BN+

Samfunnsnyttig: Mjølkeprodusenten Trond Joa meiner det er rett å kutte eksportstøtta, og viser til at ein ikkje berre kan sjå eigne interesser, men også samfunnsnytte i saka. For å takle trongare tider i eigen bransje er han oppteken av å ha kontroll på kostnadane i drifta si.


Trond Joa har aldri hatt ein reserveplan. Mjølkeprodusenten angrip endringane i eigen bransje med eit økonomisk granskande blikk.


Jofrid Åsland, frilansjournalist


– Det vil alltid komme oppturar og nedturar, slik er det i alle bransjar. Ein må stå i nokre stormar, seier Joa.


At eksportstøtta til mjølk og Jarlsbergost blir kutta ser han ikkje på som ein storm, men som rein logikk.


– Eg meiner det er rett å kutte eksportstøtta. I utgangspunktet er det norske landbruket subsidiert. At me skal dumpe norske mjølkeprodukt på verdsmarknaden vert feil. Ein kan ikkje berre sjå eigeninteresser, det må også vere samfunnsnyttig.


Joa viser til at økonomien i storfe- og mjølkeproduksjonen har vore veldig stabil samanlikna med produksjonar som kylling og gris. Ein nedtur innimellom meiner bonden er naturleg.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Bondevennen kampanje

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: ,