BN+

Gjer jobben: Etter at Revuro samdrift gjekk over til heilautomatisk fôringssystem, har dagleg leiar Johannes Hjelmeland frigitt tid som kan brukast til å forbetre gardsdrifta.

Meir tid i fjøset gjev betre økonomi

Korleis redusere fôr-svinn, auke mjølkeytinga, betre kalvehelsa og samstundes kutte utgifter til rundballeplast? Ei samdrift i Kvinnherad har oppnådd alt dette i løpet av få år.


Anne Rivenes, frilansjournalist


Omvikdalen er ein vakker u-dal fire kilometer sør for Rosendal, og eit viktig jordbruksområde i Kvinnherad både no og i tidlegare tider. Eit gamalt eldhus viser veg inn til Nistovetunet, der den moderne driftsbygningen til Revuro samdrift er plassert. Samdrifta består av fire bruk som er naboar i dalen, så alle har kort veg til fjøset.


– Det er stor fordel med korte avstandar. Kvar runde hjulet på traktoren rullar, taper du pengar. Me er nøgde med at det aller meste av fôret blir henta frå areal me kan sjå herifrå tunet, seier dagleg leiar Johannes Hjelmeland.


Han er einaste heiltidsbonden i samdrifta, og difor den som viser oss rundt på garden.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: , ,