Sei di meining om Bondevennen!
I år rundar me 125 stolte år som formidlar av fagleg påfyll, og som røktar av den sørvestlandske bonde- og bygdekulturen.
Å formidla om føresetnadane for matproduksjon er kanskje viktigare enn nokon sinne. Og Bondevennen gjer seg høyrd på stadig nye arenaer, no sist med ein populær podcast-serie.
Samstundes gjer ein tøff mediekvardag, med auka kostnadar og færre bønder til å abonnera på bladet, at også Bondevennen må områ seg. Eigarane våre, FKRA, Tine og Nortura, har tøffe tider og må kutta kostnadar. Det får konsekvensar også for bladet vårt.
Me i Bondevennen-redaksjonen er takksame for dei mange begeistra tilbakemeldingane me får frå dykk, (me set også pris på dei kritiske!). Og me ønskjer heile vegen å bli betre, og å tilpassa bladet til dine preferansar.
For å få til det, treng me å vita meir om kva du meiner om oss. Kva bør me gjera for at du abonnerer også om fem år? Bør me bli heildigitale? Kva artiklar vil du ha mindre- eller meir av?
Har du fem minutt til overs? Me håpar du vil ta deg tida til å svara på spørsmåla på dei neste sidene eller på nett. Undersøkinga er anonym. På førehand takk for at du bidreg til å forma vegen fram for Bondevennen!
Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, redaktør
Frist for å delta er 4. juni.
Tusen takk for at du tar deg tida til å svara oss!