BN+

Nytt: Det nye fjøset er bygd i sandwichelement, med kjente «sørlandsfargar». Betong ville bryta med tradisjonane på garden. Veggene er ekstra isolerte. Garden ligg i ei kuldegrop, der gradestokken kan krypa under 30 minus.

Gler seg over nytt fjøs



Åge Gyland er ein glad bonde, som smilar mykje. I desse tidene smilar han ekstra brett. Om få veker skal eit flunkande nytt mjølkefjøs takast i bruk.


Sjur Håland


Det kunne like så gjerne vore snøkvitt, 10 minusgrader og full vinter på Gyland. Denne mørke desemberdagen er derimot gradestokken godt over på plussida. Skydekket er lågt. Småregnet i lufta forsterkar inntrykket av grå, vinterkvilande kjelver og utmarksbeite. Ein knallraud driftsbygning med kvite vindaugskarmar og ventilar skil seg ut i den bygningsrike husklynga på Gyland gard. Fleire arbeidsbilar er parkerte på utsida. Inni fjøset høyrest lydar av betongpussemaskinar og hydrauliske liftar. Ein ny driftsbygning er i ferd med å bli ferdigstilt.

Tenkjer langsiktig

Familien Gyland har vore medvitne på å tenkja langsiktig med tanke på gardsoverdraging. At Åge Gyland er 13. generasjon bonde på garden, kan nok bidra til nokre ekstra forventningar om at slekt skal følgja slekters gang. Den nye driftsbygningen kjem som eit resultat av at 14. generasjon, Ruben Gyland, og sambuaren hans, Irina Røyland, er i ferd med å flytta heim. Ruben, som arbeider med linjerydding for eit lokalt firma, er byggherre for det nye fjøset som er under oppføring. Men Åge forsikrar at det framleis er litt for tidleg for han å gå frå borde.


– Garden er framleis min. Det blir ein gradvis overgang. Nå er det Ruben som er byggherre. Når tida så er inne, overtek han resten av garden, medan eg trør til sides, seier 1964-modellen.

Sterk saueinteresse

Ku og sau har vore oppskrifta på garden. Åge innrømmer glatt at hjarta bankar særleg sterkt for sauene. Han og broren byrja med sau i den gamle 1918-driftsbygningen. Det var i 1974. Då var Åge 10 år.


– Eg stelte sauene morgon og kveld. Før og etter skulen. Det var nok i denne perioden at interessa for sau for alvor sette seg, fortel han.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,