Ingen kan klandra mjølkebonden om han i desse dagar kjenner sterk uro over utviklinga i Tine. Nyleg vart det kjent at resultatet til samvirket gjekk ned med 30 prosent i andre tertial i år, samanlikna med same periode i fjor. Marknadsposisjonen på søtmjølk er framleis sterk, på 71 prosent. Men medan Q og Rørosmeieriet aukar, går salet til Tine ned.

Det skulle knapt vere mogleg, men sjølv med merkevara «kanskje verdas beste mjølk», tykkjest hjørnesteinsføretaket å vera på djupt vatn.

Årsaken til utviklinga er ein kombinasjon av faktorar som Tine både rår og ikkje rår over. Uansett er dette noko samvirket har vore, og framleis vil vera nøydd til å forhalda seg til.

Avgjerda om å avvikla eksportstøtta heng på WTO og Stortinget, ikkje på Tine. Tine er heller ikkje skuld i auka import, eller at folk drikk mindre mjølk. Men det må vera lov å spørja om samvirkegiganten har gjort det som var mogleg for å styrka konkurransekrafta til norsk mjølk. Irlandsatsinga er omdiskutert. Eit nytt meieri til 750 millionar kroner skal produsere den erkenorske Jarlsbergosten – på irsk mjølk. Korleis skal det tene norske mjølkebønder?

Tine skal prioritera dei store varegruppene, satse på auka eksport, og varslar redusert vareutval her heime. Selskapet skal skapa vekst og kutta kostnadar samstundes, for å styrka konkurransekrafta og auka innteninga. Kva tyder det i praksis? I første omgang er det varsla kutt av 400 årsverk og innsparingar på éin milliard. Kva blir det neste? Færre meieri, lengre transport og auka press på eigarane kan bli moglege utfall.

Ingen skal påstå at det er lett å henga med i svingane når marknadsforhold og politiske rammer skiftar. Ansvaret som marknadsregulator gjer ikkje jobben lettare. Mange bønder vil også vera samde i at iallfall nokre av tiltaka til Tine er naudsynte for å tilpassa seg endra forbrukartrendar og auka konkurranse.

Spørsmåla melder seg likevel: I 2015 fekk eksportstøtta ein sluttdato. Kunne samvirket ha gjort noko annleis i åra etterpå? Tine har sterk integritet som folkekjær marknadsleiar – kunne selskapet vist meir musklar når politikarane opnar for auka import? Var prosessen rundt Irlandsatsinga grundig nok? Kan eigarane stole på at konsernstyret alltid veit best?

Med førsteklasses produkt, generasjonar med erfaring, og dyktige tilsette i alle ledd, er det også grunn til å spørje om innovasjonen og produktutviklinga kunne vore betre. Å spå om framtida er få forunnt, og det er lett å vere etterpåklok. Men me veit at utanlandske forbrukartrendar også når Ola og Kari på eit tidspunkt. Har konsernet god nok kunnskap om-, og dialog med, forbrukarane og sine eigne eigarar?

Skal samvirke koma styrkt ut av uføret, trengst ein grundig debatt om vegvala som har ført oss hit, og om vegen vidare. Me treng ein debatt med takhøgd for kritiske og vanskelege spørsmål og motførestillingar. Å surmula på bygda er ein dårleg strategi. Det same er det å gambla på at andre snakkar di sak. Eit sterkt samvirke avheng av engasjerte bønder på grasrota – og eit styre som evnar å lytta.

Bothild Å. Nordsletten