Jane Brit Sande
Ho og mannen, Dag Lygre, er spente. Bondevennen møter dei like før premiereutdelinga for Reko-ringen på parkeringsplassen på Ikea i Åsane, 15. mars. Nokre bønder stiller opp tidleg. Medan me snakkar saman, kjem fleire på plass. Bagasjeromma deira er fullpakka med kjøt, egg, ost, jus, saft, grønsaker, og mykje meir. Alt førehandsbestilt av kundane i ei Reko-gruppe på Facebook.
Lite svinn og mykje kundekontakt
Som produsentar av brun geitost, egg frå høns og ender, kjeskinn, og mykje meir, ser Veronica og Dag mange fordelar med å vere med i ein Reko-ring. Varene er bestilt på førehand, og dei to pakkar ikkje med seg meir enn det kundane skal ha.
– Det er føreseieleg å selje varene på denne måten, og det gir lite svinn. Det likar me, seier Dag.
– Og det krev lite tid og utstyr å få det til. Me treng ikkje laga til ein flott stand, slik me må gjere på ein marknad, seier Veronica.
Men det aller beste er å treffe kundane direkte.
– Alle kundane får treffe alle produsentane. Det er mange som har spørsmål om korleis maten blir produsert, korleis dyra har det, og så vidare. Me har inntrykk av at fleire og fleire bryr seg meir om maten dei et, seier Veronica.
– Det er kanskje ein slags trend med slike tankar, men eg trur ikkje den er forbigåande. Det skjer ei endring i forståinga av mat blant folk, seier Dag.
– Mat er også medisin, og folk har meir sjukdommar enn før. Dei vil vite kva maten er, seier Veronica.
Marknad vs. Reko
Duoen frå Lygre Livsgard, i Fusa kommune, er også å sjå på Bondens Marked i Bergen. Dei ser at det er mange unge som handlar der.
– Det er småbarnsforeldre med barnevogn, nyetablerte, ei gruppe som gjerne er i ein trongare økonomisk situasjon enn meir etablerte vaksne. Me trur unge har ei anna forståing av matproduksjon enn dei som er eldre, seier Dag.
Då Bondens Marked vart etablert i Bergen, var målet at det skulle vere torgdag kvar veke. Slik vart det ikkje, men marknaden er godt etablert i bybiletet.
– Det er eit stort apparat som skal i sving kvar gong denne marknaden skal arrangerast. Reko-ringane er mykje enklare organisert, seier Dag.
– Ein Reko-ring er mykje friare for oss produsentar. Me må ikkje vere med kvar gong, men det er sjølvsagt ein fordel, seier Veronica.
Reko-utleveringane og Bondens Marked vil i Bergen fortrinnsvis gå føre seg i ulike veker.
– Det gir oss ei god, regelmessig utlevering av varer. I tillegg får me rekruttert kundar begge veger, seier Veronica.
Lønsemd til bonden
– Men kvifor Reko-ringar? Kan ikkje produsentane berre nytte dei tradisjonelle distribusjonsløysingane, eller gjennom samvirka?
– Utfordringa er lønsemd til bonden, seier Dag.
Han og Veronica produserer brunost av geitemjølk. Denne leverer dei til nokre få lokalbutikkar.
– Og fortsatt sit butikken igjen med nesten same summen som me gjer, berre at me har gjort all jobben. Me vil heller ha den meirprisen sjølve, seier han.
Det var foreldra til Dag som starta opp med brunosten i 1990.
– Den gong var det eit krav at dei selde via grossist. Slik er det heldigvis ikkje no. Det er fortsatt krevjande å vere lokalmatprodusent, men det er veldige gode tider for det, seier han.
Likar kundekontakten
Dag og Veronica likar å vere opne om produksjonen på garden. Kundane og andre dei kjem i snakk med spør og grev.
– Når me driv med direktesal på marknadar og frå garden, er det viktig at me kan svare på det kundane våre lurer på. Verken på Bondens Marked eller i Rekoringane er det noko krav om korleis ein skal drive, altså økologisk eller konvensjonelt, men det er viktig å vere ærleg. Eg trur landbruket generelt er tent på å vere transparent, seier Veronica.
– Kvifor vel kundane dykkar produkt?
– Dei er medvitne om maten dei et, korleis den er produsert og korleis dyra har det. Me tilbyr unike produkt, og me har ei veldig variert kundegruppe. Me er opptekne av dyrevelferd og dyrehelse. Det er kundane våre også. Me vil at dyra skal leve ut sine naturlege behov. Hønene skal få sparke i jorda, og geitene skal få sprette rundt i kupert terreng heile året, seier Veronica.
Kvar går utviklinga?
Bondens Marked, gardsbutikkar, og no Reko-ringar. Kva blir det neste?
– Ikkje godt å seie. Me har eigentleg gått tilbake til slik mat vart seld før dei store grossistane kom inn i biletet, seier Veronica.
– Er Reko-ordninga kome for å bli?
– Ser me til Finland og Sverige, og kor stort det har blitt på kort tid, vil eg seie eit absolutt ja. Og modellen spreier seg alle veger. Reko er ei vinnaroppskrift, med bruk av sosiale medie og ein fast møtestad. Opplegget er føreseieleg for produsentane, og gir kundane eit stort utval varer på same stad, seier Dag.
Reko-ringane skapar gode relasjonar, og gjer at fleire kan bli stolte av deira eige lokalmiljø, seier Veronica.
– Er direktesal ei utfordring for landbrukssamvirka?
– Nei, det trur eg ikkje. Folk vil alltid ha forskjellig mat og varer, og bøndene vil alltid gjere ting forskjellig. Den store kundemassen er fortsatt på konsumproduksjonen. Men me utfyller kvarandre, seier Dag.
– Reko-ringane er eit viktig politisk motsvar i tida me lever i. Små bruk kan også overleve. Ein bonde med berre ti kyr kan også ha ei leveleg inntekt, seier Veronica.


