image description


Vi snakkar om førsteslåtten som på dei tidlegaste stadane er i full gang, når denne Bondevennen kjem ut. Det som var familiedugnad og nabosamarbeid og som varte over veker, blir med ny teknologi gjort unna på timar eller i verste fall dagar. Ny teknologi for grashandtering har vore ein føresetnad for den strukturutviklinga vi har hatt etter tusenårsskiftet.


På store bruk er det butterfly slåmaskin som tek ei bredde på 9 meter i draget, sjølvgåande snittar, avskyvarvogn og lagring i plansilo som gjeld. Innhaustingskapasiteten ligg gjerne på 60-80 dekar i timen. Andre har gjerne valt eit hausteregime basert på rundballar. Mange leiger entreprenørar til å ta delar av eller heile slåtten.


Standardopplegget frå 1970 og 1980 åra med fôrhaustar og lagring i tårnsilo er framleis i bruk, men i mindre og mindre grad. I denne utgåva av Bondevennen presenterer vi litt av Stavanger Aftenblad si utstilling om livet som bonde på Hamrabø i Suldal.
– Førsteslåtten tek frå ei til tre veker, alt etter vêret, fortel Sveinung Havrevoll.
I andre enden av skalaen finn vi det utstyret som blei presentert på FKRA sin Grasdemo i Klepp, som du også kan lesa meir om i bladet.


Grovfôr av god kvalitet er nøkkelen til god økonomi og god helsestatus på dyra. Vi registrerer at både rådgjevar og bonde legg meir og meir vekt på å dyrke grovfôr av rett kvalitet, alt etter kva fôret skal nyttast til. Det er snakk om å telja døgngrader, registrere fôreiningar per kilo tørrstoff, fiberinnhald og ikkje minst optimal tørrstoffverdi.
– Og ein må nytte ensileringsmiddel for å ta vare på sukkeret og unngå feil gjeringsprosess, fortel rådgjevarane i NLR.
Snart blir det like naturleg å dokumentere kvalitetskrav til grovfôret som til kraftfôret.
– Det er umogeleg å velje rett kraftfôrkvalitet, utan å ha dokumentasjon på grovfôrkvaliteten, høyrer vi frå Tinerådgjeverar og kraftfôrkonsulentar.


Det ligg utruleg mykje kunnskap og arbeid bak et vellukka resultat. Frå gjødselspreiing og jordarbeiding til val av haustemetode er det heile tida snakk om å spela på lag med naturen. Vêret er den usikre faktoren. Ulikt jordsmonn, topografi og høgde over havet gjer at nokre er meir sårbare enn andre. Her ligg litt mykje av årsaka til at slåtten på Hamrabø kan gå over tre veker, medan det er meir snakk om timar enn dagar på lettdrivne bruk. Differensieringa av dei økonomiske verkemidla kompenserer neppe for ulikskapane under ulike driftstilhøve.


Lange dagar og hardt arbeid kan utfordre merksemda omkring helse, miljø og sikkerheit. La ikkje fokuset på effektivitet og kvalitet gå på helsa laus. Det er ingen katastrofe om timar blir til dagar.




Eirik Stople