Avslappa: Dyra tok livet heilt med ro, då Bondevennen var på besøk.

Nils Ove Nordland og Ann Elin Tveita ville at gardsdrifta skulle vere enklast mogleg, og selde mjølkekvoten. Dei satsar heller på privatsal av kjøt frå urfe og sau – via eigen nettstad.

Jane Brit Sande

Nils Ove Nordland var berre 16 år då han tok over garden etter farfar sin i 1986, og sidan den gong har garden vore under utvikling. Nordland Gard er i dag ein gard med økologisk produksjon av kjøt av storfe og sau.
Med unntak av sauehuset, som var nytt det året då Nils Ove tok over garden, var alle bygningane frå 1920-talet. Sau var hovudgeskjeften, og etter eit par år hanka den unge bonden inn mjølkekvoten att.

– Det var mjølkeproduksjon på garden fram til 2004. Me er begge i fullt arbeid i tillegg til garden, og ønskte ein meir fleksibel kvardag heime, seier Nils Ove.

Kvardag for dei: Nils Ove og Ann Elin selde mjølkekvoten, og satsa på kjøtproduksjon i staden. Resultatet er ein betre kvardag, for dei.

Om garden:

Nils Ove Nordland og Ann Elin Tveita driv Nordland gard i Noredalen i Sandnes kommune, Rogaland.
Dei har ammekyr av rasen Tiroler Grauvieh, eller tiroler-fe, ein urfe-rase frå Austerrike. Dei har kring 20 mordyr av rasen. I tillegg har dei ca. 50 sauer, av rasane Norsk kvit sau, Suffolk og Gammalnorsk spælsau. Dei sel kjøt frå storfe og sau privat. Fatland Jæren handsamar slaktings- og pakkearbeidet.

Begge bøndene er i arbeid utanom garden. Nils Ove driv som betongentreprenør. Ann Elin arbeider på kontor på ein ortopediklinikk.

Garden måler totalt 900 dekar. 90 dekar er dyrka, 200 dekar er beite. Resten er fjell og lynghei.

Ann Elin flytta til garden i 2002. Paret ville heller satse på kjøtproduksjon av storfe og sau. Dei såg at NRF-kyrne ikkje passa inn i det nye driftsopplegget, der beiteutnytting skulle stå sentralt. Jakta på ein storferase som passa hjå dei starta.

Rase frå Austerrike

– Me hadde mange brosjyrar om dei forskjellige storferasane liggande, men Tiroler-dyra fenga meg. Dei er fascinerande og flotte å sjå til, seier Nils Ove.

– Rasen passar godt hjå oss. Dei er godt vane med kratt og fjell, og det er nettopp det me har mykje av her på garden. Rasen er også godt eigna til økologisk kjøtproduksjon.

Tiroler Grauvieh, eller tiroler-fe, er ein urfe-rase frå Austerrike. Dei første kvigene av rasen kom til gards i 2006, reisande frå Trøndelag. Den gong var det berre 120 mordyr av rasen i Norge.

– Me ser at dyra trekk både langt og høgt på beite, dei er godt rusta for ulendt terreng. Når det gjeld beiteeigenskapar kan dei berre sjå seg slått av skotsk høglandsfe. Dette var også ein av rasane me vurderte, men slo frå oss då den kjem dårlegare ut økonomisk, seier Nils Ove.

Livdyrsal freista, og dei prøvde seg med det heilt i starten. Men dyra var ikkje attraktive, då rasen ikkje var godkjent som kjøttfe i kombinasjon med mjølkebruk.

– Me begynte å tenke i andre banar, og privatsal av kjøt kom opp som eit alternativ, seier han.

I årets jordbruksavtale kunne raselaget til Tiroler Grauvieh endeleg juble. No er rasen godkjent som kjøtfe på mjølkebruket.

– Det er veldig bra. Det blir spanande å sjå om det no blir meir ettertrakta med livdyr, seier Nils Ove.

Ny satsing, gammal rase: Då dei la om drifta på garden, ville bøndene også satse på ein rase som passa garden betre. I dag har dei kring 20 mordyr av rasen Tiroler Grauvieh.

La om til økologisk

Dei hadde fleire rundar i tenkeboksen, før avgjersla om omlegging til økologisk vart endeleg.

– Me ville heilt enkelt gjere noko nytt. Å leige ut driftsbygningar og areal var aller siste utveg, og ikkje noko me eigentleg ville. Då freista økologisk, og me starta å legge om i 2008, seier Nils Ove.

– Det var ikkje store overgangen frå konvensjonell produksjon. Eg har aldri nytta noko særleg med sprøytemiddel på garden, og var berre glad til at eg slapp å køyre ut med gjødning.

Forkjemparar for økologisk produksjon har halde igjen jubelen etter at årets jordbruksavtale kom i hamn.

– Det var ikkje store endringar for kjøtfe, men me vil merke ein nedgang på sau. Det er forståeleg, med tanke på den vanskelege marknadssituasjonen. Men det presser sauebønder til å redusere dyretalet, noko som gjer at landskap vil gro att, seier Nils Ove.

– Eg meiner pleie av kulturlandskap burde få betre støtteordningar, gjerne fortrinnsvis i kombinasjon med økologisk produksjon. Når dyra blir sendte opp på fjellet for å beite lyng og kratt, er dei lettare når dei kjem ned igjen, enn viss dei går på meir næringsrike beite. Dette burde det vore ei betre kompensasjonsordning for, slik at attgroinga blir hindra, seier han.

Privat sal

Planen om å selje kjøt under eige varemerke viste seg å vere vanskeleg å realisera. Den første stuten vart slakta i 2010, og det tok tid å bli kvitt kjøtet.

– Det er ikkje mange år sidan, men den gong var det ikkje same kjennskap og medvit kring økologisk mat og produksjon. Salet gjekk trått dei første åra, men me har ein god heiagjeng rundt oss, seier Ann Elin.

På tampen av 2012 skjedde det noko.

– Eg hugsar Debio hadde ein kampanje for økologisk mat i tida før jul. Me merka forskjell etter det, seier Ann Elin.

I fjor starta bøndene i tillegg å marknadsføre kjøtet som «grasfôra».

– Minst mogleg kraftfôr var eitt av hovudmåla våre då me la om drifta. Men kyrne får kraftfôr den første tida etter kalving, for å styrke mjølkeproduksjonen, seier Nils Ove.

– Dyra våre har alltid vore grasfôra, men det har ikkje vore særleg sterk medvit kring dette frå kundane våre, før i fjor. No opplever me også å få kundar som ønsker grasfôra kjøt, seier Ann Elin.

Populært kalvekjøt

I 2014 begynte dei å selje kalvekjøt.

– Ein fin måte for oss å bli kvitt stutkalvane, og me slepp stenga dei inne etter at dei er skilt frå mor, seier Nils Ove.

– Og kalvekjøt, særleg økologisk, er vanskeleg å få tak i, seier Ann Elin.

Produktet vart godt motteke av kundane.

– Andre året slakta me sju kalvar. Alt kjøtet vart utseld på under eitt døgn, seier Ann Elin.

Det er ho som administrerer kjøtsalet. Kundane deira får e-post med varsling om at salet er opna. Kjøtet blir ikkje levert før på seinhausten, fem månader etter at det er bestilt.

– Mange er på med ein gang me har sendt ut varsling, og er på tråden om dei ikkje har fått stadfesta bestillinga etter eit par timar. Det er utruleg kjekt når arbeidet me gjer blir motteke på denne måten.

Gode beitedyr: Dyra fekk trekke ned på dyrka beite då Bondevennen var på besøk. Dei er også mykje i utmarka som høyrer til garden. – Dei er gode beitedyr, seier bøndene.

Heile dyret

Drifta er lagt opp med konsentrert kalving på våren. Kalvane går med mora heile sommaren, og blir fødd opp på mjølk og gras. Stutkalvane blir slakta når dei er mellom seks og åtte månader gamle. Slaktevekt er på 120-150 kilo.

– Me sel det som kan seljast frå skrotten. Berre kring ti kilo per dyr går til destruksjon, seier Nils Ove.

Både kraftbein, lever, talg, nyrer, brissel, hale, hjerte og tunge er blant produkta kundane etterspør.

– Det er ikkje desse produkta me tener pengar på, men det er ein tilleggsservice å tilby det. Dessutan synest me at det er eit pluss at me får tatt heile dyret i bruk, seier Nils Ove.

Lett å samla flokken

Eit besøk på beitet avslører at dyra veit godt kva som er i den svarte bøtta. Nils Ove er ettertrakta blant damene på beitet når han kjem med den.

– Eg drar nytte av dyras kjennskap til kraftfôret når eg skal samle flokken, seier bonden.

I desse tider florerer sosiale media med bilete og filmar av elleville beiteslepp. På Nordland Gard, derimot, går dyra inn og ut av fjøset som det passar dei, men bøndene erfarer at dyra helst held seg ute.

– Hjå oss kjenner ikkje dyra til noko anna enn eit liv i det fri, seier Ann Elin.

Populært: Dyra er kjende med kraftfôr, då dei får dette servert etter kalving. Ein positiv konsekvens er at det blir lettare for bøndene å samle flokken når dyra er på beite. 

Sjølvmelding

Kva er de mest nøgd med i eiga drift?

Drifta er enkel og oversiktleg.

Kva er de minst nøgd med?

Me saknar større plass for kyrne å kalve inne, dersom me har fleire som treng tilsyn i denne perioden.

Har de råd til andre med liknande drift?

Gamle fjøs kan fungere godt, ved hjelp av enkel ombygging. Ha tålmod.