BN+

Forrykande humør: Gøran Christiansen kan lage show av det meste og meiner utfordringar er til for å løysast. Det viktigaste er at kundane er nøgde og reiser frå Særheim med eit lettare sinn enn då dei kom. For som ein av bøndene skal ha sagt: «Gøran gjer kvardagar til laurdag».

Sædleiaren



Gøran Christiansen har faste kundar som forsyner seg raust av utvalet i sædbutikken på Særheim. Ein kjapp kommentar og ein god latter kjem på kjøpet.


Liv Kristin Sola


– Er i Skien. Er heime i morgon kveld, svarer Gøran Christiansen, då eg ringer.


– Eg vil gjerne ha eit intervju med deg til Bondevennen.


– Midt på vinteren? Du må vente til i sommar når eg er brun og veltrimma og tar meg godt ut på bilete, er svaret.


Å skilje mellom skjemt og alvor kan vere ei utfordring eit lite sekund, før du høyrer den smittande latteren – eit av Gøran sine varemerke.

Mange reisedøgn

Sædleiar er yrkestittelen. Elleve gonger i året legg han ut på tur. Tre døgn sørover mot Telemark og fem døgn nordover Vestlandet til Sognefjorden. Han har rett over hundre døgn på vegen kvart år og i overkant av 3000 kilometer per tur. Kundekretsen aukar etter kvart som fleire bønder får eigen sæddunk eller vert eigarinseminørar. Dei er avhengig av sædruta til Gøran. Det same er inseminørane og dyrlegane. Påfyll av dosar og nitrogen skjer på faste stader og faste haldeplassar. Gøran har også fleire bedrifter og legekontor på kundelista for nitrogen.


– Slik har eg fått hemmeleg nummer direkte til legen – og slepp unna pasientkøen om eg skulle vere så uheldig å få ei flis i fingeren, seier han.

Der gutar blir menn

Gøran vaks opp i byggefelt, men skulle bli bonde. Jord, dyr og maskinar – alt var tiltrekkande. I 1978 starta karrieren i forsøksfjøset til Geno. Gøran var godt rusta etter tre år med agronom– og mekanikarutdanning på jordbruksskule på Tveit på Nedstrand.


– Det var flott på Nedstrand. Budde på internat og delte rom og greier. Ein vask, to senger og eit bord mellom – enkel standard. Me lærte å klare oss, utan ho mor. Me gutar lærte å bli menn, for å seie det slik, seier Gøran, og gliser godt.


Attende på Jæren kom han i kontakt med Hallvard Volden.


– Utan tvil, min store læremeister, seier Gøran.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , ,