Han er student i Alvdal, saueklippar over alt, bondelagsleiar i Lund og komande bonde på Sætra. Ikkje så rart at Nils Ørjan Hamre kjempa om tittelen Superbonden på NRK.

Sjur Håland

Foreldra er på vinterferie. Nils Ørjan Hamre styrer garden og dagane på Sætra gard i Hovsherad i Lund som han sjølv vil nokre dagar. Det betyr at 21-åringen står opp i femtida, tar runden i kufjøset, kontrollerer at fôringa skjer som planlagt og at mjølkeroboten sviv som han skal. Resten av stellearbeidet tar drengen frå Polen, Andrzej Ratkowski, seg av.

Kvit tornado

Så fyller han den kvite varebilen med klippemaskin, tilhøyrande utstyr og ei røys med brødskiver, før han freser av garde som ein kvit tornado på snødekte vegar mellom gardsbruk i distriktet for å klippa sauer. Også med klippinga går det unna, med 20-25 dyr i timen. Når Bondevennen møter han midt på dagen, kjem han fykande frå Sira, der han har klipt ulla av 55 sauer.

– Seinare i dag skal eg klippa 17 til nede i bygda. Innimellom, før eg reiser heim, er eg innom hjå farmor på Moi og et middag. Heilt perfekt, seier han, med smilet som var blant kjenneteikna til den unge bonden, då han i 2016 deltok i NRKserien Superbonden.

I haust hadde han fleire klippeoppdrag i Østerdalen. Han har vore i Skottland og på New Zealand og klipt sauer. Neste månad skal han til Nord-Østerdal og klippa meir sauer. Regulert arbeidstid med tilhøyrande stemplingsur er ikkje ein del av arbeidslivet til Nils Ørjan, som klipper mellom 50-150 dyr per dag nå på vinteren.

– Nei, det blir lange dagar. Eg plar ofte vere heime i sju-åtte-tida om kvelden.

 Fjellgard

Garden Sætra i Hovsherad er på nær 1200 dekar og eit av dei høgastliggande mjølkebruka i Rogaland. I tillegg til mjølkeproduksjon på 250.000 liter, driv familien med rugeeggproduksjon basert på 7.500 høner. Sauer høyrer naturleg til på garden. Talet på vinterfôra er 100. Til garden høyrer kring 125 dekar dyrka. Det betyr at dei baserer drifta på ein del leigejord. I tillegg har mora, Tanja, 7.500 høner i rugeggproduksjon og 60 vinterfôra sauer på garden hennar på Hamre i Moi.

– Me planlegg meir dyrking til våren. Målet er å hausta stadig meir av vinterfôret på eige areal. Det er jo greitt å ha det meste sjølv, seier han.

Sjeldan i ro: Aller best er dagane då han får klippa sauer. Foto: Nils Ørjan Hamre

Nils Ørjan Tunheim er nummer fem i ein søskenflokk på sju. Foreldra, Tanja Tunheim Hamre og Svein Arne Hamre, er godt kjente i landbruksmiljøet i Rogaland. Den travle, komande bonden, har ikkje blitt skræmd av bondelivet gjennom oppveksten. Snarare tvert i mot.

– Kva i all verda er det du har fått inn med morsmjølka?

– Det er ikkje godt å vite. Nei, det kan eg ikkje svara på.

9.500 sauefeller

Saueklippinga har i alle fall gått i arv. Ein sterk rygg, likeeins. Det er mange år sidan faren la vekk klippemaskinen, så Nils Ørjan har opparbeidd sin kundekrets på eiga hand. Klippinga har han lært på fleire klippekurs gjennom Nortura, der Stian Espedal har stått i spissen. Børge Høiland, Onar Lima og Jens Olav Leira er blant dei dyktige instruktørane han har hatt. Dei er to unge bønder som nå reiser rundt, hovudsakleg i Sør-Rogaland. Eit distrikt med 55.000 sauer. Nils Ørjan, som i fjor klipte 9.500 sauer, er ikkje særleg storvaksen. Teknikk er viktigare enn rå kraft når 200 sauer på det meste skal klippast til dagen. Kaffi og ein fagprat om sau med bonden på garden, høyrer med.

– Denne vinteren er gjerne fôrsituasjonen eitt tema, men folk er ved godt mot. Dei gler seg over å få klipt sauene og ser fram til lemming og ein ny sesong, seier Nils Ørjan.

– Likar du dyra best, eller er det maskinane som lokkar ved bondeyrket?

– Det er dyra, sjølv om det er kjekt å sitja på traktoren, seier femtemann i søskenflokken, som blir den som skal ta stafettpinnen vidare. Han har førebudd seg godt. Når skuleringa er ferdig, kan Nils Ørjan syna til ei femårig landbruksutdanning.

Alvdal-student

Agronomtittelen fekk han etter tre år på Lyngdal vidaregåande skule. Dei to første åra gjekk han Naturbruk, før han supplerte med Agronomlinja tredje året.

– Så vart det til at eg supplerte med litt til, seier han.

Åstaden for tilleggsutdanninga vart Alvdal i Østerdalen i Hedmark. Storsteigen videregående skole, er eigd av Fagskolen Innlandet og har ei utdanning som heiter Grovfôrbasert husdyrproduksjon for fjellandbruket. Faget tar han saman med 17 medstudentar på deltid over to år.

– Skulen er basert på samlingar, kring tre dagar per månad. Dermed har eg høve til å kombinera skulen med saueklipping og jobbing på sauebruk, både i Gudbrandsdalen og heime.

Etter ferdig utdanning får han tittelen agroteknikar med undertittel Grovfôrbasert husdyrproduksjon. Han kan dermed få arbeid som til dømes rådgjevar.

– Det viktigaste er at utdanninga har relevans for mitt framtidsyrke. Eg har lært mykje. Miljøet er godt, lærarane proppar oss med relevant kunnskap og interessa for faget blant medstudentane er med på å løfta engasjementet og kunnskapsnivået. Eg gler meg til kvar samling, og alt det sosiale som høyrer med som bonus.

Emna på samlingane er økonomi, plantelære og husdyr. Storteigen er einaste naturbruksskulen i landet med aktiv seterdrift.

– Vinterstid har me kunna konsentrere oss om husdyrfaga og økonomi, medan me har vore ein del på fjellet på setra til skulen, som ligg i Folldal, og studert plantelivet, 930 meter over havet. Enormt interessant og lærerikt, slår han fast.

Sauehus blir hovudoppgåve

I juni er Nils Ørjan ferdig med skulegangen. Utover våren står fire samlingar att saman med hovudoppgåva. Fleire av studentane vel temaet gardsoverdraging, medan Nils Ørjan peikar på ein eldre, raudmåla driftsbygning i tunet, som illustrerer kva hans hovudoppgåve går ut på.

– Oppgåva handlar om vegen vidare mot nytt sauehus. Byggløysingar og finansiering er blant det eg skal drøfta og rekna på i oppgåva. Dette blir svært konkret, og eg håpar og trur at det heile vil enda med eit nytt sauehus på garden ein gong.

Talet på vinterfôra treng ikkje plent aukast, understrekar han. Men han vil at dyra skal få eit moderne hus, og at dyra, saman med sauene til naboane, skal utnytta utmarksbeita og fjellet enda betre enn i dag.

– Det er berre å kikka ut, seier han, og peikar ut på landskapet gjennom kjøkkenvindauga.

– Landskapet gror att. Me må ha beitedyr, fastslår han.

– Med mykje kunnskap innabords har du vel mange idear om ting på garden som bør endrast på?

– Ja, men først må eg sleppa til, ler han. – Avlingsnivået er bra her på garden, foreldra mine er dyktige bønder. Men klimaet er utfordrande med store nedbørsmengder og fleire blaute myrer.

Must: Hundane er eit must for saueentusiasten Nils Ørjan. Her har han fotografert Kaia og Trixi i ein fredeleg augneblink. Foto: Nils Ørjan Hamre

Beitelandet Norge

– Klimaendringar, kritikk av raudt kjøt og overproduksjon er tema i samfunnsdebatten for tida. Kva tenkjer du, som er på full fart inn i yrket, om framtida?

– Landbruket må bu seg på både endringar og motstand. Det er ikkje alle endringar som er så galne heller. Å ta garden sine eigne ressursar og produksjonsmoglegheiter i bruk, er eit godt utgangspunkt. Så må me ikkje gløyme at Norge importerer langt meir mat enn me produserer. Sjølvforsyningsgraden er alt anna enn god her i landet.

Nils Ørjan held fram at Norge er eit beiteland.

– Eg likar orda innovasjon og nytenking. Men me kan, enn så lenge, ikkje dyrke gulrøter på fjella og på myrane på Sætra. Det hadde i så fall vore ei eksotisk vare, smilar han.

Leiar Lund Bondelag

Lund Bondelag har eitt ungt styre. Leiaren for dei kring 100 medlemmane er 21-åringen Nils Ørjan Tunheim Hamre. Tre av styremedlemmane er heilt ferske, har fått tillit, og må nå arbeida med jordbruksforhandlingar, ny E39 og gjerdekonfliktane med Bane Nor.

– Fylkeslaget og nabolaga heier på oss, og me opplever å ha medlemmane i ryggen. Lurer me på noko, har me mange med lang erfaring som vil gi oss råd og hjelp, eller stilla opp. Elles er det viktig for meg at om eg står som leiar, er me eit heilt lag som arbeider saman, seier Nils Ørjan.

Meir saueklipp framover

– Kva gjer du etter ferdig utdanning?

– Håpet er å få ein månad med saueklipping i Skottland til sommaren kombinert med at eg får med meg VM i saueklipping i Frankrike.

– Etter sommaren då. Når kvardagen kjem?

– Basen blir på garden, der eg nok blir meir aktiv i drifta. Får eg plass på slakteriet som saueklipper, hadde det vore fint. Elles kjem eg til å halda fram med å reise rundt og klippe sauene til folk.

 

Sanking: Frå sauesankinga i Gudbrandsdalen hausten 2018. – Eit fantastisk område, seier rogalendingen. Hunden, Trixi, har full kontroll på flokken. Foto: Nils Ørjan Hamre.

 

Sjølvmelding

Mest nøgd med på garden?

Fridomen som følgjer med ein gard «høgt til fjells».

Kva ville du prioritert om du var sjefen i dag?

Bygd nytt sauehus.

Råd til andre i din situasjon?

Reis ut, sjå deg om og knyt kontaktar medan du kan. Hopp på og ta sjansen!