Heldig: Tor Kåre Helland tar no fatt på sine siste veker som meieristyrar på Tine Meieriet Setesdal. Då har han vore tilsett i 45 år. – Eg har vore heldig, seier han.

Tor Kåre Helland har vore ei viktig brikke i drifta av Tine Meieriet Setesdal. No tar han fatt på sine siste veker som meieristyrar.

Jane Brit Sande

Det vesle meieriet i Byglandsfjord har vore under utvikling og forandring i alle år. Det som i dag heiter Tine Meieriet Setesdal opna dørene for første gong i 1953, og har overlevd fleire rundar med rasjonalisering i samvirke-systemet. No står dei støtt med produksjon av fleire variantar smør, samt Ryfylkegome og rømmegraut. Råvarene, fløyte og rømme, får dei levert frå meieret i Kristiansand og på Jæren.

Stolt meieristyrar

Tor Kåre Helland, gardsgut frå Bjerkreim, hadde sin første arbeidsdag på meieriet i Vikeså 1. mars 1973. I 1998 kom han til meieriet i Setesdal. Med unntak av eitt år der han hadde anna arbeid, har Tor Kåre vore stolt meieristyrar sidan. Siste arbeidsdag blir 28. februar 2019.

– Når eg trekk frå det eine året, blir det 45 år i bedrifta. Det har vore gode år. Eg har vore heldig, seier Tor Kåre.

I fleire år var det stabilt med tapping og levering av mjølk på meieriet i Setesdal, men volumet på berre éin million liter i året var ikkje nok til å få lønsemd i denne delen av produksjonen. Då meieriet i Kviteseid, saman med fleire andre i Telemark og Agder-fylka, vart lagde ned, fekk meieriet i Bygland ta over produksjonen av det berømte Kviteseidsmøret.

– Me fekk med både pakkemaskina og han som laga smøret. Han pendla frå Kviteseid i fleire år, fram til han vart pensjonist. Det var viktig for at overføringa av produksjonen gjekk som smurt, seier Tor Kåre.

I dag er Kviteseidsmøret hovudproduksjonen på Bygland.

– Me produserer 400 tonn av dette smøret i året, seier Tor Kåre, og ramsar i tillegg opp: 100 tonn laktosefritt smør, nærare 40 tonn av diverse andre sortar som Setesdalsmør og økologisk smør, 40 tonn Ryfylkegome og to tonn rømmegraut.

Gjenbruk

Meieriet på Bygland har maskinar og utstyr etter heile 16 nedlagde og eksisterande anlegg. Så snart ein produksjon vart avslutta på Bygland, gjorde dei lokala klare til noko anna. Då det vart slutt på tapping av konsummjølk, vart maskinane reinska ut og lokala klargjort for noko nytt.

– Då andre meieri måtte legga inn årene, fekk me eit høve til å oppgradera gammalt utstyr, og utvida med ein ny produksjon. Dette har bidrege til at me har greidd å halde oppstarts- og investeringskostnadar så låge som råd, seier Tor Kåre.

Meieriet på Finnøy i Rogaland la ned i 2000. Produksjonen av Ryfylkegome måtte flytte til Setesdal.

– Dei tilsette kom med brunostgrytene frå Finnøy, og hjelpte oss i gang. Dei sytte for at ustyret var skrudd riktig saman, at alt sveiv som det skulle, og at me fekk lære produksjonen. Då dei var ferdige her, reiste dei heim til Finnøy og reiv ned sin eigen arbeidsplass. Me er svært takksame for alt dei gjorde for oss, seier Tor Kåre.

Motpol

Gardsguten Tor Kåre har fått med seg eitt og anna frå oppveksten, som har kome godt med i meieridrifta. Sjølv er han mest oppteken av den langsiktige tankegangen for god og lønsam drift.

– Det er noko eg saknar i det moderne samfunnet. Me ser ikkje slikt no til dags. No handlar det om kortsiktig vinning i eit kortsiktig perspektiv. Det er eigentleg trist, seier han.

 

Med i produksjonen: Tor Kåre er ikkje framand for eit tak i produksjonslina. – Til sjuande og sist er det produksjonen me lever av, og då er den vårt ansvar saman, seier han.

– Og alt skal vere så billig. Dette kostnadsjaget er ikkje rettferdig overfor produsentane.

Meieristyraren har hatt eitt mål sidan han kom til Byglandsfjord: Tene pengar.

– Eg har jobba langsiktig sidan eg starta her, og det har svart seg. Me tener pengar, bidreg inn til Tine-systemet, og er ikkje ei belasting. Me er viktige med våre nisjeprodukt, og får det til med dei råvarene me får inn. Produksjonen er kanskje ikkje veldig stor, men den bidreg til at kundane har litt å velje i når dei er på butikken, seier han.

Gode resultat

Meieriet kan skilte med pluss i rekneskapen og eit ekstremt lågt sjukefråvær. I ti av dei siste tolv åra har fråveret vore under éin prosent.

– Det fråværet som har vore, har vore enkeltståande hendingar. Det har aldri vore relatert til arbeidsmiljøet, seier Tor Kåre.

Dei er ikkje meir enn 11 tilsette, fordelt på ni årsverk. Meieristyraren skryt av kollegaene sine, og deler gjerne det som har vore suksessoppskrifta på meieriet. – Her er alle med. Det er vårt anlegg. Me har felles mål om å bli betre. Slikt gjer noko med arbeidsmoralen, og det blir ein betre og trivelegare arbeidsplass, seier han.

Dei tilsette har ulik alder, bakgrunn og arbeidserfaring.

– Ingen av oss er like. Det handlar litt om å gi og ta. Me er alle her for å gjere ein jobb, og då kan me like godt ha det triveleg og kjekt saman, seier Tor Kåre.

Drifta er avhengig av at alle kjem til ei kvar tid.

– Me treng alle hender i sving, seier sjefen.

Kvar og ein har sine ansvar og oppgåver, men ingen er framand for produksjonslina.

– Me må alle bidra der frå tid til annan uansett. Me er gode på å hjelpe kvarandre. Til sjuande og sist er det produksjonen me lever av, og då er den vårt ansvar saman. November og desember er den mest hektiske tida her hjå oss. Då er me med og tar i eit ekstra tak, me er nøgde og me veit kva me skal gjere. Det er fullt trykk alle stader, det er ei herleg tid.

– Kor trur du meieriet er om ti år?

– Ingen kan spå framtida, men så lenge Tine vil ha nisjeprodukt, ser det lyst ut for anlegget. Dette meieriet er godt rusta for vidare drift i mange år framover. Men, me kan aldri slutta med vedlikehald. Det er viktig å passe på, sjå etter, og fikse når noko treng fiksast. Eg har full tiltru til at gjengen her vil halde fram med det, seier Tor Kåre.

 

Share This