PORTRETT

Nå blir Ragnvald pensjonist

29. juni 2019

Gras: Ragnvald Gramstad har gitt fleire generasjoner rogalendingar råd om agronomi og grasdyrking sidan yrkeskarrieren hans starta i 1976.

– Eit rikt liv, summerer Ragnvald Gramstad. Første juli ryddar den sprell levande legenda kontoret på Særheim og skiftar beite.

Sjur Håland

Ensileringsmiddel, rundballar, slåtteregime, kuskit, pH og jordpakking. Dei som har hatt moglegheit til å observera Ragnvald i arbeid på nært hald, har sett ein mann med kvite pluggar i øyra som, innimellom alt anna, mest alltid er i prat med ein bonde som treng råd. Dei første slår på tråden 06,30. Tidlegare denne våren talde han 70 (!) telefonsamtalar på ein dag. Bodskapen hans er klokkeklar.

– Det ligg eit vanvitig potensiale i graset. Du treng mest ikkje bruka kraftfôr til oksar og sauer om du lagar eit godt grovfôr.

Gomla silo

Seniorrådgjevaren i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland har for lengst rukke å bli ein institusjon i institusjonen. Ragnvald byr raust på seg sjølv. Han har kommentert tørkesomrar og regnsomrar i riksmedia. Rådgjevaren har trykka silofôr i andletet og gomla konservert raigras i beste sendetid på NRK.
Ragnvald opnar vindauga på kontoret, set seg til rette med hendene falda bak i nakken og snusar inn føresommar og gras. Eg har førebudd spørsmål. Ragnvald svarar før eg får spurt. Erfaring kallast slikt. Til hausten er det 43 år sidan starten. Han har ikkje talt alle timane.

– Reknar du årsverk, blir det nok minst 45 år. Eg har brukt mest heile livet til dette, seier han, legg frå seg telefonen og røskar pluggane ut or øyra for ei lita stund.

Lort på snøen

Frå 1976 til 1977 auka medlemstalet i Jæren Forsøksring med vel 70 til 331. Dei tre tilsette delte eit lite kontor hjå Statens forskingsstasjon Særheim. Her var fagmiljøet sterkt. Mykje av arbeidet bestod i å etablera forsøksfelt ute hjå bøndene og på Særheim. I starten hadde dei drygt 70 felt, vel så mange som i dag. Den unge landbruksteknikaren hadde ny kunnskap i ryggsekken. Landbruket på Jæren var så smått i endring. Men silosafta vart sloppe direkte i bekkar og elver. Husdyrgjødsla vart ofte spreidd på snøen vinterstid. Også blant dei meir lærde, vart husdyrgjødsla rekna meir eller mindre som eit avfallsprodukt.

– Men forsøka våre synte at om du brukte husdyrgjødsla i vekstsesongen i mengder tilsvarande 3,5 kilo fosfor per dekar, fekk du dekka behovet for kalium og fosfor og kunne tilføre nitrogen med Kalksalpeter, seier Ragnvald.

Råda falt ikkje berre i god jord. Ragnvald hugsar godt sjauen. Kjende føregangsfolk stod opp på fagmøta og protesterte tungt og heftig mot råda.

– Enkelte ville heller dumpa husdyrgjødsla i havet. Dei meinte at det ikkje gjekk an å erstatta Kalksalpeter med sjølve universalgjødsla, Fullgjødsel 16-3-15.

Banebrytande arbeid

Argumenta frå forskingsstasjonen og Jæren forsøksring vant likevel fram. Det var god økonomi og rett agronomisk å utnytta husdyrgjødsla i vekstsesongen.

– Det var rett og slett eit banebrytande arbeid. Teorien gjeld den dag i dag, seier han.

Å få kunnskapen ut i praktisk handling og sjå resultata saman med bøndene, var noko Ragnvald kunne lika. Og konservative, litt stivbeinte bønder fekk snart augo opp og sansen for unge Gramstad. Den nytilsette i forsøksringen hadde glimt i auga, brukte den jærske humoren for alt han var verdt, og fekk jærbøndene til å opna latterdørene på vidt gap. Slikt blir det både større grasavlingar og auka trivsel av.

– Styrken vår var at me hadde fagleg forankring gjennom forsøka. Bøndene tok i mot det me formidla, og tok det i bruk. Det var utruleg motiverande.

Sparte pengar

Kring 1980 kom gjødselplanarbeidet i gang. Medlemmane tok jordprøvar kvart fjerde år. Nye skjema for utrekning av gjødselplan vart tekne i bruk. Ragnvald var ute i felten og hjelpte til. Det vart som ei rørsle. Folk var svoltne på å bli ein del av den nye given. Ureiningsproblematikken kom på dagsorden på 1990-talet.
Bøndene måtte plugga igjen avløpet i siloane og ta vare på silosafta. Gode råd var ikkje så dyra. I Forsøksringen vart løysingar diskutert og presentert. Ragnvald stod med plastark ved overheadprosjektøren og snakka om raigrassortar, vassblanda lort og rett pløyedjupn. Bøndene lytta og lærde. Nye bønder kom til. Medlemstalet auka enkelte år med 80-90 personar. Våren 1991 passerte Jæren Forsøksring 1.000 medlemmar.

– Då var me landets desidert største forsøksring. Folk såg at rett agronomi og forvalting av næringsstoffa var nyttig. Bøndene erfarte at dei kunne spara meir enn 10.000 kroner i året berre på å gjødsle rett. Det var svære summar den gongen, understreker han.

Fagidiot

Kor mange kjøtkakemiddagar og sviskegrautdessertar han har sett til livs på ulike fagmøte rundt om på Jæren og i Rogaland, er ukjent. Ragnvald er oppteken av å halda seg i aktivitet. Ekstrakaloriane har han ikkje teke vare på. I tillegg til gjødselplan og jordprøvar, innebar medlemskapet nabosamlingar på vinteren. Det var ikkje uvanleg for Ragnvald å vera med på 30 møte i perioden januar til mars. Møta føregjekk i stovene på kveldstid. Rundstykkje og fløyterullar gleid ned på høgkant. Kaffikannene vart etterfylt, og røyken frå rullingsane la seg som eit gulbrunt teppe under stovetaka.

– Fantastisk gilde møte. Me kom tett på og fekk diskutert fag og hadde mykje moro i tillegg. Men det gjekk over stokk og stein med lange dagar og seine kveldar i eitt bankande kjør.

– Kva er det som har motivert deg til å halda ut i alle desse åra?

– Gilde bønder og at eg er så forbaska levande interessert i faget. Eg går og gruvlar på dette døgnet rundt til tider. Kall meg gjerne ein fagidiot.

Tida er inne

Humoren er viktig. Ragnvald har ei perlerekke med historier, nok til å fylle ei tjukk bok.

– Å ha det gildt på ein arbeidsplass er avgjerande. Så har eg stor sans for jærbuane og har fått rikeleg med humorpåfyll, like fram til nå.

– Kva vil du sakna mest?

– Nei, dette er vanskeleg, skal eg seia deg. Men eg har blitt 67 år, og tida er inne. Fleire har vore etter meg og spurt om eg ikkje i det minste kan halda fram med å gi råd til dei. Det er ei tid for alt. Men eg håpar eg kan ha det gildt i mange år enda. Treffa folk på Jæren som eg har arbeidd med i ein mannsalder. Kanskje ta eit oppdrag. Me kjem nok til å treffast, forsikrar han.

Takksam

Ragnvald tar ein liten pause. Fyller lungene med grasluft, og seier at eg må få med at han er utruleg takksam for alt han har opplevd.

– Eg vil takka for den fantastiske entusiasmen og all godheita. Eg har etter 43 år framleis til gode å koma til ein gard der ikkje stemninga er positiv.

På enkelte gardsbruk har det vore to eller tre generasjonsskifte. Ragnvald har vore med og fått tillit. Ikkje så sjeldan er det behov for ein liten oppfrisking av kunnskapen. Det hender han må forklara skilnaden på timotei, raigras og kveke til godt etablerte bønder.

– Korleis er skilen på bøndene i 1980 kontra i dag?

– I starten var nok bøndene enda meir fagleg på, enn det som er tilfellet i dag. Kanskje me kan seia at bøndene i dag gjennomgåande er litt svakare fagleg, men dei er mykje større på volum.

Mange meiningar

Ragnvald snakkar varmt om bruk av ensileringsmiddel, fornying av eng, jordpakking, grovfôrøkonomi og behovet for å bli enda betre på rett forvaltning av næringsstoffa. Når ny gjødselvareføreskrift blir lansert er Ragnvald pensjonist. Det betyr ikkje at han sluttar å ha tydelege meiningar.

– Litt justeringar av datoar og lagringskapasitet må me finna oss i. Men føreskrifta må basera seg på 3,5 kilo fosfor. Me må aldri koma dit at me får underdekning og må tilføra fosfor frå mineralgjødsel.