Eit langt bondeliv: – Eg har drive på med det eg har likt, men eg har ikkje telt timar, seier Ola. Foto: Lars Egil Bakka

Å få fram gode kyr med godt lynne og god mjølkeevne var ein drivar for Ola Riste. – Raudkolla har nok den største plassen i hjarta mitt, seier den pensjonerte bonden.

Liv Kristin Sola

Som æresmedlem var Ola Riste spesielt invitert då Laget for Vestlandsk Raudkolle feira 30 års jubileum i Balestrand. 84-åringen frå Valdres har vore ein pådrivar for utviklinga av dei gamle storferasane, spesielt vestlandsk raudkolle. Og raudkollene skal vere rasetypiske– kolla og raude. Utan kvitt, slik dei kunne vere frå gammalt.

– Det har ikkje så mykje å bety, men …. Ola vrir seg litt i stolen og smiler lurt.

– Det er nok litt forfengeleg, men eg meiner no dei skal vere raude.

Kyr som passar garden

Ola er fødd i 1939 og vaks opp på garden Nedre Riste i Vestre Slidre i Valdres. Bortsett frå litt skulegang har han budd på garden heile livet. Han har alltid hatt stor interesse for dyr og fekk tidleg ansvar for drifta på garden, som han overtok i 1970.

– Eg har hatt eit fint liv som bonde, men tel ikkje timar. Det er ein livsstil, seier Ola.

I oppveksten hadde dei telemarksfe, nokre fjordfe og raudkoller. Ferie var å reise på stølen. På 60-talet la dei om til NRF, men for Ola var det noko som skurra.

– Eg såg etter kvart kor kravfulle dei var samanlikna med dei kyrne eg vaks opp med. Det vart mest slik at vi måtte ha silo på ei side og kraftfôrsekken på den andre for at dei skulle få i seg nok til å mjølke av, seier Ola.

– Og det vart lite mjølk på utmarksbeite.

Han fekk nyss om Tjugum i Balestrand, kor dei hadde halde på vestlandsraudkolla. Ola fekk kjøpt fire kyr og nokre ungdyr.

– Ola Tjugum meinte sjølv han var sta. Det måtte han jo vere. Alle gjekk over til NRF, men Tjugum meinte gardane på vestlandet var for små. Enda mindre vert dei når dei får NRF, sa han. Du veit, båsane var for små og bakkane for bratte. Dei gamle rasane nyttar beita mykje betre og trakkar mindre opp, seier han.

Ola gjekk attende til dei gamle rasane og mjølka på det meste godt 30 kyr, både raudkolle, fjordfe og STN. I tillegg mjølka han 130 geiter, dreiv skogen, og slo gras på 240 dekar.

– Fordi eg brukte så mykje utmarksbeite, vart jo garden enda større, seier han.

«Eg har bestandig tenkt at det er bra om eg kvar dag kan gjere det litt betre enn dagen før.»

Ola Riste

Små kyr og høg yting

Med kalving frå januar til april vart mykje av mjølka produsert på utmarksbeite. Og Ola likte å mjølke for hand. Først tre veker på heimstølen 700 moh. Så på fjellstølen på 1000 meter. I slutten av august bar det ned att til heimstølen til uti oktober.

– Eg fôra kalvane godt, men kvigene må ikkje fôrast for hardt frå dei er seks til åtte månadar. Då vert dei meir kjøtsette og utviklar ikkje juret skikkeleg. Ingenting kraftfôr, men godt med grovfôr gjer at dei utviklar ei stor vom. Det er i alle fall mi erfaring, seier Ola.

I gode år var avdråtten 6000 liter per årsku. Men det var stor skilnad mellom kyr. Kyr som ikkje var bra nok då dei kom til andre laktasjon vart utrangerte. Dei beste kunna halde 15 laktasjonar.

– Kyrne frå Tjugum var fantastiske. Og dei fekk mange kyrkalvar. Eg fekk ein god stamme og selde mykje livkviger, seier Ola.

Den minste raudkolla i buskapen var 1,09 i mankehøgd og 156 cm i livvidd. Ho mjølka 6500 liter.

– Eg kalla ho Lita, seier Ola.

Lita som sjølv var tvilling, fekk tre sett med tvillingar. Dei siste då ho var 23 år gammal.

– Oksekalven gjekk til semin og ga mange fine dyr. For Lita var jammen ei pen ku, minnast den pensjonert bonden.

Vestlandsraudkollene på Tjugum: Ole Tjugum i Balestrand har den eldste besetninga av vestlandsraudkolla her til lands.

Økonomien ligg i fjøset

Ola gler seg over at talet på vestlandsraudkolla aukar. Tida då folk nærast hånflirte av bønder som dreiv med dei små rasane, er forbi.

– Det har vore slik press om å auke produksjonen med større kvotar og meir kraftfôr. Men det passar ikkje alle stan’. Vi må sjå kvar gard for seg, og bruke utmarka, seier Ola.

Sjølv mista han kona så altfor tidleg og sat att med tre ungar i skulealder.

– Det å bli åleine har styrt måten eg har drive på. Eg måtte prioritere. Eg tente pengar i fjøset på mjølka, og på sal av livdyr, seier Ola.

Han leigde slått og rundballing. Det var lettvint og økonomisk. Ola er ikkje i tvil om at fornuftig drift og forsiktige investeringar er avgjerande for økonomien.

– Vi som er små kan ikkje leve som om vi er storbønder, seier han.

Den erfarne husdyrmannen meiner innsats og kompetanse må lønne seg.

– Eg har bestandig tenkt at det er bra om eg kvar dag gjer det litt betre enn dagen før, seier han, og minner om at det er den siste halvtimen du er i fjøset du har best betalt for.

Ei tung avgjersle

Ola avvikla drifta i 2007.

– Det var ei stor sorg å miste kona. Men sorga over å legge ned var mest like stor, seier Ola.

Kjenslene vart forsterka av at han ein månad seinare mista mora, nær 99 år gammal. Ei viktig støtte for Ola alle åra åleine.

– Kvifor vart du æresmedlem i laget?

– Ja, sei det…. Det er sjeldan eg får hakeslepp. Det var som å få månen i huggu’, seier Ola.

– Trur du desse rasane vil overleve?

– Ja, for det blir fortsatt fødd folk som er sta, seier Ola.

– Lidenskapleg husdyrmann

Olav Svoen, styremedlem og tidlegare mangeårig leiar av raudkollelaget, kjenner Ola Riste godt.

– Ein kjempekar. Ola har betydd alt for rasen. Ikkje berre for raudkolla, men også for dei andre rasane. Han er levande interessert, dreiv stort og mjølka godt. Det han ikkje kan er knapt verd å vete, seier Svoen til Bondevennen.

Olav Svoen

I ein e-post skriv han følgjande:

Vi møttest første gong då eg kjøpte mine første vestlandsraudkoller. Ola var livdyrformidlar og styremedlem i det første styret. Hans interesse for gamle kurasar, og spesielt vestlandsraudkolla, starta nok med den gode kontakten han hadde med folka på Tjugum. Der har nettopp VR-rasen vore dominerande i generasjonar. Ola kjøpte sine første vestlandsraudkoller frå Tjugum, og det vart mange turar mellom Valdres og Balestrand.
Ola hadde ein stor buskap med mjølkeproduksjon på 120.000 liter, produsert berre på gamle norske kurasar, og med støling. Vestlandsraudkolla var nok favorittkua, og han leverte mange seminoksar, med 6474 Riste som den mest kjende.
Med Ola sitt sosiale vesen og lune veremåte er det alltid kjekt å ta turen til Riste. Gjennom mange år som bonde og husdyrmann med lidenskap for gamle husdyrrasar, har Ola ein unik kunnskap som han med glede har delt med andre.
Vestlandsk raudkollelag utnemnde Ola til æresmedlem. Utnemninga heng svært høgt, men Ola har fortent den for det enorme arbeidet han har gjort for dei gamle husdyrrasane, og for avl og livdyrsal. Genar frå Ola sin buskap er no spreidd i dei fleste raudkollepopulasjonar i landet.
Eg er privilegert som har fått gleda av å samarbeide med denne kunnskapsrike «store» husdyrmannen som Ola Riste er, og har vore, for gamlerasemiljøet. Håpar samarbeidet varer i maaaaange år framover.