ETTER AT MARKNADSORDNINGA for slaktekylling vart historie 1. januar 2007, har kvitt kjøt vore fritt vilt. Det fins ikkje mottaksplikt, og all regulering av produksjonen går føre seg gjennom leveringskontraktar mellom slaktekyllingprodusentane og i all hovudsak dei tre jamstore mottakarane her til lands, Nortura, Norsk Kylling og Den Stolte Hane (DSH). Kylling har blitt svært mykje meir enn den halve og tørre, frityrgrilla varianten ein kunne finna på samvirkelaget eller i pølsebua på 1970-talet. I dag utgjer kylling ein viktig del av den norske totalmarknaden på kjøt. Veksten har vore formidabel, og den norske forbrukaren har kunna gassa seg med sunn og billeg mat.

DET SOM SKJER, før pakningane med kylling i dei ulike variantane ligg føreskriftsmessig nedkjølt i butikkhyllene, er det ikkje så mange som tenker på, eller bekymrar seg over. Det er slik det skal og bør vera. Det viktigaste er at tilliten til forbrukarane langt på veg er retta opp etter misvisande medieoppslag i 2014, som skapte eit inntrykk av at ein ville bli smitta av antibiotikaresistente bakteriar om ein steikte kyllingfiletar til middag. Seinare kom debatten om bruken av det koksidioseførebyggande fôrtilsetjingsstoffet narasin i kraftfôret. Også denne kjelda til spekulasjonar og uro blant forbrukarane er rydda av vegen.
No kan slaktekyllingprodusentane gle seg over at produksjonen av slaktekylling er oppe på nivået før nedturen, og vel så det. Her i sørvest har det poppa opp mange titals nye kyllinghus dei siste åra. Marknaden har vore tilsynelatande umetteleg og prisane har vore meir enn gode nok til å få bønder med ledig tid, kapasitet og gunstig avstand til fellesslakteriet i Kviamarka i Hå, til å signera kontrakt med bank, entreprenør og Nortura eller Den Stolte Hane.
Frå første januar 2015 vart konsesjonen dobla, frå 140.000 til 280.000 slaktekyllingar. Den svært omstridde konsesjonsauken har motivert mange produsentar til å bygga på eller bygga eit kyllinghus nummer to på garden. Samstundes registrerer vi at marknadsaktørane posisjonerer seg i høve til avtalar med butikkjedene. Det har ført til at kring 40 Norturaprodusentar i sørvest melde overgang til DSH i 2016, medan Nortura har hatt si hovudsatsing på Hærland.

MED DEI FRIE marknadskreftene til stades, kan slaktekyllingprodusentane kjenna seg som små brikker i eit spel dei ikkje rår over. Slik det er i dag har Nortura overkapasitet, medan DSH treng fleire produsentar og kjører på med eit intervall mellom innsetta som er på grensa til kva ein berekraftig produksjon i eit smittepressutsett område kan tola.
I førre nummer av Bondevennen gjekk leiaren av produsentlaget for Den Stolte Hane ut og fortalte om uro knytt til at verksemda han leverer til har kjørt ein annonsekampanje i Jærbladet med sikte på å få etablert fleire kyllinghus for å stetta behovet. Dette skjer samstundes med at Nortura, som nett no kjører med redusert kapasitet hjå sine produsentar i sørvest, signaliserer at dei ikkje har fleire produsentar å avsjå til DSH, men at dei kan auka opp industrisalet av kyllingar etter at den gjeldande leveringskontrakten går ut neste årsskifte.

KYLLINGMARKNADEN er komplisert, med mange interesser og eigarkonstellasjonar som skal ha sin del av fileten. Vi er ikkje ein gong i nærleiken av å presentera det fulle biletet kring marknaden for norsk slaktekylling, men vi veit at slaktekyllingprodusentane fryktar dei økonomiske konsekvensane av overkapasitet. Det skal ikkje meir til enn ein litt høgare rentesats, ei marginal auke i kraftfôrprisen og ein marknad overmett av kylling, før særleg dei med dei nyaste kyllinghusa kjem i trøbbel.
I staden for nye kyllinghus er samhandling mellom råvaremottakarane, der det er mogleg og lovleg, vegen å gå for å jamna ubalansen i marknaden og trygga botnlina hjå produsentane.

Sjur Håland