image description

 

Den er her med heile sitt spekter av gjeremål – våren. Gjødsla skal ut og alt skal bli klart til beitesesong og fôrproduksjon. Ikkje minst kjem lamminga som eit viktig innslag i vårvinna. Ein kan nærast sjå lammetåka tjukk og kvit over sauebruka. Bøndene går inn i ein av dei store arbeidstoppane i året, og sauehuset blir forvandla til fødestove og småbarnsavdeling. Medan traktorane går att og fram i eitt sett. For utanforståande kan landbruket sjå ut som ei stor maurtue når våren er i anmarsj.

Å vere bonde inneber å arbeide tett på ytterpunkta i livet, nemleg krafta av nytt liv og døden. Rytmen i arbeidet er fastsett av naturen, ikkje klokka. Sauebonden vandrar kvilelaust rundt i sauehuset med dette eine målet for auge: Stable flest mogleg lam på beina. Svevn og andre gjeremål blir sett til side, lønnsemd kjem som kjend av lite svinn. Likevel er nok motivasjonen til han og ho som karrar seg ut i fjøset i dei små timar på eit større plan enn berre kroner og øre. Når ferske liv står på spel kan svevnen vente litt.

Det er noko spesielt med den vakre tida me er inne i no. Det skulle vore mogleg å la filmen rulle i sakte kino, og verkeleg nyte augneblinken. Ja, no er det faktisk mogleg å gjere akkurat det. Media følgjer nemleg lamminga minutt for minutt med kameralinse og mikrofon. Det er ikkje berre bøndene som sett pris på yrande liv.
Naturen har vore i vinterdvale, og på ny vaknar alt til liv. Underet kan aldri bli noko mindre enn utruleg og fantastisk. Det er med rette lamminga blir skildra som vårens vakraste eventyr.

Menneska er ofte på jakt etter ei meining i livet. Som bonde er det nok av meiningsfulle og viktige oppgåver å ta fatt i. I botnen for arbeidet ligg viktig kunnskap og val når det gjeld avl og genetikk, erfaringar og forsking innan gjødsling og jordarbeiding og ikkje minst ein bonde med ansvaret for det heile. Våren ber også med seg jordbruksoppgjer og heite diskusjonar om føringane for politikken. Det finst nok å bruke kreftene på for den engasjerte bonden.

Me helsar våren velkommen, og ynskjer lukke til i travle stunder. Det er landbrukets maurtue som fører maten til folket.

Jofrid Åsland