Oversikt over tidlegare blad – 2013

 Bv01_forside

Bondevennen 1/2 – 11. januar

I Bondevennen denne veka får du lese om familien Flesjå som driv med ku, slaktekylling og sau på garden på Finnøy i Ryfylke. Tre generasjonar er engasjerte i den omfattande drifta. I Ørsdalen i Bjerkreim driv Jon Arvid Vassbø og Randi Strømstad produksjon av geitemjølk med ein årleg kvote på 175 000 liter, og i tillegg har dei 200 vinterfôra sauer.
Fagartiklane byr på betre kunnskap om grovfôr til hest.
Du får ei innføring i kva fôret bør innehalde og korleis du sikrar optimal kvalitet på grovfôret. Vekas artikkel handlar om lønsemda i grøfting, Kostnadane bør målast mot høgare avling, betra driftsmessige forhold og auka fleksibilitet i bruken av jorda.
Nytt år byr på nye kronikørar, men Kari Marie Njåstad takka ja til å føre pennen ein periode til. Denne gongen reflekterer ho over det aukande folketalet og den vedtekne aukinga av matproduksjonen i Norge.

 Bv_03.indd

Bondevennen 3 – 18. januar

Fjernsynsdokumentaren om matindustrien i USA som vart sendt på NRK rett over nyttår, har fått mange til å reagere sterkt. – Filmen burde vera obligatorisk for den politiske makta i samfunnet, og er eit nyttig korrektiv i tenkinga om framtidas norske landbruks­politikk, matindustri og kjedemakt, skriv Bondevennen sin redaktør på leiarplassen.
Gardsreportasjane gir eit bilete av mangfaldet innan landbruket. Else og Kjell Andreas Heskestad driv godt og tradisjonelt med mjølkeku og fullt påsett. I tillegg produserer dei saman med sju naboar lønsame kilowattimar til folket.
På Røyrvik Gard består kvardagen av godlydar frå glade barnehageungar som får nærkontakt med natur og dyr. Unni Orstad Johnsen og Mikael Johnsen driv gardsbarnehage på Foss-Eikeland.
I Bv-rampen har Anna Henriette V. Eikje tankar om den føreståande møtesesongen. Om stortingsvalet til hausten skriv ho følgjande: – Valet i år er så viktig at det er bare så vidt eg vågar å stemma!

 Bv04_forside

Bondevennen 4 – 25. januar

I dette nummeret av Bondevennen gjer Karin Refstad Spanne, rådgjevar i Tine, deg konkrete råd for korleis du kan redusera celletalet i mjølka og halde det under den magiske grensa. Arne Sæbø, Bioforsk Vest, drøftar om det er praktisk mogleg å produsera frukttrær av høg kvalitet i Norge.
Vekas gardsreportasjar er frå både Lindesnes og Særheim. Terje Thorsen og Albert Gundersen driv Audna Samdrift i Lindesnes kommune. Dei har satsa på kryssing av Tysk Holstein og Brown Swiss, og har funnet den fôringsstrategien som fungerer for dei. På Avls- og seminavdelinga i Norsk Sau og Geit på Særheim i Klepp kommune har dei aukende sal av avlsmateriell.
Olav Magne Tonstad skal over nokre artiklar orientera om ulike delar av naturmangfaldlova, med hovudfokus på dei sidene ved lova som særleg angår bønder og grunneigarar.
I dette nummeret får du fyrste del.
Alt dette, og mykje meir!

 Bv05_forside

Bondevennen 5 – 1. februar

I vekas blad får du eit varierande innhald! I reportasjane kan du lesa dei tamme villsauene til Gro og Jens-Helge Kjos-Hanssen på Eigerøy i Eigersund. På Mygland i Kvinesdal er fem grunneigarar gått saman og investert i eit nytt kraftverk.
For fyrste gong høyrer me frå fylkesleiar i Aust-Agder Bondelag, Erik Fløystad, i Bv-rampen. Han skriv om marknadsreguleringa.
Vekas aktuelle innhald gir deg noko å lese på frå både møte om mjølk og møte om poteter, i tillegg til eit intervju med Tine-direktørane Kjetil Thu og Anne Siri Høiland.
Vekas faglege innhald handlar om både grøfting, jordbruksfrådrag og miljøavtalar.

 Bv06_forside

Bondevennen 6 – 8. februar

Bøndene investerer, men er ikkje som investorar flest.
– Krava til inntening er annleis innan landbruket enn i næringslivet elles, slår bankane fast. – Slik bør det ikkje vere, seier Bondevennen. På Varhaug møttest nyleg sentrale politikarar og bønder til debatt. Bondevennen refererer og kommenterer møtet i vekas ferske utgåve.
– Samvirkemodellen er like viktig framover som han har vore tidlegare, meiner førsteamanuensis Per Ingvar Olsen. Han var saman med Arnstein Røyneberg innleiar på Samvirke- møtet på Helleland.
Norsk landbruk byr på stort mangfald, noko denne vekas gardsreportasjar speglar. Vi har besøkt Mjåland Gard i Marnardal som tilbyr arbeidstrening for menneske med psykiske lidingar. Eit godt stykke lenger nord, nærare bestemt i Bergen, driv Sveinung Skeide, svært så bynært, med mjølkeproduksjon.
Lemminga nærmar seg. Leser du fagartikkelen får du siste nytt saman med praktiske råd frå Nortura før den viktige og hektiske sesongen.

 Bv07_forside

Bondevennen 7 – 15. februar

I Lauvsnes Gartneri på Finnøy, freistar Jan Terje Vignes med herlige tomatar heile året. Dette er bare ein liten del av den totale, aukande andelen vintertomatar her til lands. I Time kommune på Jæren har Kristian Vinningland hatt gode erfaringar med sitt Folkefjøs, som han meir enn gjerne deler med fleire. På tre år er han nær gjeldfri etter investeringane.
Bondevennen var tilstades på årets store fagkongress for storfeløft: Storfe2013. Telenor Arena på Fornebu tok i mot 800 deltakarar, og her kan du lese kva Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum og Bondelagsleiar Nils T. Bjørke sa til forsamlinga.
Karl Vie frå Nortura har studert tala til Tinebøndene på Vestlandet. Slaktevekt og tilvekst er sentrale nøkkelord når han viser til korleis det økonomiske resultatet kan hevjast.
Siste artikkel i temaserien om grøfting og drenering les du i dette nummeret.

 Bv08_forside

Bondevennen 8 – 22. februar

Landbruksdirektør Hadle Nevøy og assisterande landbrukssjef Anfinn Rosnes, hjå Fylkesmannen i Rogaland, gir ein analyse av landbruket i Rogaland og Fylkesmannen si rolle som pådrivar for næringsutvikling og som forvaltarar av økonomiske og juridiske verkemiddel.
Jørn Hafslund takkar nei til rolege og føreseielege dagar.
På Ostegarden ved Fanafjorden går det kvar veke 800 liter mjølk til å produsera ost. Ingebjørg og Søren Hodne i Hornnes kan òg skryte på seg ein aktiv og variert kvardag. Økologisk mjølk, utleigelokale på låven, besøk av barnehagar, skuleklassar, organisasjonar og lag, og bedrifter vitjar garden jamleg.
Bondelaga i Dalane inviterte til debatt om bonden si inntekt. Svenn Arne Lie, Jostein Røysland og Brita Skallerud haldt innlegg under møtet på samfunnshuset i Bjerkreim.
Karin Repstad Spanne, Tine, gir deg praktiske tips for korleis du kan unngå medisinrester i mjølka.

 Bv09.indd

Bondevennen 9 – 1. mars

Vekas Bondevenn kan freiste med artiklar frå både Særheimsdagane, årsmøtet til Norsvin Rogaland, opning av sauefjøs i Massivtre, og mykje meir.
Reportasjane i dette nummeret er frå både Nærbø og Hå. På Nærbø har Nils Are Hatteland både sauer, slaktegris og mjølk i Kvia samdrift. I Hå er medlemmane i Varhaug DA nøgd med ny arbeidssituasjon etter dei investerte i mjølkerobot.
Hallgeir Herikstad, regiondirektør i Mattilsynet, informerer om prioriteringane i 2013 i vekas fagartikkel. Olav Magne Tonstad fortsett sin serie om Naturmangfaldlova. Denne gong om prioriterte artar. Jens Randby frå FKRA gir rode råd om vinterspreiing av kalk.

 Bv10.indd

Bondevennen 10 – 8. mars

– Landbrukssamvirke må driva effektivt og ha konkurransekraft for å vere attraktivt for medlemmene, seier Sveinung Svebestad, styreleiar i Norsk Landbrukssamvirke. Han fortel om samvirka sine utfordringar i eit intervju i vekas blad.
Oddvar Sømme, frå Sørnes Potet- og Grønnsakspakkeri, meiner at kunstgjødsel gir meir modne poteter enn kva ein får med husdyrgjødsel. Meir om poteter på side 16.
Optimismen i pelsdyrnæringa stagnerer ikkje. Vekas fagartikkel tar føre seg nyttige råd og tips knyta til den pågåande paringssesongen og om korleis du best førebur deg og dyra dine til kvelping.
Oddvar Høiland driv gard med mjølkeproduksjon og full framfôring av eigne oksar på Båden i Nærbø. I tillegg driv Oddvar ein tynnplateverkstad på garden.
4H Rogaland feira nyleg 60 år, og det blei markert med styrevervskurs og gallamiddag.

 Bv11_forside

Bondevennen 11 – 15. mars

Midt i mars, tidleg vår, og ny Bondevennen i postkassa til deg. Det er stortingsval til hausten. Bondevennen presenterer i tida framover intervju med nokre av listetoppane frå dei ulike politiske partia. Denne veka er det Eirin Kristin Sund frå Arbeiderpartiet og Rogaland som får spalteplass.
Fritidsproblem? Ikkje for Geir Magne Gjerde frå Vikedal. Han er i full jobb utanom garden, men driv godt med slakteoksar utanom. Anne-Karin Høgemark Søyland frå Gjesdal likar også travle dagar. Ho driv blant mykje anna med utleigehytter og gardsmatbutikk.
Vekas Bv-rampen er ført i pennen av Brita Cecilie Leth Harboe. Småbarnsmora er oppteken av hennar rollar som matprodusent, samvirkemedlem og forbrukar.

 Bv12_forside

Bondevennen 12/13 – 27. mars

Det er påske, og naturen våkner til liv.
Det gjør den i alle fall hos Per Try og familien hans i Søgne. Der har settepotetene kraftige, grønne groer nå. Vi er også på besøk hos Frode Grinde i Sandane i Gloppen, som driver med ammekyr og framfôring av okser.
Våren er årsmøtetid, og Bondevennnen har vært med på samlingene i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Agder.
Ellers er vi innom problemer i samdrifter, soppgift i korn, mjølkeprosjekt, friske kalver og grønne poteter, blant annet. Kryssord og God helg bidrag til påskehyggen.

 Bv14_forside

Bondevennen 14/15 – 12. april

I vekas blad får du lese om engasjerte og dyktige bønder, organisasjonsliv, og du får fleire flotte fagartiklar. Karin Braut og Olav Røysland driv smågrisproduksjon på Voll i Klepp kommune. Utanom smågris, har dei både korn og poteter. Odd Bjarne Bjørdal frå Ørsta på Sunnmøre førebur seg til vårens lemming.
I tillegg til 190 vinterfôra sauer, har han både vedproduksjon og eit brennande engasjement for landbruket.
Hans Antonsen, 1. kandidat for Venstre i Aust- og Vest-Agder svarer på kva han og partiet ynskjer for landbruket. Større handlingsrom gir større verdiskaping, meiner han. Paneldebatten i Tysvær, med 1. kandidatane i dei ulike partia i Rogaland avslørte både politikarane sitt synspunkt, og at bønder ikkje er eit publikum til å kimse av. På årsmøtet til FKRA viste dei ei positiv utvikling.
Vekas faglege artiklar strekk seg frå vipene i jærsk natur, til fotråte blant sau, og fôring av kviger på beite.

 Bv16_forside

Bondevennen 16 – 19. april

Våronna er sein, og det er lenge til beiteslepp. Men Bondevennen er i rute med mykje lesestoff. Vi skal til Vennesla der ein bakar har knadd sin siste brøddeig. Men han held seg innan sjangeren mat. No er det mjølk og gris som gjeld. Litt lenger nord, i Vikedal, er det også husdyr på garden. Det handlar om ullproduksjon på eksotiske alpakka.
Våren kjem, men kanskje du må så i meir grasfrø enn planlagd? Råda får du i Bondevennen. Er du blant dei som gler deg spesielt over denne årstida, vil du garantert trivast med å lese Torgeir Erfjord som har skrive vekas Bv-rampen.
Norsk Landbruksrådgjeving oppdaterer deg gjennom Bondevennen. Stikkord denne gongen er blant andre grå grassvor, sauebeite, grovfôrkostnadar og gjødsling. Som vanleg får du aktueltstoff i Bondevennen – og du får litt gammalt med på kjøpet. For eksempel ein staseleg 113 år gammal driftsbygning!

 Bv17_forside

Bondevennen 17 – 26. april

Trond og Connie Austdal hadde ein draum om å driva gard. Dei tok med seg fire born, og flytta frå eit hektisk liv på Sola, til grenda Ørsdalen i Bjerkreim kommune. Dag Salomonsen, Lyngdal, har ei mjløkekvote på 50.000 liter. Kvoten er kanskje beskjeden, men to gonger i veka har han med seg ein medhjelpar; Egil.
Tine Rådgiving gir deg vekas fagartikkel, beitegras og mjølkefeitt er tema denne gong.
– Høyre har ein landbrukspolitikk som gjev rom for å tenkje nytt og satsa, seier Bent Høie, 1. kandidat for Rogaland Høyre, som svarar på Bondevennens spørsmål til politikarane i dette nummeret.

 Bv18_forside

Bondevennen 18 – 3. mai

– Det er mogleg å beskytta eigen matproduksjon, samstundes som me aukar bistanden, meiner Olaug Vervik Bollestad, Rogaland KrF sin 1. kandidat. Ho svarar på Bondevennen sine spørsmål om KrF sin
jordbrukspolitikk i dette nummeret.

Per Ståle Lillestøl, mjølke- og storfekjøtbonde frå Hornindal, råder bønder å fylle opp fjøset med stutkalvar. Han leverer årleg kring 45 okse­slakt til Nortura. Erik Willgohs vel ein annan strategi. Mjølkekvoten veks fort etter han tok over etter far sin, og han har no fleire Holstein-kyr i fjøset. I grishuset har han kombinert drift. Nøye planlegging gir gode resultat.

Vekas faglege artikkel gjer deg praktiske råd for mosjonskrav til storfe, denne gong frå Hallgeir Gravelsæter, bygningsrådgjevar i Norsk Landbruksrådgivning Rogaland.

 Bv19_forside

Bondevennen 19/20 – 15. mai

Ja til meir av det meste innan landbruket, men SV seier definitivt nei til pelsdyr. I dette nummeret av Bondevennen kan du lese kva Alf Egil Holmelid frå Vest-Agder ønskjer å prioritere om han får plass på Tinget dei neste fire åra. Vekas gardsreportasjar handlar om grønsaksdyrking på friland på Jæren – og det handlar om nyinvestering til mjølkeproduksjon i Lund. I fagartikkelen oppmodar Arvid Søyland produsentane til å redusere vekta på slaktegrisene.
Kva er ei ulukkesforsikring? I alle fall ikkje det som Tollef Fjermestad hadde venta. Les den tankevekkjande historia hans i denne vekas Bondevennen. Vi har vore til stades i Bjerkreim på eit møte som handla om matproduksjon og tryggleik. Konklusjon? Reverser strukturutviklinga!

 Bv21_forside

Bondevennen 21 – 24. mai

– Fremskrittspartiet vil blant anna oppheva dagens nivådifferensiering for produksjonstilskot, samt oppheva soneinndelinga, seier Solveig Horne, 1. kandidat for Fremskrittspartiet i Rogaland. Horne er siste politikar i spørsmålsrunden.
I Hjørungavåg i Hareid kommune på Sunnmøre driv far og son, Per Gunnar og Martinus Hjørungdal samdrift med mjølk- og storfeproduksjon. Mjølkekvoten er på 500 000 liter, og Per Gunnar og Martinus leverer drygt 170 okseslakt årleg. På Lakesvela i Bjerkreim kommune, held Olinn og Torleif Gjedrem på å byggja opp gardsdrift med sau. Sidan 2010 har dei dobla sauebesetninga frå 30 til 60, og har starta planlegginga som inneber at dei vil få meir plass til fleire dyr.
Norsk Landbruksrådgjeving bidreg i dette nummeret med mykje godt fagstoff. Surfôr, lyssiv og knappsiv, og gjødsling er tema du kan lese om.
Neste nummer av Bondevennen kjem i postkassane 31. mai!

 Bv_22.indd

Bondevennen 22 – 31. mai

Line Samdrift i Time på Jæren satsar på feitt. Heidi og Jon Line har drive garden sidan 2000, og desse åra har vore nærare ein samanhengande utbyggingsperiode. Dei har bygd hønsehus, maskinhus, utvida fjøset, laga nye plansiloar og totalrenovert bustadhuset. På Safteriet på Ullandhaug i Stavanger, er det ikkje feittprosenten det satsast på. Drikkeklar saft frå økologiske frukt og bær har resultert i ei tredobla omsettingsvekst sidan 2011.
Vår og sommar er tid for å ha dyr på beite. Tall frå Geitekontrollen viser at geitene er på beite om lag fire månader i snitt, og vekas fagartikkel får du råd om korleis du best handterer overgangen frå innefôring til beite, og korleis du bør fôre utover i beitesesongen.

 Bv23_forside

Bondevennen 23 – 7. juni

Hos Trond Lode på Nærebø i Hå er 2013 et grassat krevende gras-år. I denne utgaven av bladet kan vi lese om hva han gjør med det.
Mattilsynet er ikke fornøyd med hygienen ved slakting av småfe, og hever pekefingeren. Ukas kronikk har den dramatiske tittelen «Går verda under i 2020?»
Men hvis det høres ut til å være bare problemer i ukas Bondevenn, er det langt fra tilfelle.
Kåre Wiig i Klepp har hatt sommerbesøk av oss, og han er optimist. Gunnar Vestly i Time forteller hva han har gjort med en driftsbygning som sto tom. Nå har han prismelysekrone i siloen. Når vi er med slaktebilen til Jan Alf Reiersen i Kvinesdal, er det også god stemning og mange gode historier.

 Bv24_forside

Bondevennen 24/25 – 21. juni

– Den vanskelege grovfôrsituasjonen krev handling, men ikkje panikkhandling, konkluderer Bondevennen på leiarplass. Grovfôrsituasjonen på Sør-Vestlandet har fått god plass i dette sommernummeret av Bondevennen. Norsk landbruksrådgiving er sterkt til stades, også her er grovfôr eit gjennomgåande tema. I gardsreportasjane kan du lese om jordbærdyrking i Reddal, og om den gamle slitaren, fôrutleggaren frå Underhaug/Reime, som no blir oppgradert og tilpassa data-alderen.
Vidare kan du i sommarportrettet bli kjent med den engasjerte byjenta som flytte til Bygland, Fatima Medina Aakhus.
God og nyttig sommarlesing? Les Bondevennen!

 Bv26_forside

Bondevennen 26/27 – 5. juli

Vekas utgåva av Bondevennen byr på både det eine og det andre; reportasje, jordbruksavtale, og fleire faglege artiklar.
Me har også i år rekna på utslag av jordbruksoppgjeret på mjølkeku, ammeku og sau. Alle desse produksjonane kjem mykje betre ut enn i fjor, når ein legg normal grovfôravling til grunn.
I vekas reportasje får du lese om Helge Stuvik – bonden som lev ut draumen på Byrkja i Hjelmeland. Han driv ein gard i veks, med både mjølk, framfôring av oksar og ei sauebesetning på 85 vinterfôra dyr.
Nye krav til lav luftfuktighet og karbondioksid i kyllinghus blir vanskelege å overhalde, les meir om målingane som er gjort. I okseproduksjonen er det mogleg å spare grovfôr. Nøkkelord er forholdet mellom kraftfôr og grovfôr (av ulik kvalitet), saman med slaktealder og vekt.
Fleire fagartiklar i bladet.

 Bv28_forside

Bondevennen 28/29 – 19. juli

I vekas utgåve av Bondevennen les du om Ingvild og Arne Torgersen som har bringebær i veksthus på Finnøy. 800 kvadratmeter, og endeleg blå tal i rekneskapet. Sveinung og Torunn Hamrevoll bygde det fyrste minikraftverket i Suldal i 1996. Gardsdrifta omfattar sauer, årspurker, mjølkeproduksjon og sal av livkviger etter kalving.
Mjølkeprosjektet i Ryfylke er no avslutta, og Strand kommune toppar mjølkeauken i Ryfylke. – No blir det viktig å unngå eit vakuum etter mjølkeprosjektet, oppsummerar Terje Øen frå Tine.
På Kjølvikstølen i Suldal starta 4H-erar frå heile Rogaland sommarferien sin på fylkesleir. Grenser blei flytta, nye venskap blei knyta.
Vekas faglege artiklar tar føre seg fôrsituasjonen med dyrare dyrefôr og du blir og introdusert for Lean-metodikk. Lean er ein driftsstrategi som er langsiktig, byggjer på det enkle og på sunn fornuft.
Mangfaldige Eirik K. Hobberstad blir presentert i sommarportrettet. God lesing!

 Bv30.indd

Bondevennen 30/31 – 2. august

Det er framleis full sommar, sjølv om kalenderen syner august. Bondevennen har ikkje ferie, og tilbyr deg mykje lesestoff – til nytte, og gjerne hygge.
Svineprodusentane har det utfordrande. Les om det som organisasjonssjefen i Norsvin kallar for «pendeløkonomien». Ein meir effektiv gris er i kjømda – og kan bidra i positiv lei. Felleskjøpet og Norsvin har vore i Nederland og sett på neste generasjons norske
hybridpurke. Bart van Gool rapporterer også frå Nederland. Han har besøkt ein øko-gard med mjølkekvote på 1,5 millionar liter, 1400 dekar og ei (1) høymoleplante.
Kategorien unge bønder er absolutt representert i vekas gardsreportasjar. Bli med på besøk til Hovland i Hardanger (mjølkeproduksjon) og til Lia ved Grimstad (tun og hage). – Landbrukspolitikk blir ikkje tema i valkampen, journalistane har ikkje nok kunnskap. Erik Fløystad er i vekas kronikk uroa over politisk og journalistisk vankunne.
Sommarportrettet gir deg høve til å bli kjent med Elisabeth Kallevik Nesheim frå Vats. Vår skribent har blitt kjent med naboens katt i vekas

 Bv32.indd

Bondevennen 32/33 – 16. august

I vekas nummer av Bondevennen tar me deg med til Skjoldastraumen i Tysvær kommune, der Solveig Øie brukar dagane på kyrne sine. På garden hennar er det meir enn mjølking som står på dagsplanen til dei firbeinte: en god porsjon godsnakk og kos er sentralt. På Helgevold i Vindafjord kommune lar Gro og Torgeir Øverland plenklipparen Alf ta seg av det tidkrevjande arbeidet. Du blir òg betre kjend med Torbjørn Ruud frå Norsk Landbruksrådgiving i Haugaland i sommarportrettet.
Norsk Landbruksrådgjeving byr på fleire faglege artiklar, blant anna om settepoteter og vinterskade på eng.

 Bv34.indd

Bondevennen 34/35 – 30. august

Frå 1. september kan bønder som opplever ein vanskeleg situasjon ringe den nye vakttelefonen, Til for bonden. Du kan lese meir om saka, saman med bondevennens kommentar på leiarplass, i vekas Bondevennen. Hanne Varhaug Helland og Arild Helland deler det meste. Også husdyrinteressa. Meir i gardsreportasjen.
Hausten er i kjømda. Det betyr oversikt over grovfôrlageret – og kanskje behov for å fordele fôret. Tine syner deg korleis du kan gjere dette i fagartikkelen. Bondevennen har naturlegvis vore til stades på Naturlegvis. Vi har vore på slaktekurs, og vi har vore saman med Jæren Young Cowboys og lært meir om klauvpleie. Stortingsvalet er få dagar unna. Bondevennen refererer frå to landbrukspolitiske møte. Ola Andreas Byrkjedal representerer Rogaland Bondelag. Les kvifor han er oppteken av valresultatet i ei av vekas ytringar.

 Bv36.indd

Bondevennen 36 – 6. september

Magnus Søyland frå Gjesdal steller 1200 dekar kulturbeite på garden. Kvitkløver, husdyrgjødsel, gardsvegar og sambeiting mellom sau/ku er blant suksesskriteria. Ola Sandvik er inne i sitt siste år som aktiv bonde. Dermed får han ledig tid til engasjementet for Romania. Les meir om Magnus Søyland og Ola Sandvik i gardsreportasjane.
Rekneskapen kan brukast til langt meir enn pålagd moms- og skatterekneskap. I fagartikkelen får du tips om korleis detaljert økonomisk oversyn kan hjelpe deg til å målrette tiltak som gir pluss i rekneskapen. Det er Stortingsval om få dagar. Bondevennen vurderer alternativa på leiarplass. Nils T. Bjørke følgjer opp med ein kronikk.
God helg med Bondevennen. Godt val på måndag!

 Bv37.indd

Bondevennen 37 – 13. september

Tore Sigurd Fitjar, frå Fitjar, er med og startar forprosjekt til fellesbeite – midt i vindmølleparken på Fitjarfjellet. I Åkrafjorden satsar dei på turistar. Flott natur, kulturhistorie, lokal matproduksjon og aktivt jordbruk er grunnlaget for satsinga.
I dyrehald i Rogaland er det påvist gule stafylokkbakteriar som er resistente mot fleire typar antibiotika. Mattilsynet informerer om bakterien, og har fleire tips for tiltak for å unngå å få den smittsame bakterien inn i eige gardstun.
Jorunn og Carl Peder Eiane, Idsal i Strand kommune, viste fram lausdriftsfjøset som var nytt i 2011.  A/S Grimstad Konservesfabrikk, Smaken av Grimstad, har fått nye eigarar med investerings- og satsingslyst. Det er godt nytt for dei tilsette ved konservfabrikk, og for produsentane som leverer til fabrikken.

 Bv38_forside

Bondevennen 38 – 20. september

Oddny og Torgeir Kinn, Stavanger, og Bjørg Hilde Fidjeland og Svein Rune Skilnand, Sirdal, er forskjellige bønder med forskjellig drift, men dei har ein ting til felles, og det er at dei ikkje er redde for å satsa.
Norsk Landbruksrådgiving gir deg fleire sider fagleg påfyll.
Her kan du lære korleis du kan få meir ut av surfôrtolken, og gode tips til korleis haustbeitet til sau og lam kan sikra god tilvekst og betre økonomisk resultat. Utanom om dette kan Bondevennen by på både moglegheiter med flisfyring, og gode råd for snyltarar hjå sau og lam.

 Bv39_forside.jpg

Bondevennen 39 – 27. september

Vekas blad byr blant anna på landskapspleie, fruktdyrking, og grovfôranalyse. I Ullensvang har fruktdyrkar Asbjørn Lutro klare mål for drifta si. 60 dekar frukt skal vere nydyrka innan fem år. Den danske bonden Søren Christensen fortel om si drift i våtmarksområde, og si erfaring med det danske byråkratiet.
De får helse på Nortura si ullavdeling på Forus, og kva mål dei sett seg for drifta. Gris i 13 og Agro Hordaland 2013 er blant haustens store arrangement, ein presentasjon av desse er å finne i bladet. Jon Kristian Sommerseth fortel om fordelane med grovfôranalysar.

 Bv40_forside

Bondevennen 40 – 4. oktober

Heller husdyr, enn maskinarbeid, meiner Hå-bonden Alf Siqveland. På garden på Vigrestad driv han og kona Rita mjølke- og smågrisproduksjon. Allereie før jul har fruktlageret seld ut behaldninga si.
Hausten er sesongen for lam, noko dei faglege artiklane ber preg av. Riktig sluttfôring gir eit positivt utslag på slaktevekt, klassifisering, og på prisen på lammet.
Kyllingprodusent Sigurd Høyland, Nærbø, opplev god lønsemd knytta til flisfyringsanlegget han har investert i. Han har meir enn halvert energikostanden, samanlikna med då dei brukte gass og elektrisitet.

 Bv41_forside.jpg

Bondevennen 42 – 18. oktober

Norsk Landbruksrådgiving byr på fleire sider med fagstoff i dette nummeret av Bondevennen. Ombygging av eldre mjølkefjøs, oppsummering etter ein vanskeleg sesong, og næringsstoffrekneskap av nitrogen og fosfor er noko av det du kan lesa om.
På Hesnes Gartneri, Grimstad, fyrer Katrine H. og Frode Jarnes med flis. Dei er ikkje i tvil om at rimeleg flis, i staden for dyr oljefyring, har vore eit viktig bidrag for betre plantehelse.
Agrovisjon 2013 gjekk av stabelen 11.-13. oktober, og i dette nummeret får du ein bildekavalkade frå utstillingsmessa.
Siri Wiig, Klepp, satsa på plantedyrking, på sida av sitt arbeid som forskar på pasientsikkerhet på Universitetet i Stavanger. Ho likte ikkje husdyr, men ho likte å gjera gardsarbeid. Løysninga blei gulrotdyrking då ho og partnaren Karina Aase tok over garden.

 Bv43_forside

Bondevennen 43 – 25. oktober

Ei ny regjering er på plass, og valet av Sylvi Listhaug, Frp, som landbruksminister er kom­men­tert både i leiaren skriven av redaktør Eirik Stople, og i kronikken skriven av Erik Fløystad.
På Orre i Klepp, har Anette Risa Rosland og Magnar Rosland satsa på mink. Minkhuset frå 2006 er påbygd to gonger, siste byggetrinn er i ferd med å bli ferdig. Hjå Marianne og Tor Arne Frivold i Mandal, er det ikkje pelskledde dyr som fyller driftsbygningen. 7.000 verpehøns gir over 51.000 egg kvar veke.
Tine har besøkt 14 mjølkebønder på Jæren for å kartlegge endringane ein mjølkerobot har gjort på garden. Bøndene har delt både positive og negative sider med bruk av mjølkerobot.
Atle Domke, veterinær, deler tips om korleis ein enklast får tatt avføringsprøvar frå sauene dine, og kva dyr som må prioriterast. Lam og åringar er dei som vanlegvis har mest innvollsnyltarar i seg, og som utgjer ei fare med tanke på utsmitting av beite og sjukdom

 Bv44_forside

Bondevennen 44 – 1. november

Johannes Wegner Hegland, Hauge i Dalane, er ein pensjonist som ikkje ligg på latsida. Han sel kjøt frå eigen villsau, i gardsmatbedrifta Sakse. På Hatteland i Kleppe kommune er Gunn Hatteland Anda og Jan-Arild Anda foreldre til fire born mellom sju år og ti månadar, og driv mjølkeproduksjon med 436.000 liter i kvote. Grøftetilskotet er på plass, det er avsett 100 millionar kroner til grøfting. Tilskot til systematisk grøfting, profilering og omgraving utgjer 1.000 kroner per dekar. – Det er berre å få levert søknaden til landbrukskontoret, skriv skribenten. – Det er alt for vanleg at kalvingane skjer i lausdrifta, påpeika Olav Østerås, seksjonsleiar for helse og dyrevelferd i Tine Rådgjeving, på seminar om mjølke­robot på Jæren. Fleire gode råd for korleis ein best mogleg kan møta utfor­dringane i robotfjøs finn du i bladet.

 Bv45_forside

Bondevennen 45 – 8. november

I dette nummeret av Bondevennen treff du sju sauebønder som jamleg treffs for å utveksla erfaringar. Veterinær Marit Johanne Apeland har rolla som koordinator for erfaringsgruppa. Sylwia og Lars Søyland har drevet garden sidan starten av 2013. Dei er del av Mjølkeprosjektet i Dalane, og er no i gong med utviding og fornying på garden.
Det har dei seinare åra vore ei stor strukturendring og driftsomlegging innan mjølkeproduksjonen. Tveit Rekneskap AS har sett nærare på eit utval av dei bøndene som har satsa innan mjølkeproduksjonen, og samanlikna resultata deira med snittala for aktuell kundegruppe i Tveit.
Advokat Paul Aakre svarer på spørsmål angåande en grunneigars tap av utsikt til strand/sjø frå stovevindauget.

 Bv46_forside

Bondevennen 46 – 15. november

Sidan han var 15 år, har Raymond Olsen, Kvinesdal, planta juletrær. Då lurte han seg avgårde på mopeden for å plante dei fyrste trærne på juletrefeltet. No har han omkring 40 dekar planta med juletrær. I Sirdal kommune er det stor satsing på sau. Prosjektet
Ny giv i sauehaldet i Vest-Agder arrangerte omvising hjå nokre av sauebøndene som deltek i prosjektet.
Vår nye landbruks- og matminister Sylvi Listhaug vitja nyleg Rogaland og Jæren.
Bondevennen fekk anledning til å intervjua ho.
Statsbudsjettet er revidert av den nye regjeringa. Les om endringane i skattereglar ved eigarskifte i landbruket.
Forum Ku arrangerte fagtur til Nederland. På programmet var det blant anna besøk på geitefarmen til familien Roekevisch.

 Bv47_forside

Bondevennen 47 – 22. november

På Orstad Skule i Klepp har elevane ein kvardag som skil seg ut frå andre skuleelevar sin. Geiter skal matast, egg skal hentast, og ved skal kløyvast. I Årdal i Hjelmeland tar kvardagen ei ny vending; to nye kyllingprodusentar er i gong. 50.000 kyllingar er på plass. Meir om gode naboar i vekas reportasje. Dei gamle skattestrategiske trenger ikkje lenger vere dei rette. Meir om ny skattestrategi for jordbrukarar og næringsdrivande i fagartikkelen frå Klepp Rekneskapslag. Endring i jordlova gjer at det blir lettare å dele frå areal ti tilleggsjord og enklare å få frådelt bustadtomter og kårbustader i distrikta. – Bønder på Jæren og sentrale jordbruksområde vil merke mindre til endringane i jordlova, meiner skribenten. Ny kunnskap om fosfor i gjødsel og jord skal gi matfylket Rogaland eit betre utgangspunkt for å bidra til auka matproduksjon i Norge. Utfordringane med forsforbelastning og avrenning til miljøet må løysast, meiner skribentane.

 Bv48_forside

Bondevennen 48 – 29. november

Dette nummeret av Bondevennen er eit temanummer, og tema er «kalv». Fågrådgjevarar, veterinærar, og andre spesialistar har bidrege med deira kunnskap for å kunne gi lesarane kunnskap for å gi kalvane ein god start på livet. Mykje er nok ikkje nytt for alle, men me håpar dette nummeret av Bondevennen kan gi deg noko nytt, og kanskje ei
påminning du trong?
I fagartiklane får du lese om målsetjing, riktig fôring, og oppstalling.
Fleire bønder har stilt opp for å dele si erfaring, du kan lese om løysningar med eigne ungdyrfjøs hjå bønder i Nederland, og kompetansedeling og erfaringsutveksling i erfaringsgrupper her til lands. Tine-rådgjevar Liv Egeland leiar tre erfaringsgrupper på Jæren, og ho fortel at fleire vil vera med.

 Bv49.indd

Bondevennen 49 – 6. desember

Marit Hølland Gjedrem og Tor Aadne Gjedrem ville driva gard. For snart 13 år sidan tok dei over garden dei no driv, i Skjoldastraumen. Ingvar Time har vore mjølkebilsjåfør i 43 år. I vekas andre reportasje får du lesa om då me var me han dei siste timane i teneste for Tine.
På Finnøy arrangerte Landbrukets HMS-teneste, saman med andre ­aktørar, eigen HMS dag for å retta merksemda mot dei daglege risikofaktorane norsk landbruk står ansikt til ansikt med. – Over 20 % av døds­ulykker skjer i landbruket, påpeika dei. Bioenergi Rogaland har arrangert fagdagar i Rogaland. Fleire interesserte aktørar stilte opp for å høyra om flisfyring kan redusera og stabilisera energiutgiftene i landbruket.
Ingen flokkar verpehøns er like, meiner skribenten i vekas fagartikkel.
Les meir om FKRA si fornying av sortimentet av fôr til verpehøns.

 Bv50_52.indd

Bondevennen 50/52 – 20. desember

Julehøgtida er rett rundt fjøshjørnet, og med det gir me dykk årets julenummer av Bondevennen. Her er det noko for heile familien! Magnus Grødem, Randaberg, har dyrka herlege rosenkål, det skal vere nok til alle. Frå Sokndal får me høyra om Rosslandsguden, men mysteriet om kven som laga han, når og kvifor, er fortsatt nettopp det; eit mysterium. Frå Etiopia får me høyre om Elias Osja, som lærte om plantedyrking på misjonsstasjonen. No driv han eigen planteskule i Geresse i Sør-Etiopia. Lengre nord, nærare bestemt regionen Champagne i Frankrike, dyrkar dei heilt spesielle planter: vindruer, som blir brukt den kjende festdrikken
sjampagne.
Prest Jonas Skrettingland har skrive sine tankar rundt årets julehøgtid, og Bondevennens eigen Sjur Håland ynskjer oss ei god julehelg! I tillegg har me kryssord for store og små.