Det nye året har starta slik det meste av fjoråret var. Dermed sit me framleis stand by på kvar vår tuve. Enkelte har det heilt greitt. Andre lengtar desperat etter normale tider med mellom anna alle dei fysiske møteplassane i det store, vesle landbruksnettverket.

Nyleg skulle to tradisjonelle høgdepunkt, Varhaugmøtet og Sørlandssamlinga, vore gjennomført. I staden for fullstappa idrettshallar og hotellmøterom med tunge diskusjonar og lett passiar i kaffipausane, er det dei nettbaserte reserveløysinga som driv organisasjonslivet, fagmøta og dei landbrukspolitiske debattane vidare.

Reserveløysinga fungerer på eitt vis. Sjølv om me ser skjeggstubbar, uroleg frisyre og kjøkkenbenk-bakgrunn på skjermen, gjer Teams eller Skype det mogleg å logga seg på eit fagmøte. Også styremøte eller årsmøte i landbruksorganisasjonane lar seg på haltande vis gjennomføre med reserveløysinga.

Nå byrjar det å bli nok, men det går med eit naudskrik nokre månadar til. Kva me mister undervegs, er det berre den koronafrie framtida som kan seia noko om. Det me veit er at også bønder er sosiale vesen. Me er vanedyr. Bak datamaskinen i skinnstolen etter stelletid er det lett å dovna av og bli passiv. Mangelen på dei fysiske sosiale møtepunkta gjer noko med oss alle.

Det vil gå fleire år før me får greie på om koronapandemien har gjort skade på dagens landbruksmodell. Nokre vil kanskje hevda at me nå dreg det for langt. Men om faglaga kjem svekka ut av viruståka, kan me på lengre sikt i verste fall risikera at framtidas rammevilkår bli fastsett utan Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag til stades rundt forhandlingsbordet.

Mindre liv i organisasjonane lokalt kan føra til mindre kraft i dei komande bataljane mellom jordbruket og makta sentralt. Kall det gjerne svartmaling, men om så skulle skje, kan Hovudavtalen for jordbruket frå 1950 bli vraka fram i tid. Avtalen inneber at jordbruket sine faglag saman med staten kvart år skal forhandla fram ein næringsavtale gjennom jordbruksforhandlingar. Stor oppslutnad om faglaga har gitt bøndene tyngde i forhandlingane. Avtalen er unik i global samanheng. Korleis det norske landbruket hadde sett ut i dag utan meir enn 70 år med jordbruksforhandlingar, veit ingen. Det me veit er at jordbruket har hatt ei hand på rattet med moglegheit til å påverka eigne rammevilkår og framtid saman med styresmaktene.

Mykje står på spel. Å reetablera møteaktivitet og engasjementet etter at viruset er knekt, handlar om samling og samhandling. Inntekt, rammevilkår og framtid. I tillegg er fysisk samhandling helsefremjande. Det er som i fjøset. Me treng å vera i lag med flokken vår.

Det er berre å kryssa fingrane og vona at det ikkje er så lenge før me kan møta opp i staden for å logga inn.

Sjur Håland