Bønder: Gitte Pedersen Årdal og Leif Arvid Årdal med Johanna mellom seg. Hønehuset i bakgrunnen.

Jærbønder flytta til fjells

mai 26, 2020

– Folk heime meinte me var galne som kjøpte gard og flytte til Sirdal frå Jæren. Me har ikkje angra eitt sekund. Dette er berre gildt, seier Gitte Pedersen Årdal.

Sjur Håland

Ei dryg veke inn i mai lauvast det i lund og li. Det gjeld så visst også på Espetveit i Sirdal kommune, 18 kilometer frå kommunesenteret, Tonstad. Om mai har vore kald, med fleire frostnetter, er eng og beite i ferd med å skifte ham. Frå gråbrunt til grønt. Bjørka sprett. Det same gjer lamma i sauehuset til Gitte og Leif Arvid Årdal. Lemminga er nett overstått. Dyra skulle vore ute, men den kjølige våren gjer at sleppet må utsetjast til sist i mai. Men når vårsola likevel skin i tunet er det godt å sitja i gode utemøbler i porten i sauehuset.

Det gode livet

Det gode livet for dei to handlar mellom anna om å fylla kaffi i pappkrus frå ståltermos og sjå sauer og lam trivast i djup talle i sauehuset samstundes med at minstejenta, Johanna på to og eit halvt år, leikar i tunet med den eine Dansk- Svenske gardshunden, som på si side bidreg til å halda tun og bygningar frie for rotter og mus.

Gardsfakta

Gitte Pedersen Årdal (33) og Leif Arvid Årdal (37) kjøpte gard på Espetveit i Sirdal i 2018. Her driv dei med eggproduksjon med full konsesjon pluss sau og ammeku.

Garden er på nær 4.000 mål totalt. 255 dekar er så langt dyrka.

Saman har dei Johanna (2). Gitte har to gutar frå før; Tobias (13) og Markus (6), medan Leif Arvid har barna Malin (7) og Angus (4) frå eit tidlegare forhold.

– Sauene trivst på talle. Men det går med mykje halm, og det er arbeidskrevjande når tallen skal ut, seier Leif Arvid, og fortel at tallegolvet nok med tid og stunder blir erstatta med rister.

Gitte kjem frå Time og har hatt arbeid i barnehage og som lastebilsjåfør. Leif Arvid er frå Hå. Då ein seksårsperiode med pakting av ein gard tok slutt, byrja dei to å kikka seg om i marknaden etter eit høveleg gardsbruk dei kunne kjøpa. Dei la inn bod på eit par bruk utan at dei fekk napp. Så såg dei hausten 2017 tilfeldig eit Facebook-innlegg frå Arvid Mæland, om ein gard som var i ferd med å bli lagt ut for sal.

– Me tok turen, som nok var lengre frå Jæren enn me hadde tenkt, fortel Leif Arvid.

 

Idyll: Johanna med kopplammet sitt.

Handel og bryllaup

Det vart gardshandel. Og litt til. I mai gifta dei to seg, og månaden etter flytte dei til Espetveit. Tunet og bygningane var i grei stand, men kravde mykje rydding. Bygningsmassen er omfattande. I tillegg til våningshuset er det eit lausdriftsfjøs til ammekyr, opphavleg bygd med mjølkegrav til mjølkeproduksjon.

– Fjøset er heilt ok. Me har skifta ut nokre spalter, og skal skifta nokre fleire til sommaren. Elles fungerer fjøset greitt, seier Leif Arvid.

Eit eldre hønehus er bygd om og har plass til eit hundretals ungdyr. Det som ein gong var maskinhus er gjort om til sauehus. I den eldre løa på garden er det blant anna ein verkstad.

– Bygningane er jamt over i god stand, seier Gitte.

– Men med fleire produksjonar og mange hus er det ikkje akkurat lettvint å stella, skyt Leif Arvid inn.

Eggproduksjon

Ei bu nede ved hovudvegen, Fylkesvei 42, reklamerer med ferske egg. Her kan både fastbuande, hyttefolk og tilfeldig forbipasserande kjøpa med seg konsentrert næring frå glade Espetveit-høner. Eggproduksjon på full konsesjon er hovudnæringa på garden. Hønehuset er av nyare dato, og var bygd for økologisk drift, med to band for egga og flatt golv. Å driva god og økonomisk svarande eggproduksjon var nyttelaust, erfarte Gitte og Leif Arvid alt etter første innsett.
Nå har det svært romlege hønehuset fått ei naudsynt oppreinsking og ombygging. Lausdrift er det framleis, men nå er det konvensjonell produksjon med tre rekker Aviar-innreiing og heilt ny ventilasjon som gjeld. Hønene har godt med plass. Det har også røktarane. I enden av hønehuset er det raust med areal til den arbeidssparande eggpakkemaskinen, ein kontorpult og sofamøblement.

Tok fjørfeskulen

Hønene på Espetveit kjem frå Børge Undheim AS. Førebels siste tilbakemelding frå eggmottakar Nortura var svært god. På parameter som eggstorleik, eggmasse, verpeprosent, klink og skitne egg, låg dei godt over snittet.

– Fantastisk gild tilbakemelding å få, det syner at me gjer dei rette grepa i hønehuset, seier Gitte.

Dei to var utan erfaring med eggproduksjon, men gjennomførte Nortura sin fjørfeskule før dei pakka flyttelasset på Jæren. Nå i driftsfasen får dei god støtte og oppfølging frå både Nortura og Børge Undheim.
Totalarealet tilhøyrande garden målar nær 4.000 mål. Av dette er mykje skog og noko fjellbeite. Kulturbeite er det mindre av. Garden har også mykje dyrka areal, 255 mål. I samband med bygging av eit vindkraftverk, blir det teke ut masse på eigedomen.

– Masseuttaket skal bli til 20 dekar dyrka mark fordelt på tre grunneigarar etter anleggsperioden er over. I tillegg har me søkt kommunen om å få dyrka opp eit par myrar. Samla vil arealet utgjera kring 50 mål. Då bikkar me 300 mål dyrka, seier Leif Arvid.

Det hadde vore økologisk drift på garden Gitte og Leif Arvid kjøpte. Den tradisjonen braut dei med.

– Jordprøvane avslørte at jorda var utarma. Det var gildt å tilføra både kunstgjødsel og husdyrgjødsel og sjå at veksten skaut fart, seier Leif Arvid.

Sau: Sauebesetninga på garden består av Spel og NKS.

Hard start

Naboane meinte at den store enga ved vegen gav meir etter første slåtten enn ho hadde gjort samla gjennom åra med økologisk drift, fortel dei to. Første sommaren brukte dei 80.000 kroner i såfrø og sådde i svoren i alle kjelvene. Det synte seg til slutt å vera hivne pengar.

– 2018-sommaren vart som kjent ein tørkesommar. Frøa spirte, men spirene dauda etter kvart ut. Me måtte kjøpa hundre rundballar i staden. Dette, saman med vanskane med å få til god drift slik hønehuset var, førte til at me fekk ein hard start, fortel dei.

Nokre maskinar, deriblant ein traktor, var blant lausøyret på garden. Elles hadde dei med seg ein traktor, gravemaskin og litt reiskap frå Jæren.

– Det som me då mangla, har me skaffa oss etter kvart, seier Leif Arvid.

Arealet blir nytta til fôrproduksjon konservert i rundballar.

– Rundballar er praktisk her. Plansilo er nok mindre eigna i Sirdal enn på Jæren på grunn av kalde og snørike vintrar.

 

Egg: Eggproduksjon er hovudnæringa på garden. Hønehuset er nyleg renovert og pakkemaskinen er ny.

Skal ha Limousin

Fjøset og ungdyrfjøset har potensiale til ein betydeleg produksjon. Ammekuproduksjonen består per dags dato av 13 kyr. Dei køyrer fullt påsett til rekruttering og slakt. Leif Arvid fortel at dyretalet skal opp.

– Buskapen veks. Det er fire kviger som skal kalva til sommaren. Målet er å hamna på 30-40 kyr.

I dag består buskapen av fleire rasar. Planen er å gå heilt over til Limousin. Sauene fekk dei ikkje med seg, grunna Mattilsynet sine restriksjonar.

– Det er eit aldri så lite paradoks sidan sauene me hadde, beitte i Åseralsheiane kvar sommar. Me fekk også beskjed om at dei kunne beita her på hausten, men me fekk ikkje ha dei gjennom vinteren.

Spel i-blanda NKS

Dermed bygger dei ny besetning med dyr innkjøpt frå nærområdet. Halvparten spel og halvparten NKS. I vår lemma 75 sauer.

– Lemminga har gått bra, med lite tap. Me har fått i snitt to lam per sau.

Blanding av NKS og spel er optimalt i følgje dei to. Dei vil bruka spelvêr på søyene framover.

– På den måten får me med oss dei gode morseigenskapane til spelsauen medan me får med oss vekta og mjølkeproduksjonen til NKS, seier Gitte.

Gitte og Leif Arvid mister ikkje nattesvevnen, sjølv om gjeldsposten i rekneskapen er på drygt 12,3 millionar kroner.

Ammeku: Fjøset er i god stand. Ammekubesetninga er ein miks av rasar. Planen er å satsa på Limousin.

Skryt til Sirdal

Å følgja draumen og skaffa seg eigen gard, er lettare sagt enn gjort for dei fleste. Leif Arvid hadde ein del aktiva etter mange år som paktar. Det kom godt med. Dei to skryter av gilde naboar og av ein offensiv Sirdal kommune.

– Alle har teke svært godt i mot oss. Ungane trivst i skulen og i barnehagen. Dette har vore ein alle tiders oppleving. Me er mektig imponerte av Sirdal kommune, seier Gitte.

Ho fortel at ho har fått tilbod om sjåførjobb og at Leif Arvid har fått tilbod om arbeid som gravemaskinførar etter at dei flytte inn på Espetveit. Men dei to har takka nei. Dei vil vera bønder på heiltid.
Både Sirdal kommune og Innovasjon Norge har ytt støtte i samband med den turvande ombygginga av hønehuset. Av ein kostnad på 3,5 millionar kroner, støtta IN med 900.000 kroner, medan støtta frå Sirdal kommune var 450.000 kroner.

– Me hadde ikkje kunna gjort investeringa og hatt arbeid til oss begge på garden utan deira støtte, seier dei.

Del av vindmøllepark

Ein vindmøllepark, Tonstad Vindpark, med 51 møller i nærleiken, bidreg også til økonomisk tryggleik. Dei to var ikkje klar over at vindmøllepark-planane ville bli realisert med tilhøyrande inntektspotensial før heilt i sluttspurten av gardshandelen. Dei 40 grunneigarane får kring tre prosent av inntektene frå vindmølleparken. Gitte og Leif Arvid sin del av parken utgjer ein grunneigardel på 9,5 prosent.

– Nå får me i tillegg til inntekt frå masseuttak og kraftproduksjon også tilgang til arealet vårt via anleggsvegane. Dette opplevast som om me har fått ein stor Lotto-gevinst i tillegg til den flotte garden, seier dei.

– Kva er planane framover?

– Å koma opp i full produksjon med 150 sau og 35 ammekyr. Me vil erstatta talle med rister i sauehuset. I ammekufjøset handlar det om å skifta ut litt meir spalteplank. Så må me gå over og oppgradera det elektriske anlegget på heile garden.

Mange bygg: Gardsbruket på Espetveit i Sirdal har eit totalareal på nær 4.000 mål med ein omfattande bygningsmasse.

Skogen får stå

Skogen får førebels stå. Dei har sjekka prisane på tømmer, og konkluderer at dei er for låge til at det vil svara seg å hogga nå.

– Men om marknaden snur, er me klar til å bestilla entreprenør, forsikrar Leif Arvid.

Men jorda skal opp og gå. Nå.

– Me pløyer ein del kvart år. Eg sår i Spire Pluss 10, sjølv om naboane nok er litt skeptiske til om blandinga er hardfør nok. Det har med vane å gjera. Dessutan har dei sistre vintrane vore milde, seier Leif Arvid, og smiler.

Gitte forklarar det på sin måte.

– Det handlar om ein jærbonde som har flytta til fjells!