Endeleg robotkyr: Det var ikkje berre enkelt dei første månadane med robot i fjøset. Men nå går endeleg alle kyrne i roboten av seg sjølve.

Moderne drift i gammalt fjøs

Mellom gamle veggar, er båsfjøset på garden til Debora og Torbjørn Vikesdal blitt eit moderne fjøs med lausdrift og mjølkerobot.

Jane Brit Sande

Har du sett eit fjøs frå 1976 med lausdrift og flunkande ny mjølkerobot? Kan hende, men det er ikkje veldig mange av dei. Debora og Torbjørn Vikesdal har eit. I staden for å bygge eit nytt fjøs, rusta dei opp det dei allereie hadde.

For neste generasjon

– Eg har gjort det for ungane sin del, seier Torbjørn om moderniseringa. Han håpar og trur ein av sønene vil bli neste generasjon på garden.

– Det er betre at me tek den investeringskostnaden nå, så slepp gutane gjere det i løpet av dei første åra etter overtaking.

Ein ny driftsbygning var ikkje aktuelt. Mjølkekvoten på 180 000 liter er ikkje stor nok til å forsvare ei slik investering.

– Og i tillegg har me mista kvote, sidan Jarlsberg-produksjonen vart flytta utanlands. Det er frustrerande, seier Torbjørn.

– Men me ville ikkje slutta med mjølk, og då blei ei ombygging det me hadde råd og moglegheit til.

Jens Arne og Junior, yngste og eldste søner på garden, likar godt å vere i fjøset. Etter moderniseringa kan dei lettare klare seg utan at Torbjørn er med.

– Alle kan stelle slik det er nå. Dyra får rett mengd kraftfôr, og går inn i roboten av seg sjølv. Dette er betre for oss, seier Debora.

Utan ny bygningsmasse

Torbjørn hadde tenkt på ombygginga lenge, før han oppsøkte ein bygningsrådgivar. Han hadde gode erfaringar med Fjøssystemer frå då sauefjøset skulle planleggast, og velde dei att til oppdraget.

– Eg har hatt god dialog med Kjetil Slettebø, som var rådgivaren min, gjennom heile prosessen. Han var entusiastisk over planane mine for mjølkefjøset frå første stund, og laga ein god plan for fjøset innanfor dei veggene som alt stod, seier Torbjørn.

Den einaste utvidinga av fjøset er eit enkelt påbygg, på knapt tre kvadratmeter, som gir rom til eit lite kontor og ei smittesluse. Elles er den nye løysninga gjennomført utan behov for å auka bygningsmassen.

– Fjøset er godt bygd. Det såg me også då me reiv opp golvet. Armeringa hadde ikkje rusta, seier Torbjørn, som sjølv var med då fjøset blei bygd i 1976.

 

To blide bønder: Debora har tidlegare arbeidd på sjukeheimen i Bjerkreim, men skal no arbeide meir heime på garden. Då er det ekstra godt at roboten er på plass. Torbjørn ser fram til at kona skal vere med.

Nøye planlagt

Debora og Torbjørn har fire veker mjølkefri kvar sommar. Då fjøset skulle fornyast, vart det åtte veker i staden. Det var åtte hektiske veker, men dei kom i mål. Kyrne vart sende ut på beite på St. Hans, og var ute heile sommaren. Trass i ein blaut sommar var beita gode.

– Eg reiste til fjells før sirkuset skulle starte. Alt av inventar og mjølkemaskinar ga eg vekk mot demontering. Då eg kom heim frå heia, var det berre å sette i gang. Fjøset var heilt tømt innvendig, seier Torbjørn.

Innan 20. august måtte fjøset vere klart. Der fôrbrettet var tidlegare, er det no 28 liggebåsar i to rekker. Fôrbrettet er flytta til ein annan del av fjøset, og mjølkekyr og ungdyr et grovfôr av same fôrbrett. Kalvane er flytta til det gamle sauefjøset, ettersom roboten fekk plass i det gamle kalverommet. På grunn av ombygginga er det slutt på framfôring av oksar på garden, då det ikkje lenger er plass til dei. Ikkje eit alvorlig inngrep i økonomien, skal me tru Torbjørn.

– Nei, det har ikkje all verda å seie, og med ombygginga har eg plass til å auke mjølkeproduksjonen. Førebels kjem ein bonde og hentar stutkalvane nokså tidleg. Draumen er ein bytehandel, ein kvote på 50-60 tonn mot mine stutkalvar, seier han.

GARDSFAKTA:

Debora (42) og Torbjørn (62) Vikesdal driv gard med mjølkeproduksjon og sau i Bjerkreim kommune, Rogaland. Dei har tre søner, Junior (22), Hans Bjørn (12) og Jens Arne (10).
Driftsgrunnlaget er basert på 180 000 liter stor mjølkekvote, og 140 vinterfôra sauer.
Dyrka mark er totalt 180 mål, beita er 170 mål. I tillegg har dei beite i heia, som er 4700 mål stor.

Kostnad

Torbjørn fekk 350 000 kroner i støtte frå Innovasjon Norge til ombygginga. Totalkostnad for prosjektet kom på 2 350 000 kroner, mjølkerobot inkludert. Torbjørn har lagt mykje eigeninnsats ned i prosjektet. Han har gjort alt betongarbeidet sjølv, og var med kvar dag medan ombygginga stod på.

 

Travel start

Fjøset stod klart på tida, og kyrne kom på plass i fjøset. Så var det denne roboten. Både kyr og røktar gjekk nye tider i møte.

– Kyrne var skeptiske til å gå inn i roboten, så det vart lange arbeidsdagar. Det var frustrerande, fortel Torbjørn.

Bonden vart brått nøydd til å lære seg teknologien. Data hadde aldri vore ein del av Torbjørn sin kvardag før roboten kom i fjøset. Han hadde ikkje ein gong rørt nettbanken, rekningane ordna andre for han.

– Jo, det vart mykje å sette seg inn i, seier han.

Med tid og tolmod går det meste i orden. Det gjorde det også hjå familien Vikesdal. No går kyrne i roboten av seg sjølve, og Torbjørn handterer teknologien.

– Eg har lært meg litt etter litt. Når eg er blitt trygg på ein ting på dataen, torer eg ta neste steg. Då kan eg meir etter kvart, seier han.

Debora og Torbjørn er ikkje redde for å anbefale andre å bygge om gamalt fjøs, slik dei har gjort. Dei er godt nøgd med dei har fått til.

– Me likar roboten også. Særleg no når kyrne går inn av seg sjølve. Dei første månadane hadde eg sagt ja på flekken, om nokon hadde spurt om eg ville ha tilbake fjøset slik det var, seier Torbjørn.