PORTRETT

Sterk kost

29. juni 2023 | Portrett

Rett frå fjøsgolvet: – Eg er meg sjølv, på godt og ilt. Eg treng ikkje forsvare det eg står for eller den eg er, seier Silje Åsnes Skarstein.

Facebook-innlegget hennar mot dei nye kosthaldsråda har skapt storm på nettet. – No vil eg ikkje lenger vege mine ord. Om det betyr at eg ikkje får tillitsverv høgare opp i organisasjonane, så får det heller vere, seier Silje Åsnes Skarstein.

Liv Kristin Sola

«Verda har blitt rablande gal», skreiv mjølkebonde Silje Åsnes Skarstein i eit innlegg på Facebook. Så eksploderte det. Innlegget likt av ti tusen, har tusen kommentarar og 17 tusen delingar. Nationen og Nettavisa er blant dei som har publisert innlegget, og TV2 tok kontakt for intervju.

– Det er heilt sjukt. Eg brukte maks førti minutt på å skrive. No lever det sitt eige liv, seier Silje til Bondevennen.

Likar debatt

Det er ikkje første gongen bonden frå Olden i Nordfjord ytrar seg i sosiale media. Det har blitt ein kanal for å få ut frustrasjon og invitere til diskusjon. Men denne gong var det mannen, John Andreas Skarstein, som fekk henne til å gripe til tastaturet.

– Medan eg driv i fjøset, jobbar han ute med jordarbeid og slått. Kvar einaste dag må han tilpasse seg cruisetrafikken og bussane som fer på kryss og tvers i bygda, seier Silje.

Den vesle bygda Olden, med knapt 500 innbyggjarar, tek kvar sommar imot 100 cruiseskip som legg til kai.

«Dei spyr ut drit over bygda, dag ut og dag inn. Passasjerane vert frakta hit og dit med bussar og kjøper billeg jugl «Made in China». Samstundes som alle skrik høgt om at problemet med global oppvarming ligg her hjå meg, i fjøsen min», skriv Silje i innlegget.

 Kan ikkje akseptere

Dei nye kosthaldsråda vart dropen. For noko er fundamentalt galt i eit samfunn, når det er bonden og drøvtyggjaren som vert utpeikt som den største klimautfordringa, meiner Silje. Ho hevdar klimarekneskapen er ei oppkonstruert likning som – for landbruket sin del – verken har med dei positive effektane av beiting, eller bidraget frå skogbruket.
Mjølkebonden er oppgitt: «Vi står på 365 dagar i året, jobbar MED naturen, passar på kulturlandskapet vårt, bidreg til beredskap, og tener elendig. Alt dette, medan Oslo kommune trur dei kan redde klimaet ved å kutte raudt kjøt.»

– Dette er ikkje rett, og kan ikkje aksepterast, seier Silje.

«Mens eg legg meg ned i graset og høyrer på dei få humlene som susar rundt og ser opp på skyene ser eg fly som reiser hit og dit, fraktar folk som berre MÅ ut og reise. Eg snur meg og opnar heller ei avis. Men det same møter meg der: rødt kjøt er syndaren …» skriv Silje.

Sjølv er ho mor til fire jenter mellom ni og tjue år. Ingen av dei har nokon sinne vore ombord i eit fly.

Aldri bonde

Silje vaks opp i Sunnfjord, med besteforeldre på begge sider som var bønder. Sjølv skulle ho aldri rote seg inn i bondeyrket.

– Eg visste det var mykje arbeid og lite pengar, seier ho.

Silje vart sjukepleiar, men hadde så vidt fullført utdanninga då ho møtte John Andreas, odelsgut frå Olden i Stryn.

– Då bestemde eg meg; skulle det bli oss, måtte eg gå «all inn» og seie ja til heile pakka, seier Silje.

Ei par år seinare var ho klar då det vart snakk om å utvide fjøset, bygge om til lausdrift og auke produksjonen. I dag har dei ein kvote på 500 tonn mjølk, og leverer 20 tonn storfeslakt i året.

Ikkje rettferdig

Innlegget på Facebook 20.juni, nådde langt utanfor landbruket sitt eige ekkokammer.

– At så mange som ikkje står i dette til dagleg, forstår kva som skjer og støtter oss, det varmar hjarta mest, seier Silje.

Ho er glad i meiningsmotstand, men akkurat denne gong var det ingen som tok opp diskusjonen i kommentarfeltet.

– Det var bra, for akkurat dette følte eg ikkje for å diskutere, seier ho.

No har telefonen vore på lydlaust nokre dagar.

– Men eg er nysgjerrig av natur, så det er jo litt vanskeleg, seier Silje, og ler godt.

Ho ser framover. Gløymer fort og tilgir lett ting som er sagt og gjort. Men ho har ein sterk rettferdssans.

– Som liten kunne eg kjefte på vaksne folk når eg meinte dei behandla nokon urettferdig. Difor har denne debatten om norsk kjøtproduksjon og klima blitt så viktig for meg. For akkurat det som skjer no, det er veldig urettferdig, seier Silje.

Tillitsverv?: – No vil eg ikkje lenger vege mine ord. Om det betyr at eg ikkje får tillitsverv høgare opp i organisasjonane, så får det heller vere, seier Silje Åsnes Skarstein.

Radikal og kontroversiell?

I tillegg til å vere bonde, mor, kone og aktiv på sosiale media, er Silje tillitsvald i Tine og i Bondelaget, og sit i kommunestyret for Senterpartiet i Stryn kommune. Ho merkar at stadig fleire kjenner henne att.

– Anten gir dei uttrykk for at det er kjekt å møte meg, eller dei har gjort seg opp ei meining om at eg ikkje er noko særleg triveleg å møte. Men eg kan vere veldig hyggeleg når eg vil. Og det vil eg som oftast, seier Silje.

Ho innrømmer at ho i starten var lysten på tillitsverv høgare opp, anten i Bondelaget, i Tine, eller i politikken. Så Silje følgde straumen, sa dei rette tinga, og var politisk korrekt. Men engasjementet vart for stort. Det var mykje ho ville endre på, og ho tok ordet stadig oftare.

– Mange gonger føler eg meg stempla som radikal og kontroversiell. Kanskje det ikkje er slik, men det kjennest slik, seier Silje.

Ho seier ho har opplevd å bli sett på plass av folk høgare opp i systemet, og fått høyre at ho er ein trussel for Tine.

– Ikkje så triveleg der og då, men eg får litt blod på tann når nokon vil tøyle meg. Slik er eg ikkje rett skrudd saman. No vil eg ikkje lenger vege mine ord. Det er eigentleg befriande. Om det betyr at eg ikkje får tillitsverv høgare opp i organisasjonane, så får det heller vere. Landbruket er for viktig til at eg kan tie stilt, seier Silje.

Vil endre innanfrå

– Kvifor er du i Bondelaget, ikkje Småbrukarlaget?

– Eg har eit brennande hjarta for norsk landbruk, og her i Olden var det naturleg å søke Bondelaget for å få innflytelse. Og vil eg ha endring kan eg ikkje berre skifte beite etter vinden, men gjere jobben der eg er.

– Er det høgt nok under taket i landbruksorganisasjonane?

– Eg må nok seie nei. Dessverre. Du må gå tenesteveg, vere politisk korrekt, seie det som er venta av deg. Både i lokalpolitikken, i Bondelaget, og ikkje minst i Tine. Og dei få gongane vi møtast er det alltid sett av for lita tid til diskusjon og debatt.

Ho er ikkje i tvil om at Bondelaget vil medlemmane sitt beste, men meiner det blir for forsiktig. At dei skulle vore mykje tydelegare, meir synlege, og mindre unnskyldande.

– Eg trur ikkje det er bevisst for å halde folk igjen, men det har blitt ein kultur som er vanskeleg å endre. Vi må tørre å meine noko, og stå fram og seie det høgt, seier Silje.

Skil sak og person

Silje har temperament, men seier ho er ikkje langsint. Utolmodig, men også uendeleg tolmodig.

– Som når ungane skal i seng. Og i kommunestyret. Då kjenner eg verkeleg at eg må vere tolmodig, seier Silje.

Den debattglade bonden har eit mantra.

– Eg skil alltid sak og person. At eg er kjempeueinig i sak, betyr ikkje at eg har noko imot vedkommande som person. Det er viktig for meg, seier Silje.

– Dyrevelferd, klima, og no nye kosthaldsråd. Rovdyrdebatt og beitekonflikt mellom sau og rein. Mange bønder går hardt ut mot miljørørsla, mot veganarar, og venstresida i politikken. Er det ein god strategi?

– Det er ingen som vil oss vondt, og det er svært få som vil avvikle norsk landbruk. Dei fleste vil berre meine noko, og det har dei faktisk rett til å gjere. Vi har sterke krefter som vil mykje med norsk landbruk. Difor må vi bygge gode alliansar. Det er kjempeviktig. Vi må samarbeide, ikkje isolere oss. Då er det ingen som vil høyre på oss, og ting blir bestemt over hovudet på oss, seier Silje.

– God dialog er det viktigaste i verda. Vi må invitere utradisjonelle aktørar til ein prat og snakke i lag, med innestemme, ikkje skrike til kvarandre i sosiale media. For det er vanskeleg å mislike folk du har snakka ansikt til ansikt med, seier Silje.