– Her oppe er eg fri mann, seier Karl Martin Mattingsdal. Men med jobben som heiasjef, følgjer også eit stort ansvar, både for folk og fe.
Bothild Å. Nordsletten
Kvart år, sidan ein gong på 1800-talet, markerer følgjande, store rørsle årstidene i landet bak Jæren: På våren bølgjer eit kvitt, brekande teppe av sauer og lam aust, innover heiene i retning Setesdal. Under sommaren går teppet i oppløysing, dyra driv dit dei vil, etter det beste beite. På hausten blir det same, no litt tjukkare teppet, samla og drive attende frå fjella mot gardane i vest. Den årvisse rørsla sikrar mat og pengar.
«Høgre!», «Vinstre», «Kom, fot!» Korte kommandoar og røynde blikk mellom heiamenn og hundane deira spinn usynlege trådar som held teppet i hop. Hovudansvaret for å halda veven saman ligg hjå ein mann - heiasjefen.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.