BN+

PORTRETT

Vil nå fram til forbrukarane



Marit Epletveit har slåst for ramevilkåra for bøndene i Rogaland i tre år. Væpna med kunnskap om fotosyntesen, vil bondelagsleiaren no ta klimaforvirra forbrukarar i skule.


Sjur Håland


Epletveit har 40 lokallag og 6.318 medlemmar i ryggen. Fylkesleiaren i Rogaland Bondelag står fremst i linja og må ta det som måtte koma av både kjeft og ros. Av og til får ho roser. Bondevennen møter henne heime i tunet på garden ho og mannen, Tarjei Gjesdal, eig og driv i Gjesdal. Bakken er dekt av eit tynt lag med snø. Epletveit stig or bilen med ein bukett med raude roser. Blomane er ein takk frå eit pensjonistlag på Ålgård etter at ho har brukt deler av føremiddagen til å snakka om landbruket.

Har sagt ja

Epletveit har leia fylkeslaget i tre år. Nå har ho sagt ja til å stilla til eit fjerde år med travle reisedagar, ruver med sakspapir, mange møter og lange kveldar. Årsmøtet i Rogaland Bondelag er 13. og 14. mars.


– Innstillinga frå valkomiteen er ikkje klar enda, men eg har sagt ja, så får me sjå, det er årsmøtet som vel, seier ho, og smilar.


Rogaland Bondelag har ein fylkesleiar som både smilar og ler. Ofte og smittande. Organisasjonen er velsmurt. Bondelaget sine tillitsvalde er for tida i fullt arbeid, fortel ho.


– På alle nivå. Nett no arbeider dei lokale bondelaga iherdig med innspel til fylkesstyret til jordbruksforhandlingane.I tillegg blir det arbeidd med mjølkekvotekvoteproblematikken.


Alt dette medan Norges Bondelag arbeider med nytt næringspolitisk program.


– Her må også me i Rogaland vere på tå hev, ta signala frå lokallaga og peika på kor skoen trykker, seier ho, og drysser frysetørka kaffipulver i eit digert krus.


– Er det medlemmane som driv deg?

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Bondevennen kampanje

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.