Ny bruk av gjødsellager: Flisfyringsanlegget har fått plass i eit ombygd gjødsellager. Fyringskjelen er plassert bak veggen. Teleskoplastaren er praktisk når Pollestad skal fylle på med flis.

Prosjektet Gardsvarmeanlegg Vestlandet vil lokke fleire bønder til å gjere som Jo Pollestad: Å bytte frå fossil til fornybar energi.

Jane Brit Sande

Jo Pollestad har hatt flisfyring på garden i fem år. Han har ikkje angra på at han kutta ned på gassforbruket. Produksjonen av slaktekylling tel 300 000 dyr, og går føre seg i seks forskjellige avdelingar på totalt 3,5 daa, på garden på Nærbø, Jæren.

– Eg nyttar meir varme enn fliskjelen har kapasitet til, så eg supplerer med to gasskjeler som er knytt til same varmeanlegget. Den har eg også i reserve om noko ikkje skulle fungera. Om eg hadde hatt stor nok fliskjele, ville eg fortsatt hatt reserveløysinga. Varmen er avgjerande for produksjonen, seier bonden.

– Det er slakteriet som planlegg innsett i kyllinghuset, og det gjer det vanskeleg for meg å legge opp til eit jamt varmebehov. Eg kan til dømes ha periodar der eg har små kyllingar i fleire hus, og då er varmebehovet stort, forklarar han.

Gass var lenge den einaste energikjelda i kyllinghusa. Etter at flisfyringsanlegget kom på plass, har Pollestad også bygd nytt kyllinghus. Det stod klart i august i fjor.

– Det går mest varme når eg har små kyllingar, men det kan vere behov for varme gjennom heile innsettet for å sikre luftkvaliteten. Eg nyttar stort sett varme kvar dag heile året. Teljaren på fliskjelen har i løpet av fem år bikka 2,5 millionar kWh, seier han.

Trygve Håland på Jæren leverer flis til Pollestad, som betaler 225 kr/m3. Han anslår at han årleg nyttar kring 7-800 m3 flis, gitt god kvalitet. Ein lauskubikk med flis produserer 750 kWh. Grovt rekna kjem energiprisen på 30 øre/kWh.

Prosjektet

Karl Ludvig Ådland, frå Nærenergi i Tysvær kommune, er også på besøk hjå Pollestad. Ådland er engasjert av fylkesmennene i Rogaland og Hordaland som rådgivar i prosjektet Gardsvarmeanlegg Vestlandet. Tiltaket er støtta av Innovasjon Norge. Interesserte bønder kan kontakte Ådland direkte (sjå boks). Målet med prosjektet er å få fleire bønder til å nytte seg av fornybare energikjelder. Ådland si oppgåve vil vere å hjelpe bønder med å kartlegge behov og moglegheiter på eigen gard.

– Flisfyring har fleire positive sider. Jo Pollestad nyttar årleg 500 000 kWh frå ei fornybar energikjelde, i staden for frå ei fossil. Det er betre for miljøet og er økonomisk konkurransedyktig samanlikna med andre energikjelder, seier han.

Flisprat: Karl Ludvig Ådland (t.h.) frå Nærenergi i Tysvær kjem til å gi individuell rådgiving. Jo Pollestad har hatt flisfyring på garden sidan 2012

– Eg vil sette meg ned saman med den enkelte bonden for å kartlegge energibruk og effektbehov knytt til produksjonen og bygningsmassane, og finne ut kva slags løysing med flisfyring som vil fungere best på den enkelte gard. Eg vil også hjelpe til med investeringskalkylane, seier Ådland.

Investeringskostnad

Det er mykje som slår inn på sluttprisen på eit flisfyringsanlegg, men Ådland reknar at summen vil starte på ein halv million kroner og oppover. Dersom ein kan klare seg med eit vedfyrt anlegg, er investeringa noko rimelegare.

– Fyringskjel og matesystem, moglegvis eit eige energirom høyrer med, og så skal det leggast varmerøyr. Det har også noko å seie kor mange bygningar dette anlegget skal nå. Nokon vel at anlegget også skal varme opp bustad, garasje, verkstad, og så vidare, forklarar han.

– Dei som har tilgang til eigen skog, og dermed eige råstoff, kan få ein utruleg billeg energi om dei nyttar flisfyring, seier Aadland.

Då Pollestad investerte i 2012, vart kostnaden på rett over ein million kroner. Det inkluderer fliskjele, matesystem og vassboren varme i alle avdelingane. Pollestad har valt å montera spiraflex varmerøyr i veggane. Det er i tillegg golvvarme i det nye kylllinghuset, og i to av dei gamle avdelingane.

– Det er eg veldig nøgd med, seier han.

Bonden bygde om og tilpassa eit gammalt gjødsellager for å få eit funksjonelt rom til fyringskjele og matesystem.

– Eg fekk tilskot frå Innovasjon Norge til investeringa. Kvart år har eg brukt mindre pengar på energikostnadar, seier Pollestad nøgd.

Lønsemd

Pollestad synast det er vanskeleg å gi eit nøyaktig svar på kor lønsam flisfyringsinvesteringa har vore.

– Det er mange faktorar som speler inn på økonomien her på garden. Me har produsert same tal kyllingar i mange år, men produksjonskrava har endra seg mykje. Omfanget av produksjonen har auka år for år. Kyllingane skal ha meir plass, veks fortare og slaktevekta har auka. Dess meir effektiv produksjon, dess viktigare er det med optimale forhold, spesielt med tanke på luftkvalitet. Det viktigaste for lønsemda er produksjonsresultatet. Med eit godt varmeanlegg og rimeleg energi er det nok lettare å tilføre den varmen som må til for å optimalisere produksjonen. Det kan fort løne seg, både for økonomien og for dyrevelferda, å vere litt raus med varmen, seier han.

Retta mot kyllingprodusentar

I Rogaland vil prosjektet Gardsvarmeanlegg Vestlandet rette seg mot kyllingprodusentar. Ådland forklarar at dette er den husdyrproduksjonen som nyttar mest varme. Det ekskluderer likevel ikkje bønder med andre produksjonar til å søke om deltaking. I Hordaland vil prosjektet i tillegg til gardsbesøk òg gjennomføre to fagdagar med temaet gardsvarmeanlegg. Pollestad treng eit større, betre og meir funksjonelt flislager, og kjem til å søke Innovasjon Norge om midlar til dette. No lagrar han flisa i ein gammal gjødselkjellar, som kan romme 100 m3 med flis.

– Eg bestiller som regel kring 70 m3 flis kvar gong, og får levert flis kvar månad, seier han.

– Med eit nytt lager kan eg bestille større kvanta. Eg vil også ha to rom i lageret. Dersom eg får eit parti med litt dårlegare kvalitet, kan dette lagrast for seg, så kan eg blanda det med flis av betre kvalitet, som eg kan lagra i den andre delen.

Vassboren varme

Samstundes som Pollestad installerte flisfyringsanlegget, starta også eit heilt nytt tilvere med vassboren varme. Flisfyringa gjer varmejobben.

– Det er ein heilt utruleg forskjell, samanlikna med før eg fekk vassboren varme, seier Pollestad.

Fram til 2012 hadde han direktefyrt gassoppvarming i alle avdelingane.

– Temperaturen i huset er mykje meir stabil, og det er lettare å få til ein god og jamn kyllingflokk. I kyllinghus fyrer me for god luftkvalitet, riktig temperatur og luftfuktighet, og då er det viktig å bruke nok varme, seier den erfarne bonden.

Gardsvarmeanlegg Vestlandet:

Innovasjon Norge og fylkesmennene i Hordaland og Rogaland ønsker at fleire bønder nyttar fornybare kjelder til varmeproduksjon på garden sin. Dette gjeld ved- og flisfyrte anlegg. Det er også døme på prosjekt med solceller i kombinasjon med flis.
I haust kan bønder som er nysgjerrige på dette få rådgiving heime på garden sin. Rådgivinga som blir gitt er nøytral, og vil ikkje være bunde opp mot leverandørar eller andre tilbydarar på feltet.

Interesserte bønder bes kontakta Karl Ludvig Ådland i Nærenergi Norge så snart som råd.
E-post: karl.ludvig [a] narenergi.no
Mobil: 480 35 952

Stikkord denne saka: