BN+

Kontroll på sakene: Olaug og Magne Mæland sjonglerer tre produksjonar i fire fjøs. Med planlegging og oversikt, har dei god kontroll.

Har ein plan for det meste



Med god oversikt og planlegging, sjonglerer Olaug og Magne Mæland tre produksjonar i fire fjøs.


Jane Brit Sande


Olaug og Magne Mæland driv gard på Mæland i Bømlo kommune. Begge arbeider fulltid på bruket, der dei driv med sau, slaktegris og ammeku. Dei starta med sau i 1996, og sidan har dei bygd opp produksjonane ein etter ein. Heilt sidan dei formelt tok over i 2016, har Andreas Lundegård frå Tveit Rekneskap, vore deira faste rådgivar og rekneskapsførar. Han vart med Bondevennen på gardsbesøk.

Viktig heiabeite

Sauehuset vart bygd på ei fråskilt tomt i 2006. Der har dei plass til ca. 270 vinterfôra sau. Bøndene har i dag ca. 300 vinterfôra, og derfor har dei ein flokk som går ute fram til januar. Dei sterkaste lamma blir sende på heiabeite i Røldal. Om lag ein tredjedel av flokken får springa der oppe gjennom sommaren. For å gjera sankejobben lettare, har dei investert i radiobjøller.


– Det er mykje arbeid og organisering med heiabeite. Både dugnadsfolk og transport skal i orden, særleg når sauene skal heim. Men heiabeite er heilt naudsynt viss me skal ha så mykje sau, seier Magne.


I år ventar dei 650 lam. Lammetalet var høgare i fjor.


– Eg har alltid mål om å levera mange lam om hausten. Då må me ha mange om våren. Det er eit enkelt reknestykke, seier Magne.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

LES BONDEVENNEN DIGITALT

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Logg inn med brukarnamn og passord.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

Ikkje ennå abonnent? Prøv Bondevennen ei veke gratis her!

Er du abonnent på papir og ønsker digital tilgang?
Send oss en epost på post@bondevennen.no

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,
Share This