BN+

Felles interesse: Vilde Årmot Bjelland (t.v) vil gjerne overta hestesenteret når mor Toril Årmot ein gong vil overlata tøylane.


Då Toril Årmot måtte ta eit vegval, valde ho hestesenter framfor mjølkeproduksjon. – Eg har aldri angra, seier Toril, som meiner fleire bør velja med hjartet. Men er du ordentleg bonde, når du driv med hest?


Tekst og foto: Anne Rivenes, frilansjournalist Voss


– Eg er bonde uansett. Kan hende er det dei ni sauene som gjer at eg får invitasjon til bondelagsmøte. Eg veit ikkje. Hest er kanskje ikkje rekna som like viktig som kyr og sau på ein gard, seier Toril Årmot, gardbrukar, fagarbeidar på hestelinje og eigar av Myrkdalen Hestesenter.


Berre 18 år gamal tok Toril Årmot over garden etter bestefaren, øvst i Myrkdalen i Voss kommune. Her hadde ho vakse opp, med kyr, sau og hest. Med utdanning som agronom og agroteknikar heldt ho fram med mjølkeproduksjon i mange år, først på eige bruk og seinare i samdrift.


– Eg og ei veninne hadde to hestar kvar, og saman starta me ridekurs. Det er tjue år sidan no. Etter nokre år trekte ho seg ut, og eg heldt fram åleine. Eg lånte inn fleire hestar for å driva rideleir, fortel Toril.

Hest og hytter

Men etterkvart, som tobarnsmor, mjølkeprodusent, fagarbeidar på hestelinje og ridekurs-arrangør, vart det eit slit å få tida til å strekke til. Ho vart tvinga til å ta eit val. Det vart farvel til mjølkekyr, og i staden full fokus på hest.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: