«Før var det ganske
«guttete» å køyre
traktor, men no er
det like vanleg at
jenter køyrer
traktor og
maskinar,
som gutar.»

June Gjersdal
«Du treng ikkje
ha erfaring
frå før.»
 
Ida Amalie Skårland
 
«Som avløysar
får du mange
utfordringar og
lærer mykje
forskjellig.»
 
Vilde Aniksdal Ueland

 

«Det er gildt å
tene litt pengar,
og så er eg veldig
glad i dyra.»
 
Mari Aniksdal

Fire på felles stedlehelg

23. april 2023

Annakvar helg har Mari, Ida Amalie, June og Vilde stedlehelg på kvar sin gard.

– Eg trur det er bra når du skal søke arbeid i framtida, at du har hatt ansvar for eit fjøs, liksom, seier Ida Amalie Skårland.

Liv Kristin Sola

Det er onsdag før påske. Veninnene Vilde, Mari, Ida Amalie og June har samla seg på fjøskontoret på garden heime hjå Vilde, på Aniksdal i Hå kommune på Jæren. June sit litt på lett. Ho har lemmingsvakt heime.

– Eg plar eigentleg gå på natta, men har lova far å sjå etter no fordi han køyrer lort, seier ho.

Også Ida Amalie må passe tida. 15-åringen er avløysar hjå naboen heime, og skal i fjøset seinast klokka 16. Mari og Vilde har eigentleg fri, men det er midt i lemminga, så påskeferien blir nok ikkje heilt utan arbeid.

Trivst best med kyr

Jentene er alle avløysarar, og jobbar annakvar helg. Dei går i 10. klasse på Vigrestad storskule, trener handball på same lag, og har gjerne lag i frihelgene.

June, Mari og Vilde er avløysarar på kvar sin heimegard, medan Ida Amalie avløyser hjå naboen. Det er berre få kilometer mellom gardane og om det trengst, kan dei også avløyse for kvarandre.

Alle jobbar i robotfjøs med kalving heile året. Dei har fått god opplæring og veit kva dei skal gjere når ei søye lemmer eller ei ku kalvar. Det er kyr og kalvar som er favoritten. Sauene er så lite samarbeidsvillige, meiner Vilde. Men i desse dagar går det meir tid i sauehuset enn i mjølkefjøset.

June Gjersdal (16) er avløysar hjå foreldra, Elin og Knut Åge Gjersdal. Dei har 400 tonn i mjølkekvote, framfôring av oksar, og 200 vinterfôra sau. Faren er heiltidsbonde. June håper ho har familie og driv gard på Jæren når ho er 30. Kan hende er ho dyrlege eller dyrepleiar, men aller helst vil ho vere bonde på heiltid.

Mari Aniksdal (16) er avløysar hjå foreldra, Marita og Paul Aniksdal. Dei har 460 tonn i mjølkekvote og 150 vinterfôra sau og litt slaktegris. Begge foreldra er heiltidsbønder. Når Mari er 30 vil ho gjerne ha familie og drive gard på Jæren. Aller helst vil ho jobbe som dyrlege i tillegg til gardsdrifta.

Vilde Aniksdal Ueland (15) er avløysar hjå foreldra, Vibeke Aniksdal Ueland og Ove Ueland. Dei har 230 tonn i mjølkekvote og 150 vinter­-
fôra sau, og to hestar. Mora heiltidsbonde, men begge foreldra er aktive i drifta. Også mormor og morfar trør til. Sjølv er ho usikker på om ho vil drive gard. Uansett vil ho studere først, kan hende interiør, og gjere andre ting, før ho bestemmer seg.

Ida Amalie Skårland (15) vaks opp i byggefelt på Vigrestad, men flytte meir landleg i 2021. 13 år gammal bytta ho ut vaskejobben til fordel for avløysarjobb hjå naboen, Iris og Jone Sør-Reime. Ei drift med 550 tonn i kvote og storfekjøt, begge har litt arbeid utanom garden. Når Ida Amalie rundar 30 år, håper ho å ha fast arbeid og familie – og har ein liten tanke om at det hadde vore kjekt å drive gard på Jæren i tillegg til anna arbeid.

– Når sauene er inne og me har griser, går det i alle fall tre timar per stell, seier Mari.

Dei har mykje ansvar, men alle fire likar det.

– Det er mest utfordrande når me har sjuke dyr, seier June.

– Eller om roboten sluttar å funke, seier Ida Amalie.

– Eller viss fôringsvogna ikkje går, legg Vilde til.

– Kva gjer de då?

– Ringer til far, seier dei i kor, og ler godt.

– Viss far er vekke, ringer eg faren til Mari, seier June, som gjerne stedlar midt i veka også, når faren ikkje kan.

– Når det skjer noko, prøver eg å lære, slik at viss det skjer igjen, så veit eg korleis eg kan fikse det, seier Ida Amalie.

Allsidig yrke: Vilde (t.v.) og Mari vaks opp som naboar på kvar sin gard. – Som avløysar lærer du å jobbe sjølvstendig, seier Vilde.

Helse eller dyrlege

Vilde og Ida Amalie har planar om å gå studieretning helse og oppvekst på vidaregåande. June og Mari siktar seg inn på naturbruk med dyrekunnskap på Øksnevad – kanskje.

– Eg tenker litt på å bli dyrlege. Men er usikker, seier Mari.

Også June har også vore innom den tanken, men veit ikkje om ho vil orke så mange sjuke dyr. Maskinutdanning på TIFF freistar også litt.

– Men eg er usikker på om eg ville trivast med det i lengda, seier 16-åringen.

Det er ganske gudd å tene eigne pengar.

JUNE GJERSDAL

Danmark?

– Eg tenkte på ein ting, seier June. – Skal me reise til Danmark å studere?

Veninnene tenner litt på tanken. Anten studere, eller gjerne heller arbeide på eit mjølkebruk i Danmark.

– Det hadde vore gildt, seier June.

– Eg elskar Danmark. Me plar reise dit på landbruksmesse nesten kvart år.

I fjor sommar var June med Mari og familien på tur til Danmark. Dei besøkte ein storgard med 400 mjølkekyr, karusell, og seks tilsette.

– Det var gildt å sjå, seier Mari.

Flytter ikkje frå Jæren

Vilde har tre yngre brør, og dermed best odel. Men ho har ingen hast med å bestemme seg. Det er nemleg ikkje så mange år sidan foreldra overtok, og nyleg bygde robotfjøs.

Ekte jærbuar: Høg himmel og ope landskap – og mil på mil med steingard. Ida Amalie, Vilde, Mari og June skal aldri flytte frå Jæren.

Mari og June vil gjerne bli bønder, men begge er nummer tre i odelsrekka. Mari har to eldre brør som står framfor henne i køen. June har to eldre systrer som begge vil overta.

– Ganske teit, seier June. – Eg skal gå på Øksnevad (naturbruk) og har lyst til å arbeide med dyr, men får uansett ikkje overta, seier ho.

– Kva med å kjøpe eigen gard – eller leite etter ein odelsgut?

– Helst det siste, kjem det kjapt frå Ida Amalie.

– Odelsgutar finst jo rett rundt dørene her, kommenterer June.

Gjengen ler godt. For dei skal bu på Jæren. Noko anna er heilt uaktuelt.

– Det er korleis det er her. Flatt og ope, men også fine beite og variert landskap. Eg kunne aldri budd i ein dal og berre sett fjell. Nei, eg må bu flatt og kunne sjå sjøen, seier Mari.

Dei andre er samde. Dei flytter aldri frå Jæren.

Morgondagens bønder?: June vil gjerne bli bonde, men har to eldre systrer. Vilde er eldst av fire, men er usikker på om ho vil satse som bonde.

Traktorlappen

June har sikra seg traktorlappen, og Mari er ikkje langt unna. Vilde og Ida Amalie må smøre seg med litt meir tolmod. Dei blir ikkje seksten før i august og i slutten av desember. Når Vilde får lappen vil ho gjerne få seg jobb på ein annan gard.

– Eg trur det er lurt å jobbe for andre enn mor og far, seier ho.

Ida Amalie er den einaste som veit korleis det er. Ho har slekt som driv gard, men hadde sjølv ingen erfaring då ho vart avløysar hjå naboen.

– Det var litt skummelt å begynne som avløysar. Men eg lærer heile tida. Ikkje minst av dei feila eg gjer, seier Ida Amalie.

– Når far gjer feil tenker eg at det er bra det ikkje berre er meg, seier Mari.

June har sommaren friskt i minne. Kvigene braut seg gjennom gjerdet gong på gong og laga mykje ekstra arbeid då foreldra var på ferie.

– Me var dritsure på far som ikkje hadde fiksa gjerdet skikkeleg, seier ho. Mange av gutane i klassen har også faste stedlehelger, og det blir ein del fjøs-snakk på skulen; om utfordringar dei har hatt i helga, og om kyr som ikkje vil oppføre seg.

– Dei som ikkje stedler, synest det er litt irriterande, seier Ida Amalie. 

Vigrestad_DSC_0477

Kule kyr: Ida Amalie og Mari tek seg alltid god tid med dyra. Då blir det mange kuuule situasjonar.

Mange vil bli bønder

– Kvifor orkar de å stå opp så tidleg i helgene for å stedle fjøs?

– Det er gildt å tene litt pengar, og så er eg veldig glad i dyra, seier Mari. For når dei bur der dei bur, er avløysing eit naturleg val om dei vil ha jobb.

– Her er jo ingen kjøpesenter eller mange butikkar å jobbe i, seier June.

Men kva tenker dei eigentleg om framtida for jordbruket her til lands?

– Det ser ikkje så lyst ut, meiner June.

– Det er mange som legg ned, som ikkje vil drive lenger.

– Men me må jo produsere mat i vårt eige land. Det er det som er berekraftig, men bonden tener for lite, seier Vilde.

Dei trur det vil bli færre bønder og at gardane blir større. Samstundes kjenner dei mange som gjerne vil bli bønder.

– Det er jo litt typisk Norge, at det er mange små gardar, seier Ida Amalie.

På strak arm: Når lemminga er i gang og dagane ikkje strekk for bonden, til er det fint å ha erfarne ungdommar i fjøset.

Vigrestad_DSC_0447

Felles interesse: Det blir mykje ku-prat, både når dei er i lag og på skulen.

 

Vigrestad_DSC_0855

Spreke Jærbuar: Firkløveret trivst godt på Jæren og har ingen planar om å flytte – nokon gong.

Vigrestad_DSC_0516

Å sjå dyra: Å ha eit auge for om dyra er friske er ein viktig eigenskap, både som avløysar og bonde.

Vigrestad_DSC_0474

Kuuule kyr: Ida Amalie og Mari trivst med dyra og bruker god tid i lag med dei.

Vigrestad_DSC_0430

Framkomstmiddel: Ein firhjuling er eit kjekt framkostmiddel for dei som har blitt 16.

Allsidig yrke: Som avløysar har du mykje ansvar, og god opplæring er viktig for å få ein dyktig avløysar.

Vigrestad_DSC_0492

Lærer av kvarandre: June og Vilde deler gjerne erfaringar frå kvart sitt fjøs.

Vigrestad_DSC_0650

God opplæring: Når ein sau lemmer eller ei ku kalvar, veit jentene kva dei skal gjere.

Vigrestad_DSC_0569

Felles interesser: Jentene stedler på kvar sin gard, men det er sosialt på eit vis likevel.

Vigrestad_DSC_0608

Våren: Både June, Mari og Vilde har sau på garden. I desse dagar går lemminga mot slutten.

Vigrestad_DSC_0978

God arbeidserfaring: På Jæren er avløysing ein ettertrakta jobb for ungdommen. Mari, Vilde, Ida Amalie og June ville aldri ha bytta.

Har du lyst til å bli avløysar?

Hopp i det, utfordrar dei fire erfarne veninnene.

– I alle fall om du har interesse for dyr. Då er det ein fin jobb, seier June.

– Som avløysar må du ta ansvar og du lærer å bli sjølvstendig, seier Mari.

– Eg trur det er bra når du skal søke arbeid i framtida, at du har hatt ansvar for eit fjøs, liksom, seier Ida Amalie.

– Du får mange utfordringar og lærer veldig mykje forskjellig, seier Vilde.

– Det er ganske gudd å tene eigne pengar. Ikkje snylte på mor og far, seier June.

– Og du treng ikkje ha erfaring før du begynner, seier Ida Amalie.

– Det går heilt fint. Du lærer etter kvart, og kan jo slutte om det ikkje er noko for deg, seier Vilde.

At dei er jenter tenker dei ikkje på som så spesielt.

– Før var det ganske «guttete» å køyre traktor, men no er det like vanleg at jenter køyrer traktor og maskinar som gutane, seier June.

Dei trur gutar gjerne er meir sjølvsikre, men at jenter er vel så ettertrakta som avløysarar.

– Eg trur det er viktig at det er mange jenter som er avløysarar fordi dei er ofte meir nøye, og meir interessert i dyra, seier Ida Amalie.

Stor interesse

Siri Klovning Fuglestad i Landbrukstenester Hå fortel om stor interesse for avløysaryrket.

– Me har fulle kurs og ventelister, så det er fleire avløysarar enn det er tilgang på jobbar, seier ho.

Fuglestad råder bøndene til å satse på yngre avløysarar. – Me har ungdom frå 13 år og oppover. Av erfaring blir dei gjerne verande i jobben og er blir klar til å overta etter eldre som sluttar. Og me har ganske mange «stasjons-ungar», utan erfaring, som blir dyktige avløysarar, seier ho.

Til ungdommen som ønsker jobb er rådet å vere aktiv og gjerne stikke innom ein gard i nabolaget og høyre om dei treng avløysar.

– Det viser initiativ og pågangsmot, og at du verkeleg har lyst til å jobbe på gard, seier Fuglestad.