BN+

Jubilant: Kåre Wiig har vore med og endra den norske tomatmarknaden. No rundar han 70, og ser fram til kortare arbeidsdagar.

Veksthusbaronen



Kåre Wiig har tatt mange val og trossa mykje motstand på vegen. Resultatet er eit veksthuseventyr utan sidestykke.


Jane Brit Sande


– Dette kjem aldri til å gå godt.


Det var beskjeden far til Kåre, Tore K. Wiig, fekk av fylkesagronomen då han ville sette opp det første oppvarma drivhuset på Jæren i 1937. Med hjelp av utflytta Finnøy-bu og nabo, Askaut Hesby, vart det ein realitet likevel. Tru om dei var klar over kva eventyr dei sette i gang?

Å finna sin eigen veg

– «Dugnadsgeneralen på Jæren», det var det dei kalte han, seier Kåre om far sin.


Det var store sko å fylla, men Kåre innsåg tidleg at han måtte gjere ting på sitt vis.


– Far bidrog til å få på plass ting som er viktige her den dag i dag, og han var med i all slags styre og stell. Kanskje det skræmde meg litt? Eg såg jo at han var flink, og forut for si tid, men kanskje engasjementet gjekk litt på kostnad av drifta, seier han.


Kåre valde ein annan takt.


– Eg engasjerte meg også, men ville ofra meg meir for gardsdrifta, seier han.


Då Kåre tok over garden i 1973, var ikkje veksthuset det mest spanande.


– Me hadde 28 mjølkekyr, 25 purker og 600 høner, i tillegg til veksthuset. Ein stor produksjon, den gang, seier Kåre.


– Eg likte kyrne best. Den tyngste dagen i mi tid som bonde, var då eg selde dei, seier tomatgiganten.


For etter å ha nytta veksthuset til å utvikla diverse plantar som kålrabi til grovfôr og så smått starta med agurk- og tomatplantar, måtte Kåre igjen velja.


– Mjølkefjøset var begynt å bli for lite, og me hadde sugger over alt – til og med i kjerrehuset. Eg snekra og snekra for å få plass til alle dyra. Men eg såg at eg måtte spesialisere drifta, minnest han.


Løysinga vart å selje dyra, og satsa på veksthusproduksjon.


– Ikkje så populært hjå foreldra mine. Dei meinte eg gav slepp på ei stabil og føreseieleg inntekt. Men både dei, kona mi Borgny, og mange andre, bakka meg opp, seier Kåre.

Smakstomatane

I 1985 bygde Kåre eit to mål stort veksthus på garden. Han produserte tomatplantar til eksport, men mot slutten av 1990-talet måtte han tenka nytt igjen.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.