Det gode bondeliv: Tom Eikeland drøymer om å bli avløysar, helst på ein gard med mjølkekyr. Her er han på Tjelta, der han har arbeidstrening hjå mjølkebonde Torbjørn Voll.

Den viktige arbeidsplassen

5. august 2020

Ein dag i veka får naturbrukselev Tom gjere det han likar aller best: Arbeide på gard med mjølkekyr.

Jane Brit Sande

Tom Eikeland (17) er naturbrukselev på Øksnevad vidaregåande skule på Klepp i Rogaland. Han går i klasse for tilrettelagt undervisning. Til hausten er han klar for tredje trinn.

– Det var landbruksfag eg hadde mest lyst til, seier Tom.

Kvar tysdag er det arbeidstrening som står på timeplanen. Då får Tom vere med mjølkebonde Torbjørn Voll. Dagane går til fjøsstell, maskinmekking, og anna arbeid som treng å gjerast. Ungguten set pris på arbeidet.

– Eg lærer mykje her. Det er god kunnskap for meg å ha med vidare, seier Tom.

 

Favorittraktoren: Ein Massey Ferguson 165 står på låven, og den har ei ekstra stjerne i boka til Tom. Torbjørn fortel at den er ein god traktor å ha i reserve.

 Rom til å utfolda seg

Torbjørn driv gard på Voll i Klepp. Bondevennen møter Tom og Torbjørn i tunet på Tjelta, der Torbjørn leiger eit fjøs til å husa kvigene. Tom får god plass til å utfolda seg både på Tjelta og Voll.

– Eg har ei snikkarbu inne i fjøset her, og så held eg på å laga til ei i fjøset på Voll også, seier Tom.

Material finn han rundt på gardane, eller får av folk han kjenner. I snikkarbua får gamle plankar nytt liv som både krakk og bord. Solide møblar passar godt for arbeidskarar. Tom syner fram fleire av kreasjonane sine.

– Dette er ein lommekniv med treskaft. Knivbladet er gammalt. Kniven kan foldast inn, slik at den kan vere i lomma, forklarar han.

– Og dette er bordbrikker, seier han om to små kryssfinerplater dekorert med gamle hestesko og klistermerke.

Eit viktig arbeidsverktøy er notatblokka. Den er full av arbeidsteikningar og notat som blir til gode byggeprosjekt. Tom fortel at han likar godt å snikra.

– Eg har prøvd meg litt på hestesko også, men eg likar best å jobba med spiker og skruar, seier han.

Det hender det hopar seg litt opp inne i snikkarbua.

– Då må eg selje unna litt. Eg er nøgd med betalinga eg får, seier han lurt.

Glede for begge

Torbjørn fortel at han har stor glede av å ha Tom med seg ein dag i veka.

– Tom er alltid nøgd, og er ikkje framand for å ta i eit tak, seier bonden. Guten er med på det som skjer på garden. No og då kan det bety lange dagar i traktoren.

– Då hender det at han tydeleg er lei, men han klagar ikkje for det, seier Torbjørn.

– Stort sett syter eg for at han har noko han kan pusla med for seg sjølv. Har han ein dårleg dag, er han kjapp med å trekka seg inn i snikkarbua si, seier Torbjørn.

Dagane har kanskje eit lågare tempo når Torbjørn og Tom jobbar i lag. Men det er ikkje berre kos, skal me tru tospannet.

– I dag skal me pressa og køyra inn høy. Då får eg verkeleg utnytta kreftene til Tom, seier Torbjørn.

Snikrar sjølv: Tom har ei eiga snikkarbu, der han puslar med eigne idear. Her er nokre av kreasjonane: Ein benk med skap, ei twistskål, sprettert, lommekniv, bordbrikker, og mykje meir. Notatboka er eit viktig reiskap når ideane skal jobbast med.

Orden på sakene: Tom likar tydeleg orden. Her har han laga eit system for reiskapane sine. Gamle hestesko har fått nytt liv som flaskehylla.

Likar dyra best

Tom får eit problem med å svara når han får spørsmål om kva som er den mest keisame oppgåva. Men han er ikkje i tvil om kva han likar best.

– Det er nok å vere i lag med dyra, og å stelle i fjøset, seier han.

Det sit langt inne, men Tom avslører at han har ei favorittkvige i fjøset til Torbjørn. Han viser veg til ei av rasen Brown Swiss. Torbjørn fortel at Tom ikkje lar seg vippe så lett av pinnen, sjølv om dei firbeinte kan vere lunefulle.

– I fjor sommar jaga ho Tom inn i bjørnebærbuskane rett ved beitet. Likevel er ho ikkje blitt ein fiende, seier bonden.

Framtidsdraumen til Tom er å jobba som avløysar.

– Alt er så kjekt; maskinar, traktor og mjølking. Aller helst vil eg vere avløysar på ein gard med mjølkekyr, seier han.