BN+

Kontaktsøkande: For at det skal vere mogleg å sanke dyra frå skogsbeite om hausten, bruker Cecilie og Anders tid på å vere nær dyra. Resultatet er kontaktsøkande dyr – heile året.


Anders Stensrød og Cecilie Aalmo har bygd opp drifta frå utegangardrift og eit ombygd sauefjøs, til ein moderne, gjennomtenkt produksjon i eit romsleg fjøs.


Jane Brit Sande


Etter å ha forpakta nabogarden i ti år, vart Anders og Cecilie endeleg bønder med eigen gard i 2016. Det året tok dei over heimegarden til Anders. Det var enkle kår i fjøset, og fleire av dyra var utegangarar. Planlegginga av nytt fjøs kom kjapt i gang, og bygginga starta i mars 2017.

Romsleg

Det nye fjøset er 1450 m2 stort, og er bygd i stål, med sandwich-element i tak og på vegger. Det er naturleg ventilasjon med overlys i møne.


– Me har liggebåsar til 76 mordyr, så det er god plass til dei 70 mordyra me har. Best av alt har me endeleg alle dyra innomhus heile vinteren, seier Anders.


Kuavdelinga er delt inn i fire puljar, med 19 liggebåsar i kvar. Kalvegøymer og kalvingsavdeling er er plassert bak kyrne sine gardar med liggebåsar, med ei kalvegøyme og to fødebingar om ein annan nedover i ei rekke. Her har ku og kalv tilgang på eige fôrbrett, og det er fangfront i kvar fødebinge. På den andre sida av fjøset er ungdyravdelinga. Her er det plass til 39 kviger og 15 oksar.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

LES BONDEVENNEN DIGITALT

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Logg inn med brukarnamn og passord.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

Er du abonnent på papir og ønsker digital tilgang?
Send oss en epost på post@bondevennen.no

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,
Share This