På topp i beiting: Thomas er ein av mange bønder som er med i ØkologiRådgivning si Eliteafgræsningsgruppe. Avlingsutbyttet er i år estimert til 7000 kg ts/hektar, noko som er heilt i toppsjiktet i gruppa. – Målet for våre beiteareal er høgt utbytte, god graskvalitet, og smakleg fôr. Etelyst er viktig, understrekar bonden.
Beitekunstnaren
Beiting er ein kunst, som blir litt lettare å handtere med erfaring. Og med erfaring kjem den uforklarlege magekjensla. – Min jobb er å gjere det lekkert for kyrne ute på beite, seier danske Thomas Malmkjær.
Liv Kristin Sola
Thomas Malmkjær starta som «fodermester» hjå Niels Erik Nilsson i 2014. Tre år seinare starta dei eit generasjonsskifte som har gått over seks år. No er det Thomas og kona Pernille som eig Lillelund og Bjerregaard.
Dei har 385 jerseykyr og 3850 dekar med jord. Buskapen er delt på dei to nabobruka, med 200 eldre kyr på Bjerregaard, og 185 førstekalvarar og nokre andrekalvskyr på Lillelund.
«Vi må prøve oss fram.
Av og til blir det feil.
Det er òg ei erfaring.»
Thomas Malmkjær
– Unge kyr har ikkje like godt utvikla vomkapasitet som eldre kyr, og treng ein litt meir konsentrert rasjon, seier bonden.
Thomas er ein av bøndene som er med i konseptet Eliteafgræsning til ØkologiRådgiving Danmark, og har Hans Lund som rådgivar (les artikkelen her).
Gardsfakta:
Thomas Malmkjær driv Malmkjær Økologi i Fjelstervang, utanfor Herning i Danmark. Han og kona Pernille har barna Ida (5), Johan (2,5) og «lillebror» på 5 veker.
Drifta omfattar garden Lillelund som dei overtok i 2018, og Bjerregaard som dei overtok i år. Eit generasjonsskifte som har gått gradvis over seks år frå tidlegare eigar Ninna og Niels Erik Nilsson.
Thomas og Pernille har 380 jerseykyr og 340 kviger og kalvar. Dei driv 3850 dekar dyrka jord i vekstskifte med tre år eng (kløver og raigras), deretter mais, lupinar, erter og vårrug i attlegg. Grasarealet er på 1800 dekar, kor 550 er sett av til beite. Beitesesongen er frå april til slutten av oktober.
Mjølka leverer dei til økologiske Thise Meieri. Alle kyrne har proteinvarianten A2A2 som blir selt som Urmælk i butikkane.
Thomas har tilsett to utanlandsk praktikantar til mjølking, ein fodermester, tre praksiselevar, og ein far som er altmoglegmann.
Seksårig vekstskifte
Beitesesongen er frå april til ut oktober, og av 1800 dekar grasareal er 550 sett av til beite. Arealet på dei to nabogardane er delt inn i sonar slik at det skal gå effektivt både med beite og slått.
Etter tre år med eng, er det vekstskifte med mais eller vinterrug, så eit år med lupinar (belgvekst), før det blir sådd vårbygg eller erter i attlegg med raigras og kløver.
– Er veksten god, tek vi ein slått i september oktober. Så har vi ei fin grasmark neste vår, seier Thomas.
Alt grasarealet blir gjødsla med gylle om våren. Utover i sesongen vurderer bonden kvar mark for seg.
– Ser eg ei mark som har dårleg vekst, kan eg godt finne på å gi den litt gylle, seier han.
Kontroll med fargekodar: Seks års vekstskifte på Lillelund og Bjerregaard; tre år med eng og tre år med lupin, mais eller grønnfôr i vekstskifte – føre attlegg og tre år med eng.
12-15 dagars rotasjon
Beitearealet er delt i to sonar, som igjen blir delt inn i mindre skifte (fold). Flokken får nytt beite kvar dag, og Thomas reknar mellom 20 og 27 dekar til 200 kyr, alt etter når i sesongen det er.
Avhengig av gjenveksten, går det 12-15 dagar mellom kvar gong flokken kjem tilbake til same skiftet. Kvart skifte blir beita to til tre gonger i rotasjon, før kyrne vert flytta til den andre sona. Og ein ny rotasjon.
Arealet som er beita får kvile i tre veker før det vert slått og lagt i silo. Då Bondevennen var innom i slutten av juni, var dei akkurat ferdig med ein slått.
– Om 12 dagar er dette arealet igjen klar til å bli beita, seier Thomas.
Denne runddansen skjer fire gonger i løpet av sesongen; rotasjonsbeiting, tre veker med kvile, så ein slått, før 12 dagar med kvile og en ny runde med beiting.
Ny grasblanding: Gode resultat har motivert Thomas til å ta eitt steg vidare. I samarbeid med DLF vil han no lage si eiga frøblanding. – Vi har som mål å auke utbyttet med 800-1000 fe, utan at det går ut over kvalitet og etelyst, seier Thomas.
Kunsten å beite
Thomas har fleire større beiter som han deler av med ein skiftetråd. Tråden blir flytta når kyrne blir henta heim til mjølking.
– Det er fort gjort. Så er det klart til neste dag, seier bonden.
I lag med rådgivar Hans Lund, har Thomas laga ein plan for sesongen. Men ein plan tek ikkje høgde for ver og vind. Og kyrne skal ha friskt gras kvar dag. Det skal vere nok gras, men ikkje for mykje.
Det er no beiting blir ein kunst.
«Å veksle mellom beiting og slått gjer at ugraset ikkje får etablere seg.»
Thomas Malmkjær
– Eg veit jo kor stort arealet er, men så må eg sjekke kor mykje gras det er og kor tett det står. Det kan vere for lite til å dele på to dagar, og for mykje til ein dag. Skal eg dele av i to skifte og kompensere med fôr på fôrbrettet? Eller skal dei få alt, og la det stå litt gras igjen?
Slike vurderingar gjer bonden dagleg. Svaret er ikkje gitt, og Thomas innrømmer at det kan vere vanskeleg. Ofte går det på magekjensla.
– Det er ikkje lett å forklare. Vi må prøve oss fram. Av og til blir det feil. Det er òg ei erfaring, seier han.
200 kyr på heimveg: Flokken går inntil éin km på det lengste. – Ikkje problem, seier Thomas.
Thomas har alltid litt beiteareal i reserve. Blir det for mykje, lar han noko vekse ut til slått og slår av med skårleggar og legg i plansilo.
Stabil døgnrytme
Thomas har tilsett to indarar som tek seg av mjølkinga. Dei er i gang klokka halv fire om morgonen. Og klokka sju er alle kyrne ute på beite. Bonden har registrert at flokken har ein tydeleg døgnrytme.
– Dei beitar aktivt fram til rundt klokka ti. Då tar dei pause, beitar av og på, men etter klokka 12 ligg dei som regel og tygg drøv – og produserer mjølk, fram til dei blir henta klokka tre, seier han.
Dei er stort sett inne om natta, men midt på sommaren snur dei opp ned på systemet.
– Når temperaturen går over 25 grader likar dei seg best inne, og for å halde på rutinane så har vi konsekvent nattbeiting ein periode midt på sommaren, seier Thomas.
Dagleg sjekk: Førsteårs eng etter ein litt kald og våt vår, og når varmen kjem «eksploderer» kløveren.
Klar til vekst: Når graset har vekstpunktet og tre blad intakt, er det optimalt for god fotosyntese og god gjenvekst. Og meir avling.
Raigras og kløver: Graset skal helst vere 10-12 cm når dyra skal på, og 4-5 cm når dagen er over.
Lupiner: Belgvekst og proteinkjelde.
Viktig med vatn: Ei mjølkeku skal alltid ha tilgang til reint vatn, òg på beite.
Styrer etter urea
Urea er eit nøkkeltal i fôringa. Blir den for låg eller for høg, justerer dei det med å blande meir eller mindre protein i rasjonen.
– Ikkje så lett å forklare kvifor det svingar. Truleg varierer det med vind og vær, seier Thomas.
På dagar med dårleg ver, eller litt knapt med gras, blandar dei ein større fôrrasjon inne. Ei vurdering bonden og fodermesteren hans gjer kvar dag, før dyra kjem inn for kvelden.
– Så er det dagar kyrne kjem inn og heng ved fôrbrettet og er tydeleg svoltne. Då aukar vi rasjonen til vi når eit slags mettingspunkt. Plutseleg er det 300 kilo fôr i rest, dobbelt så mykje som normalt, seier Thomas.
Samspel mellom frø, jord og beite
Thomas leier ein maskinstasjon til å ta mesteparten av jordarbeidet og slåtten. Han tek sjølv jobben med å flytte på tretten vatningshjul, for å sikre at avlinga ikkje tørker ut på sandjorda. Det går òg ein del tid med å halde oversikt, ha kontroll på beitene for å sikre at det alltid er nok gras til 385 mjølkekyr.
– Min viktigaste jobb er planlegging – og litt «brannsløkking», seier bonden.
Frøblandinga er ei økologisk blanding av raigras og rundt 15 prosent kløver, frå danske DLF. Frømengda er 20 kilo frø per hektar (to kg/daa). Thomas har nyleg utfordra både seg sjølv og DLF til samarbeid for å finne ei blanding som passar til jordtypen på garden, men òg er smakleg.
– Det er spennande å sjå korleis vi kan få til eit godt samspel mellom jord, frø og beiting, seier bonden.
Vinterfôr: Thomas har 1800 dekar med grasareal. 550 dekar blir beita. Til høgre står ei av 13 vatningshjul. Viktig for god avling på sandjorda.
Beite og slått held ugraset vekk
Ugras kan vere ei utfordring i økologisk drift. Men beiting og slått er ein effektiv ugrasbekjempar.
– Å veksle mellom beiting og slått gjer at ugraset ikkje får etablere seg. Og kjem det opp skot, blir dei trakka ned av dyra når dei beitar, seier Thomas.
Det hender han ser tistlar i åkeren. Tiltaket er då å harve dei opp før frosten kjem.
– Slike pålerøter toler ikkje frost, seier bonden.
Drivveg: Eit gammalt nett frå siloen dekka med fem cm sand på toppen, drenerer vekk vatn. – Det er billig, og det fungerer, konstaterer Thomas.
Flaskehals: Sand i overgangen mellom drivveg og beite dempar slitasjen på jorda.
Ingen kalvar om vinteren
Thomas har ingen kalvingar frå sist i oktober til kvigene startar å kalve midt i januar. Kvigene først, slik at han skal klare to rundar med inseminering før dei blir sleppte på gras i april.
– Dei første tre vekene på gras er dei heilt ute av system. Det er håplaust å ha kontroll på brunst og inseminering, seier bonden.
Resten av kalvingane blir strekt mot sommar og haust. Thomas leverer mjølka til økologiske Thise Meieri, som sesongdifferensiert mjølkeprisen, med trekk om våren og tillegg om hausten.
Han inseminerer 200 jerseykyr/kviger med X-Vik (kjønnsseparert) og har angus på resten. Eit overskot på 30-40 jerseykviger blir selt til liv.
Frå januar til juli blir det født flest jerseykalvar. Mot slutten er det mest angus.
– Smittepresset aukar utover i sesongen. Angus har litt fleire kilo og toler meir enn ein liten jerseykalv. Den har heller ikkje den same avlsmessige verdien for oss, seier Thomas.
Og når kalvinga er over blir kalvefjøset vaska reint og tørka opp før neste runde med kalving.
– Eg trur det er viktig for å klare å halde kalvane friske, seier bonden.
Mett av gras: Kyrne beitar frå klokka 7 om morgonen til klokka 15 om ettermiddagen. Fôrrasjonen inne om natta er tilpassa beitekvaliteten, både med tanke på mengde og samansetting.
Berre A2-mjølk
Nyleg fekk Thomas ei utmerking frå meieriet for å ha buskapen med lågast celletal i 2023. Dei yngste kyrne, som er på Lillelund, hadde eit celletalet på 72.000. Snittet hjå dei eldre er rundt 200.000. Snittytinga er på 10.300 kilo EK.
I 2017 var Thomas og dåverande eigar, blant dei første som leverte mjølk med proteinvarianten A2A2 til Thise. Mjølka blir selt under namnet Urmælk.
– Vi testa alle dyra og samla A2-kyr i eitt fjøs. Og for to år sidan selde vi 85 kyr for å kunne levere all mjølk som Urmælk. Då gjekk det fleire yndlingskyr, blant anna ei som snart har produsert 10.000 kilo feitt + protein, seier bonden.
Enn så lenge får dei ti øre meir for denne mjølka, men når dei aller fleste oksane i VikingJersey no har A2A2-varianten, ser Thomas føre seg at all jerseymjølk i framtida blir av denne varianten.
Anguskalvane blir selde til ein bonde som har mykje «naturbeite». Kjøparen får ei ku i lag med tre kalvar. Kyr som er i produksjon, men som skal utrangerast.
– Når kua har fôra fram kalvane blir ho slakta og kryssingane går att som landskapspleiarar. Når dei blir slakta blir kjøtet selt som økologisk grasfôra kjøt. Og bonden får tilskot frå EU for å beite på naturareal, seier Thomas.
«Det høyrest kanskje litt hippie-aktig ut, men eg likar å sjå at det er godt med liv i jorda.»
Thomas Malmkjær
Alt heng i hop
Thomas veit han er heldig som bonde på eigen gard. Han takkar sin tidlegare sjef for at han fekk sjansen til nettopp det, og for at dei kunne gjere overgangen så god som mogleg for alle partar.
– Danske gardsbruk veks. Hurtig. Dei som avviklar blir kjøpt opp av naboen. Det er ikkje mange unge som får høve til å kjøpe gard. Det er simpelthen for dyr, seier Thomas.
– Kvifor økologisk?
– Det passer meg best. Eg vil sjå dyra mine ute på gras, og … Det høyrest kanskje litt hippie-aktig ut, men eg likar å sjå at det er godt med liv i jorda. At samspelet i naturen fungerer. Å sjå alle desse markene som er gule om vinteren. Det er jo berre trist, seier Thomas.
Fire av fem: Pernille, Thomas, Ida (5) og Johan (2,5) på ferie i Norge. No har familien blitt fem. Foto: Privat.
Nytt fjøs: Thomas tok nyleg i bruk eit nytt fjøs til sinkyr, kalving og kalvar. Alle dyr på halm, enkeltbingar til kalving, og utvendig fôrbrett til sinkyr.