplassar, liv laga bygder, høg sjølvforsyningsgrad og samfunnsberedskap. Me sit ikkje på fasiten for framtida til mjølkebonden eller marknaden, men me er trygge på at det framleis er eit stort potensial for å optimalisera drifta gjennom større og betre grovfôravlingar, mindre kraftfôrinnkjøp og andre kostnadssparande tiltak på garden, samt hyppigare kontakt med rådgjevaren. Saman med framsynt produktutvikling, pluss forbrukarar som vonleg kan læra seg å etterspørja norsk vare oftare, er det mogleg å vega opp for noko av den produksjonsreduksjonen, som no står for døra.

Og hugs: Import av meieriprodukt tar 20 prosent av kvota på kvart bruk, ifølgje Tine. Det talet bør ned. Ikkje talet på norske mjølkebønder.

Bothild Å. Nordsletten