Historia om norsk mjølkenæring nærmar seg vonleg eit vendepunkt. Hittil har tusentals lagt ned produksjonen. Få tvilar på prognosane som seier at fleire vil følgja etter. Det er liksom berre den vegen det går.

Så skjer det noko. Tine manglar 15 millionar liter mjølk. Og mot normalt har ikkje bøndene hoppa på auken i forholdstalet. I tillegg er tørke, regn og vedvarande dårleg lønsemd den alvorlegaste forklaringa.

15 millionar mjølkeliter i minus er ikkje krise. Krise er det heller ikkje når Tine mellombels må miksa tysk mjølkepulver i yoghurten.

Derimot er manko og mjølkeimport akutte symptom på at næringa er i ferd med å knela. Næringa som med rette blir kalla ryggrada i landbruket. Og det før almanakken viser 2034 og krav til lausdrift.

Alvorleg er det også når over 200 jærske storproduserande mjølkebønder samlast til møte om ein literpris så låg at fleire ikkje ser korleis hjula skal gå rundt. Somme har fått den kreditten banken vil gi. For nokre byrjar kraftfôrgjelda bli uoverkomeleg høg.

Likeeins er også teikna til slitasje i tilliten til Tine-leiinga alvorlege. Fleire eigarar har sett seg nøydde til å gå på akkord med eigen lojalitet, og kritisert samvirket i media. Dei opplevde ikkje å bli høyrt då dei varskua om mjølkemangel internt i fjor.

Dagens mjølkepolitikk- og pris fungerer openbert ikkje. Den siste tida er då også mange framlegg til ein veg ut or uføret lagt på bordet: Ein statleg og uhilda marknadsregulator. Fjerning av mjølka frå WTO sin gule boks og frå målprissystemet. Eit eige beredskapstilskot. Direkte subsidiar til næringsmiddelindustrien. Subsidiering av mjølkeprisen i butikk. Meir midlar over statsbudsjettet.
Sist, men ikkje minst, eit stadig tydelegare krav frå båe bondeorganisasjonane om tre kroner meir per liter.

Ingen påstår det er lett. Såpass mykje står nå likevel på spel at alle gode krefter ikkje har noko anna val enn snarast å finna ein veg fram. Det er verdt å minnast kva det inneber når me kallar mjølkenæringa ei «ryggrad»: Mat og sjølvberging. God utnytting av dei 97 prosenta av landet som ikkje er dyrka mark. Verdiskaping i bygd og by. Samfunnsberedskap – og samfunnskritisk kompetanse. Med andre ord: Mjølkenæringa gir så mykje av den meininga så mange i vår tid er på leit etter.

Bondevennen kjenner til bønder som ikkje veit om dei klarar å halda drifta gåande til sommaren. Dei og odelsungane deira treng framsynt politikk og betre økonomi.
Om tre kroner er det som skal til for å gi norsk mjølk ei trygg framtid – skal me lata vera å prøva?

Bothild Å. Nordsletten