Tre generasjonar: Ragnhild T. Bjørke t.h. har litt å læra frå mor Brynhild t.v. og bestemor Ingunn, som begge har vore bondekoner på garden der Ragnhild no er heiltidsbonde. Mykje arbeid, mykje moro.

Kvinneliv på Bjørke i 30 – 60 – 90

15. november 2020

Teknologien gjer at heiltidsbonde Ragnhild slepp løfta tunge mjølkespann, som bestemor Ingunn måtte då ho var bondekone. Brynhild er sjukepleiar, men er du gift med ein bonde, følgjer det som regel litt arbeid med på kjøpet.

Anne Rivenes, frilansjournalist

Ingunn Bjørke er fødd i 1930, svigerdottera Brynhild Tennebekk Bjørke i 1960 og barnebarnet Ragnhild Tennebekk Bjørke i 1990. Dei er 90, 60 og 30 år gamle. Eit artig samantreff, og eit høve til å prata om kvinnerolla og livet på garden.

Jonsok 1956 feira Ingunn og Torstein bryllaupet sitt, og ungjenta frå Tynset vart bondekone på garden Bjørke på Voss. Dei møttest på Bondelaget sin folkehøgskule på Mysen.

– Det var ikkje planen å bli bondekone på Voss, men det gjekk no slik, seier Ingunn, og smiler.

Ho var oppvaksen på gard, og innstilt på eit slikt liv, og kvidde seg ikkje for arbeidet.

Mjølke kyr og ta opp poteter

– Det budde fleire generasjonar her på garden, og me hadde ikkje tenestefolk i starten, fortel Ingunn.

– Etter kvart vart det vanleg å leige inn ungdom om somrane, og stundom over vinteren også. Dei første åra var fjøset mi oppgåve. Me hadde alle slags dyr. Kyr, kalvar, sau og hest. Bjørke var ein av dei første vossagardane som fekk mjølkemaskin, så der var svigerfar framsynt, seier Brynhild.

Det var oftast kvinnene som mjølka, så det var dei som no fekk avlasting.

– Korkje far til Torstein eller min far kunne mjølke, seier Ingunn.

Tidlegare var det tydelegare skilje mellom manns- og kvinnearbeid. Kvinnene hadde hus og fjøs, mannen stall, tømmerskog og utearbeid. I onnene var alle med. Etter at Ingunn fekk fjerde barnet – av i alt seks – var ho ikkje lenger fast med i fjøset. I tillegg til arbeidet med hus og heim, fekk ho bruka tid på grønsakhagen.

– Det er det kjekkaste, å sjå at ting veks. I byrjinga hadde me potet, kålrot, nepe og kål. Seinare andre grønsaker også. Me måtte jo vere sjølvberga, for me kunne ikkje berre kjøpe ting, seier Ingunn.

Nygifte og moderne: Ingunn vekte oppsikt i tunet med snekkerbuksa si, dagen etter det store bondebryllaupet på Bjørke i 1956. Ingunn og Torstein var begge engasjerte i politikk og samfunnsliv. Foto: Privat

På føtene seint og tidleg

– Var det status å vera bondekone?

– Ja, det kom vel an på kven du spurte, svarar Ingunn.

– Nokon syntest det måtte vere forferdeleg, og det er vel slik i dag også. Kanskje endå meir, for dei som ikkje likar å arbeide støtt. Du må vera glad i å arbeide, og kan ikkje rekne med åttetimarsdag.

– Nei, det blir ein livsstil, meiner Ragnhild, dagens bonde.

– Det er kanskje vanskelegast for dei som veks opp i ein vanleg heim, som giftar seg med ein bonde og plutseleg ser alt arbeidet, seier Brynhild.

Ho vaks sjølv opp i sentrum og forstod ikkje kor endelaust mykje arbeid det var på ein gard før ho fekk oppleva det.

– Som sjukepleiar er eg van med vanleg arbeidsdag, og når den er over, har du fri. Men på ein gard blir du aldri heilt ferdig. Der er det alltid noko, frå morgonstellet i sekstida til siste kveldsrunden i ellevetida på kvelden, så kan du eigentleg halde på heile døgnet, seier Brynhild.

– Ein må lære seg at det er «godt nok», og så ta kveld, seier Ragnhild bestemt.

Stortrivst: Å vera ute i alle årstider, sjå dyr som veks og trivst, er gleda Ragnhild opplever med å vera fulltidsbonde.

Tenkjer som ei bedrift

30-åringen Ragnhild overtok farsgarden på Bjørke for to år sidan, og har saman med sambuar Olav Hjetland Bringedal bygd ny driftsbygning som kan romme 400 sauer. I dag har dei 300 vinterfôra sauer i tillegg til 22 mjølkekyr, fire hestar og fire gjetarhundar. Dei tenkjer garden som ei bedrift, og jobbar med å halde utgiftene nede, for at arbeidet skal løne seg. Med øk/adm-utdanning og jobberfaring innan rekneskap, har Ragnhild god oversikt over økonomien i gardsdrifta. Bestemor Ingunn fortel at det før i tida var mannen som styrte pengesakene, og alt stod som regel i hans namn. Difor har mange bondekoner kome dårleg ut økonomisk, med pensjon og andre rettar.

– Tidene har endra seg. I vår tid vart ein meir merksam på slikt, og fordelinga vart meir rettvis, seier Brynhild.

Sjølv jobba ho deltid som sjukepleiar, for det var vanskeleg å kombinere familie og gardsliv med full jobb utanom. Erfaringa frå sjukepleien har kome godt med også i fjøset, under kalving og følling. Når det er noko særskilt, vert Brynhild tilkalla. Ho ser når eit dyr har det bra, og når noko er i vegen.

Engasjert utanom garden

Både kvinner og menn på Bjørke har hatt tradisjon for å engasjere seg også utanom garden. For Ingunn var ikkje det noko nytt. Ho tok tidleg mykje ansvar heime på garden på Tynset, då mora var Senterpartiet si første kvinne på Stortinget. Gardbrukar Karen Grønn-Hagen var statsråd i Lyng-regjeringa, den første kvinnelege statsråd i ei borgarleg regjering. Dagen etter Ingunn og Torstein sitt bryllaup for 64 år sidan, er dei fotograferte i tunet på Bjørke. Eit ungt og lukkeleg par. Ho i dongeribukse. Det var ikkje greit! Kvinner skulle nemleg gå i skjørt på den tida. Men Ingunn gjekk i bukse. Fordi det var praktisk, og ho hadde sin eigen vilje. Både Ingunn og Torstein vart engasjerte i lagsliv og politikk, og dagane var ofte travle.

 – Nokon har nok med heimegarden, andre er med på mykje. Litt for mykje, kanskje. Då blir det slitsamt, og kan gå ut over hyggja heime. Me var med på altfor mykje. Det ser eg no. Men det er fort å bli engasjert, og du kjenner jo eit ansvar overfor gruppa du representerer, seier Ingunn.

I tillegg til å sitja i heradsstyret og ei rekkje andre utval, var ho aktiv studieleiar i bondekvinnelaget.

– Få av bondekvinnene hadde utdanning, og då var det nyttig med studieringar. Me hadde om tun og hage, mat, samfunnsfag og internasjonale tema, fortel Ingunn.

Samarbeid og fellesskap

I dag er dei tre Bjørke-kvinnene på 30, 60 og 90 år alle medlemmer av Bjørgum Bygdekvinnelag, som vart kåra til årets lokallag. Bygdekvinnene tek opp tema som er viktige for bygda, landbruk og miljø, og held levande kunnskap og tradisjonar knytt til gard og grend. Det er vanleg på garden å slakte og handtere kjøt. Det skal parterast, saltast og røykast, og lagast god mat med råvarer frå eigen gard. Den tradisjonen vil Ragnhild halde fram med. Å samle familien, unge og gamle, rundt middagsbordet, er noko folk frå gard set pris på og lengtar heim til, når dei har flytt ut. I dag har Brynhild og Nils flytta ut or tunet og inn i nabohuset, medan «ungefolket » har vertikaldelt hus saman med bestemor Ingunn. Det vil seie, oldemor Ingunn, som har seks oldeborn til saman. Anna på to år bur i same hus, og finn vegen sjølv inn til oldebesta og rosinskuffen der.

– Når eg kikar ut i tunet, er det alltid noko å fylgja med på, med folk og dyr. Ei veninne av meg bur slik til at det kan gå ein heil dag utan at ho ser nokon. Så eg er heldig som bur på gard, seier Ingunn (90).

– Dei tre jentene våre har hatt ein unik oppvekst i lag med besteforeldra, seier Brynhild, som fortel om småjentene som dilta i hælane på bestefaren. At unge og eldre arbeider i lag, skaper eit spesielt fellesskap og samhald.

Fellesskap: Å rusla gjennom fjøset med oldemor, er noko ganske spesielt og kjekt, som Anna (2) får oppleva saman med Ingunn (90). Foto: Privat

Tid å fylgja opp borna

– Eg stortrivst som bonde. Arbeid med dyr gjev glede og motivasjon. Dei ulike sesongane gjer at ein får arbeidsbyte, og ein får vera ute og oppleva årstidene, seier Ragnhild.

Ho tek mjølbøtta med seg og går over på sauebeitet. Der ser ho at gjerdet er trakka ned attmed grinda, og må rettast opp. No er det ikkje same skiljet mellom manns- og kvinnearbeid, og begge tek tunge tak i fjøs og tun. Men inne er det framleis ho som oftast lagar maten. Å delta sosialt er ikkje berre enkelt for borna på ein gard, når fotballtrening og andre aktivitetar ofte er i fjøsstell-tid. Den av foreldra som tek fjøset, kan vanskeleg køyra til trening og fotballkampar, så den andre parten blir åleine om å fylgje opp slike aktivitetar.

– Mykje er likt i dag som det var i mi tid, seier Ingunn.

– Me må fylgja opp ungane enten me arbeider på garden eller utanom.

Barneflokken hennar på seks vart tidleg med i den daglege donten. Karane stod også for barnepass og oppseding. Eldsteguten Nils var berre to år då han vart med faren ut på arbeid, og Torstein kunne byte bleier på guten ute i tømmerskogen. Alt som treåring hadde odelsguten grep om taumane. Gutane lærte lite om matlaging og husstell, men vart tidleg van med arbeidet ute.

Vinteridyll: Nils og Brynhild på tur med hest i 2003. På Bjørke har hesten hatt høg status, både i arbeid, avl og på travbanen. Foto: Privat

Husdyr og avlsarbeid

– Nils har vore veldig flink å ta jentene med på gardsarbeid, slik at dei har fått opplæring og blitt involverte. Særleg har hestane vore med å skapa interesse, seier Brynhild. Ragnhild og systrene Ingrid og Torhild tok stallane kvar dag. Garden Bjørke er kjent for hestane sine, til bruk i arbeid, til travkøyring og i avlsarbeid.

– Far og bestefar var husdyrfolk. Medan somme gardbrukarar er mest opptekne av maskiner, så har garden her i generasjonar vore opptekne av husdyra og avlsarbeid, seier Ragnhild.

Sjølv er ho meir oppteken av gjetarhund enn traktor, og når det gjeld sauer legg ho omtanke i å plukke ut rette dyra å avle på. Sterke friske sauer, med lægre lammetal enn før, er det ho vil ha.

– Med 300 sauer er me avhengige av innleigd hjelp i lamminga. Me vil halde fram med både sau og mjølkekyr. Skal ein ha god inntekt i dag, må ein produsera meir enn før, seier Bjørke-bonden.

Kvinner skaffar verda mat

– Me bygde noko nesten heile tida, synest Ingunn å minnast.

På ein gard er det alltid ein bygning som treng omvøling. På 80-talet var fjøset bygd på, så ein fekk moderne bygg til fleire mjølkekyr. Seinare kom det nyare mjølkeanlegg og fôringssystem, slik at ungdomane i huset lettare kunne ta fjøsstellet etter kvart som far i huset, Nils T. Bjørke, fekk oppgåver sentralt i Norges Bondelag, og seinare hamna på Stortinget. Døtrene bytte på å ta arbeidsår heime, så far kunne dra til Oslo.
Oktober er månaden me markerer både verdas matvaredag og internasjonal dag for kvinner i rurale område. Kvinner står for store delar av matvareproduksjonen i verda. Uansett kor i verda og kva tidsepoke, er mykje likt. Gleda over dyr som trivst og planter som veks, den gode og livsviktige grøda. Tunge tak kjem ein ikkje utanom som bonde, sjølv om den teknologiske utviklinga gjer at Ragnhild slepp lettare enn generasjonane før.

– I mi tid var det 40-liters mjølkespann. Det var i tyngste laget, ja, seier Ingunn.

Likevel, det aktive livet på garden, med fysisk arbeid og sosialt fellesskap, er kan hende ein viktig grunn til at 90-åringen framleis har gleda av å gå tur kvar dag, lese aviser på nettbrett og tøysa med toåringen på tunet.

Bygdekvinne: Mattradisjonar er viktig for Brynhild Tennebekk Bjørke. I Bjørgum Bygdekvinnelag har ho funne fellesskap med andre bygdekvinner. Saman har dei gjeve ut bok om tradisjonsbakst. Foto: Privat