image description

 

 

Det er tid for årsmøte, ofte med tilhøyrande heidring av personar og lag. På årsmøtet for Tine region Sør blei det delt ut 20-årsplakettar for samanhengande å ha levert elitemjølk i 20 av 22 år. Heile 22 brukarpar/brukarar fekk denne gjeve prisen. Det er ein stor prestasjon som det står respekt av.

I fotballen er det meir stas å vinna serien enn cupen. Då fotballklubben Rosenborg FK vann seriegullet 13 år samanhengande med same trenar, blei Nils Arne Eggen geniforklara.
Kva var nøkkelen til suksessen?
– Samhandling og evne til å gjera kvarandre gode, var to av Eggen sine mange postulat.
– Og det du er god på, må du trene meir på for å bli endå betre, sa Eggen. Vinnarkultur oppstår ikkje tilfeldig. Det ligg mykje arbeid, kunnskap, stå på evne og ein medviten strategi bak suksess. Å vinne 20-årsplaketten er som å vinne serien 20 gonger. Mjølkeprodusenten beviser at han/ho beherskar kvalitetsproduksjon over tid. Det har ingenting med flaks å gjera når ein produserer elitemjølk 20 år samanhengande.

I ein biologisk produksjon kan alt gå galt. Korleis kan ein ha kontroll på celletal, bakteriar, sporar og frie feittsyrer? Måleindikatorar med komplekse årsaksforhold. Først når ein veit kva som påverkar kva, er ein i stand til å trykka på dei rette knappane og styra produksjonen i den retninga ein vil. Innfløkt kunnskap som bygger på erfaring og nøye observasjon og som ein treng år for å tileigna seg.
Spør vi plakettvinnarane kva som kjenneteiknar drifta får vi truleg ikkje ei oppskrift med store ord og fakter. Men faktum er at Tine studerer ”vinnarbesetningar”. Også det ei kompleks greie, men tre forhold trer ofte fram. Drifta er prega av:

  • Gode rutinar
  • Evne til å handtera utfordringane før dei får utvikle seg til eit problem
  • Ein aksepterer ikkje at unntakstilstanden, eller det vi kallar brannslukking, pregar kvardagen.

Vi er veldig klar over at det blir utført utruleg mykje god agronomi og husdyrstell også hjå dei produsentane som ikkje var i plakett-gruppa, ja, i alle typar produksjonar. Å snakka opp nokre, betyr ikkje å snakka ned andre.

Vi trur at postulatet til Nils Arne Eggen, om samhandling og evne til å gjera kvarandre gode, også gjeld for landbruket. Utallege studie- og erfaringsgrupper viser det. Og ikkje minst handlar samhandling om inspirasjon. Å bli seg sjølv nok er ikkje vegen til framgang. Godt og inspirerande fagmiljø kan ikkje overvurderast.

 

Eirik Stople