Medan salet av mjølk og andre meieriprodukt går på korona-høggir, går det føre seg ein oppheita debatt om kvoteordninga, altså om grunnlaget for den vidare norske mjølkeproduksjonen. I førre veke kom Norges Bondelag med framlegg til tiltak for å auka talet på bønder som eig kvota si og for å redusera kvoteprisane. Reaksjonane frå eit engasjert mjølkemiljø varierer mellom høglydt vonbrot og avventande optimisme.

Bondelaget føreslår mellom anna eit regelverk som skil mellom kvote i samdrift og kvoteleige. Dei føreslår også ei avgrensing på ti år for kor lenge ein kvote kan vera leigd ut eller leggjast sovande. Som eit tiltak for å få ned kvoteprisen blir det gjort framlegg om at kvotetaket for ku- og geitemjølk blir senka. Kor mykje vil Bondelaget ikkje talfesta.

Bakgrunnen for ønsket om endring er uroa over ein mjølkekvotemarknad der prisane er tredobla dei siste åra. Årsakene er fleire. I 2014 dobla regjeringa kvotetaket for enkeltbruk til 900.000 liter. Satsane vart flata ut og fleire tilskotstak fjerna eller heva. Mange vart freista til å auke produksjonen. I same periode har stadig fleire mindre bruk investert i nytt fjøs – og meir eller mindre frivillig blitt kasta ut i kvotesirkuset. Undervegs har fleire hundre bruk stengt dørene. Rundt 40 prosent av kvotane blir anten leigd ut, eller er i samdrift. Det gir grunn til uro. Konsekvensen er at det årleg går om lag éin milliard kroner ut av næringa, frå aktive mjølkeprodusentar til såkalla passive.

Bondelaget si målsetting er å få eit kvotesystem som i større grad tek vare på aktive mjølkeprodusentar og reduserer kvotekostnadane. Dette er, som Bondelaget understrekar på eiga heimeside, viktige forhold for den framtidige mjølkeproduksjonen landet rundt, og for marknadsbalanseringa.

Spørsmålet mange stiller seg, er om dei ni punkta er det som skal til for å lukkast.

Mange gler seg nok over forslaget om lågare kvotetak, i håp om ein dag å kunna helsa nye naboar og kollegaer velkomne. Samstundes fell det nok mange tungt for brystet at Bondelaget ikkje tek tak i det mange opplever som fundamentalt gale – at retten til å produsera mjølk er noko som kan kjøpast for pengar.

Debatten som går no er nok for dei spesielt interesserte, men er viktig langt utanfor mjølkebøndene sine rekker. Mjølkekua blir gjerne kalla navet i det norske jordbruket. Måten me regulerer produksjonen og omsettinga av mjølka på, har mykje å seia for korleis landet skal sjå ut, for korleis me utnyttar ressursane våre og for rekrutteringa til næringa.

Vonleg vil vårens jordbruksoppgjer gi avklaringar for vegen vidare. Den raske avgangen frå mjølkenæringa, og strukturrasjonaliseringa blant dei som er att, gjer at det hastar. Dette alvoret må gå hand i hand med gleda me no opplever over å kunne produsere for fulle muggar til ein tørst marknad.

Bothild Å. Nordsletten