BN+

Glede: Vinter og skodde på Jærens tak legg ikkje nokon dempar på humøret til bøndene. Anne Irene og Otto Topdal har gitt frå seg garden Norheim til neste generasjon, Lene Topdal Reve og Jan Trygve Reve.

Nye bønder på Topdal

Lene Topdal Reve og Jan Trygve Reve er rotekte jærbønder i starten av karriera. Familien klorar seg fast på Jæren sitt tak, 240 meter over havet, like under utsiktspunktet Synesvarden.


Sjur Håland


To slåttar til silofôr og ein halv slått til lamma på hausten er det som er praktisk mogleg å skvisa ut på garden.


– Her oppe byrjar ikkje våronna før eit godt stykke ut i april. Jorda er meir steinrik og tyngre og vekstsesongen er kortare enn nede på Låg-Jæren, seier Jan Trygve, som er oppvaksen på gard på sandjorda på Reve i Klepp.


– Me må vera tolmodige og venta med jord- og onnearbeid til jorda er lagleg, det styrer det meste me driv med på garden, legg Lene til.

Å b
ruka ordet «klora» er forresten heilt feil. Dei to 33-åringane er i utgangspunktet jordfaste og medvitne på kva dei har gått til. Paret gler seg over å smykka seg med bonde-titlane som tredje generasjon på bureisingsbruket.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,