image description

Ti mål, hundre utstillarar, fredagspub og laurdagskveld med festmiddag og underhaldning. Fagsamlingar og uformelle møte. Historias fjerde Agrovisjon går av stabelen neste helg. Utstillinga blir rekordstor, og det er, med landbrukets beste i tankane, lov å håpe på at arrangørane også kan notere rekord i tal besøkjande når arrangementet Agrovisjon 2013 stenger dørene søndag 13. oktober.

Det er freistande å bevege seg over moraliseringsgrensa og peike på at no bør alle stille opp og slå ring om arrangementet. For Agrovisjon er meir enn ei kommersiell salsmesse. Arrangementet i Stavanger Forum er meir enn ein kjekk møteplass mellom bønder med ein kaffikopp og ein pølsesnabb ein haustleg ettermiddag mellom fjøsøktene. Siste nytt innan traktorførarkomfort og avansert hydraulikk-teknologi er eit besøk verd i seg sjølv. Det same gjeld høvet til ein god prat med din organisasjon eller forretningsforbindelse. Men Agrovisjon fortener full tilslutnad – også av andre grunnar.

Landbrukskonferansen på opningsdagen set standarden. Tema er «Med framtid i landbruket» – Det er ikkje eit spørsmål, men ei stadfesting av eit faktum, fastslår leiaren i hovudstyret for Agrovisjon, bonde Olav Røysland.

Full fart framover med friskt mot og framtidstru har vore ein av styrkane til bonden på Sør-Vestlandet opp gjennom generasjonane. Ein annan styrke er eit tett nettverk med kollegar og eit sterkt, profesjonelt fagmiljø. Utviklinga dei siste tjue åra med samdriftsetableringar, økonomisk stagnasjon, færre aktive bruk og færre bønder, har sett det aktive fagmiljøet under press.

Midt oppi det, som mange opplever som ei ikkje alt for positiv utvikling, og midt i det geografiske senteret for oljebasert verdiskaping, løns- og kostnadsvekst, har aktørane bak Agrovisjon greidd å mobilisere landbruksnæringa til ei ny kvalitetssamling. Det er ikkje sjølvsagt. Det er imponerande.

Når Agrovisjon opnar dørene i Stavanger Forum 11. oktober, er det som resultat av landbruks-Norge på sitt beste. Samarbeid og dugnad mellom leverandørar og tenesteytarar. Mellom bønder og deira organisasjonar. Mellom samvirkeverksemdene og deira private konkurrentar.

Agrovisjon er for profesjonelle bønder – og for folk flest. Den positive merksemda som arrangementet vil få, er også gull verdt. Ikkje minst i ei tid der behovet for folkeopplysning om kva norsk landbruk betyr i høve til verdiskaping og matforsyning er større og viktigare enn nokon gong.

Vi sluttar oss til arrangørane av Agrovisjon 2013 og håpar på fullt trøkk og stor tilslutnad av landbruksvener frå heile landet. Norsk landbruk har ei framtid. Det er ei messe verdt.

Sjur Håland