BN+

Blikkontakt: Med ei moderat besetning får bonden god kontakt med enkeltdyra. Båsfjøset frå 2000 fungerer utmerka. Her mjølkast kvoten på 70.000 liter frå 10-12 kyr. I tillegg leverer Arnt Haugsgjerd 30 okseslakt årleg frå eigne og innkjøpte kalvar.


Arnt Haugsgjerd driv med ku, gris, litt sau og ein heil del skog. Oversikt, kontroll og nok tid, er nøkkelord for å lukkast med dei ulike produksjonane, erfarer bonden.


Sjur Håland


Finn eit kart og ein linjal. Teikn så eitt blyantstrek mellom Stavanger og Bergen. Temmeleg nøyaktig midtvegs på strekket vil den grå streken kryssa Tittelsnes og garden til Arnt Haugsgjerd.
Me er i Vestland fylke i Sveio kommune ein ganske alminneleg tysdag i februar. Arnt tar raust i mot og syter for at me kjem under tak, i livd for den sure vinden og nullføret.
Garden på neset mellom Bømlafjorden og Ålfjorden har vore i familien til Arnt sin eige i mange generasjonar. Arnt tok over garden frå sine foreldre for 21 år sidan, i 2000. Då var det nye kufjøset ferdig og klar for innflytting. Dette var i overgangen då mange bygde lausdriftsfjøs, men hjå familien Haugsgjerd valde dei båsen.
Fjøset er like funksjonelt i dag, som for tjue år sidan. Bingar til ungdyr og oksar er på eine sida av fôrbrettet. På andre sida står båsane. Mjølkekvoten er på 70.000 liter.


– Ikkje all verda til kvote, men eg er nå framleis med, smilar 57-åringen.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,