Landbruket går i gal retning, det går fort, og tilsynelatande planlaust. Målet er landbruk over heile Noreg, styrka rekruttering og auka sjølvberging. Men det er jo ikkje dit me er på veg.

Torsdag i førre veke meldte Tine at dei legg ned meieria også i Kristiansand og Tønsberg, avsluttar mjølke- og fløytetappinga ved Sola og på Frya, og reduserer drifta i Lom og Skjåk. 100 årsverk skal vekk. Grunnen? Folk drikk mindre mjølk. Trass i fleire nordmenn, er mjølkesalet ned 40 prosent dei siste ti åra. Tine har stor overkapasitet ved fleire av anlegga sine. Importen aukar og konkurransen er hard.

Målet med Tine sine dramatiske grep? Å sikra konkurransekraft og rigga selskapet for framtida. Ei kvar ansvarleg bedrift gjer det same. Og dersom utviklinga held fram, er Kristiansand og Tønsberg neppe dei siste meieria som må stengja dørene.

Mjølkekua er både dronning i Tine og navet i norsk jordbruk. Noko fullgodt alternativ til matproduksjonen og verdiskapinga som står og fell med henne, har me ikkje ennå. Turbulensen i Tine føyer seg såleis inn i rekka av varskurapportar og utviklingstrekk som bør leia til eit ennå større alvor i ein ennå breiare debatt om framtida til norsk matproduksjon. Her kan også nemnast Nortura sine utfordringar med fulle lager samt ønsket til fleire politikarar og entreprenørar på Jæren om nedbygging av jordbruksjord til datalagringssenter.

Ikkje før hadde Tine skapt overskrifter, så la Riksrevisjonen fram si undersøking av matsikkerheita og beredskapen på landbruksområdet. Konklusjonane er sterk kost for eit land på marginen av kor volumproduksjon av mat er mogleg, og som avheng av ei uroleg verd for 60 prosent av den føretrekte føda.

Ifølgje Riksrevisjonen er me ikkje førebudde. Styresmaktene tar ikkje omsyn nok til at alvorlege kriser kan påverka matsikkerheita. Me forvaltar ikkje jordbruksjorda godt nok. Mykje matjord blir bygd ned, for lite areal blir drenert og store område går ut av drift.

Noreg kan likevel bli meir sjølvforsynt, skriv Riksrevisjonen, men konkluderer at: «Det er ingen holdepunkter for at en ren videreføring av dagens innretning av virkemiddelapparatet vil føre til økt produksjon.»

Tine må rigga seg for framtida, på den måten dei ser best. Slik også Nortura og alle andre landbruks- og næringsmiddelaktørar må det. Slik heile samfunnet må det.

Og spørsmåla me må stilla oss nå er: Kva framtid vil me eigentleg ha? Korleis kjem me oss dit? Og kva vil me eigentleg med norsk matproduksjon?  

Bothild Å. Nordsletten