PORTRETT – ARTHUR SALTE

Vil gå rett på

14. oktober 2020

Jærbu: Arthur Salte frå Salte i Klepp kommune er nytt styremedlem i Norges Bondelag.

– Eg skal gå rett på, lover Arthur Salte. Onsdag i førre veke vart Kleppe-bonden valt inn i styret i Norges Bondelag, førebels for eitt år.

Sjur Håland

Den ferske stemmen frå Rogaland, som nå har fått blant dei tyngste verva i landbruks- Norge, er budd på å svelgja kamelar og å tryna mot veggen nokre gonger.

– Men vannari. Det får eg tola. Usemje trengst i eit lagspel for å koma fram til dei beste løysingane, seier han.

– Kva med forventningspresset frå Matfylket?

– Eg skal arbeide for bønder over heile landet, men har med meg ei notisbok med korte konkrete eksempel på korleis kvardagen opplevast her i fylket innafor dei ulike produksjonane. Eg har avtale med gode kameratar som kjem til å seia klart i frå om eg skulle mista bakkekontakten. Det er eg redd for å gjera.

Bondetopp over natta

Bonden er gift med Marit Salte. Paret har fem barn og eit barnebarn. Eldste barnet har flytt ut or reiret. Han har vore heiltidsbonde sidan 1994. I starten var det svineproduksjon som galdt. Tjue år seinare starta dei opp med mjølk i tillegg, med nyinnkjøpt grunnkvote på 242.100 liter.

– Det var rart å vakna opp dagen etter valet til oppslag i Nationen der eg vart skildra som bondetopp med den største grunnkvoten i bondelagsstyret. Det hadde eg ikkje tenkt på, seier han, og slår opp latterdøra på vidt gap, noko han ofte gjer.

– Er du førebudd på fleire oppslag framover?

– Det må eg prøve å vera i kjølvatnet av det nye vervet.

– Har du mage og rygg til slikt?

– Det er eg jo litt spent på. Eg har opparbeidd meg litt ballast opp gjennom åra, eg håpar det skal gå bra.

Fram til neste årsmøte er Salte også Tine-rådsmedlem og nestleiar i eigarutvalet i Sør-Vest.

– Tine-engasjementet har vore lærerikt og givande, men nå må eg trappe ned og konsentrere innsatsen mot Norges Bondelag, seier han.

Mjølkekvote blir tema

Mjølkekvoteproblematikken blir garantert eit tema rundt styrebordet i Norges Bondelag framover.

– Skal du finna farbar veg etter kvart, eller kan du alt no slå knyttneven i bordet og presentere oppskrifta?

– Temaet kjem på dagsorden, så får me ta diskusjonen derifrå. Min inngang er at verdiskapinga ligg hjå den aktive mjølkeprodusenten. Det vil eg formidla i klartekst. Faren for at me bønder endar opp som leiglendingar, der for mykje kapital blir bunde opp i leige av jord og kvote, er absolutt til stades, det må me gjera noko med.

Salte er ferdig med morgonøkta i fjøs og grisehus og sit ved kjøkkenbordet. Bondebladet, Dagens Næringsliv og Dagligvarehandelen ligg på duken. Her står også ein mjølkekartong og ei svart termokanne med kaffi. Bonden drar plastfolien av ein fløyterull frå det lokale handelslaget medan han snakkar.

Trening frå bedehuset

Ingen treng frykta at det skal bli stilt i møte med Arthur Salte. Han er ikkje skoren for tungebandet. Den nye bondetoppen er oppteken av kommunikasjon, noko han har lært om alt frå oppveksten, der bedehuset på Salte var ei viktig brikke.

– Eg kan takka talarstolen på bedehuset for at eg er lite redd for å ta ordet i forsamlingar, seier han.

Kommunikasjonstrening kan koma vel med. Salte held fram at jærbonden lett kan mistydast i møte med bønder frå andre distrikt.

– Meiner du at jærbuen kan verka provoserande?

– Ja, men det skal me ikkje heilt slutta med heller. Eg er stolt over å vera jærbu og ein del av dette miljøet. Mi erfaring er at bønder frå andre distrikt ofte let seg trigga av den offensive jærbonden, seier han, blir ivrig, og lenar seg framover i stolen.

Kanskje litt sjølvgod

– Er jærbonden litt sjølvgod?

– Kanskje litt. Men skal me få til noko må me spela i lag med fleire. Det handlar om samspel mellom bøndene og med media og forbrukarar. Setja positivt søkjeljos på næringa vår og få alle med. Me skal slåst om budsjettmidla, men også bli langt flinkare til å lesa daglegvaremarknaden som handterer årlege verdiar opp mot 200 milliardar kroner. Me må sjå kva som skjer i god tid og reagera lynkjapt, seier han.

– Du byrjar å få ein del år på nakken. Trur du verkeleg på at det er mogleg å få til endringar?

– Heilt klart. Sjå på kva som skjedde med forbrukarane og daglegvarehandelen då NRK tok opp utfordringa med det store fryselageret med sau. Sjå på moglegheitene primærnæringa nå får i kjølvatnet av koronapandemien. Redusert grensehandel og endra matvaner viser kor stort potensialet er. Evnar me å nytta denne effekten framover, er moglegheitene store. Bøndene må vera på ballen og spela på lag med forbrukarane.

Analytisk minglar

– Korleis vil du beskriva deg sjølv?

– Som ein analytisk og engasjert person, som likar å sjå langt framover. Vidare vil eg seia at eg er løysingsorientert og likar å pønske ut nye idear. Eg les Dagens Næringsliv for å setja meg inn i korleis forretningslivet og dei som sel varene våre arbeider og tenker.

– Kva gjer du i ein minglesituasjon?

– Det er jo der eg likar meg best. Eg er fråhaldsmann, men tar gjerne ein frisk diskusjon i baren.

– Kva vippar deg av pinnen?

– Eg kan bli litt emosjonell. Det irriterer meg litt. Trøysta er at eg arbeider med saka, og eg har oppdaga at eg ikkje er åleine som har det problemet.

Energi frå unge

– Valkomiteen heldt fram energien din då du vart lansert som deira kandidat?

– Ja, batteria ladar eg gjerne når eg gjer rutinearbeid i fjøset. Der vandrar tankane, og eg har alltid penn og notisblokk i lomma. Så får eg ekstra energi gjennom å vera saman med unge folk, som til dømes Jæren Young Cowboys.

Den nybakte styremedlemmen i Norges Bondelag held seg sjølv for å vera ein enkel mann.

– Så når eg får karakteristikken bondetopp, kjenner eg meg ikkje heilt att. Men eg er audmjuk i høve til tillitsvervet eg har fått, og ønskjer å løfta bonden og bondefamilien opp. Eg brenn for at landbruket og bøndene skal bli sett og høyrt i heile landet.

Måtte forklara PU

– Det blir også sagt at du har fått ein gåve som gjer at du kan gjera kompliserte saker lett å skjøna?

– Eg vart utfordra av nokre i konsernstyret i Tine om å setja meg inn i prisutjamningsordninga (PU) for mjølk. Då vart eg nærast tvungen til å gjera temaet forståeleg. Særleg då eg skulle forklara ordninga for 60 unge bønder. Eg laga min eigen presentasjon i Power Point og gjorde det på min måte, det gjekk bra.

Kanskje noko av forklaringa er at han er oppvaksen med flanellografen og gjerne snakkar i bilete.

– Me må tola å vera usamde. Legg me lok på saker, kokar det over. Av og til i landbruksdiskusjonane legg me loket over for tidleg. Det brennvarme temaet burde heller fått kokt litt lenger. Det kan koma fruktbare løysingar ut or småkoking, ser du.

Ta helg

Arthur Salte sitt engasjement for bondeyrket famnar breitt. At bøndene og familien deira trivst og har tid til fritid, er svært viktig i ein tettpakka kvardag, understrekar han.

– Klapp deg på skuldra og prøv å ta litt fri når helga kjem. Prioriter utgifter til avløysarhjelp. Sei til deg sjølv at no har du gjort ein fantastisk jobb for bygda di og for forbrukarane rundt om i heile landet. Så kan du for eksempel reise på butikken og kjøpe ein blomekvast til kjærasten. Så lagar de god mat til kvelds!