<i><b>Klar for julehygge:</b> I tillegg til ein trelavvo, har Rune laga til denne hagestova. Her er det sitteplass til mange, og ein flott utsikt.</i>

Opnar garden for hogst og julehygge

Når høgtida nærmar seg, inviterer juletreprodusent Rune Hansen til både juletrehogst og julestemning.

Jane Brit Sande

Det er berre det kvite teppet som manglar då Bondevennen er på besøk på Fjellestad gard i starten av desember. Det er høgsesong for juletrebonden Rune. Han har 10 000 tre å ta seg av.

– Det blir ein del trimming av toppar og greiner gjennom året, konstaterer han.

Rune produserer fleire sortar juletre på garden. Nordmannsgran og Fjelledelgran er edelgran-typar som er kjent for dei fleste av oss. Norsk gran har han også, men dei er ikkje hogstklare enno.

– Eg har også ei edelgran som heiter Frazer, som er ein amerikansk sort. Det er eit tett, «Disneyaktig» tre, og lukta er ganske lik norsk gran. Treet veks fort, faktisk opp til ein meter i året. Toppen kan klippast, og treet kan elles formast nærast som ein vil, seier Rune.

Han stilte med Frazer-tre i NM for juletre i slutten av november, og kom heim med to utmerkingar: Publikums favoritt, og andreplass i meisterskapen.

– At me har denne sorten i det heile tatt, er litt tilfeldig. Eg planta eit felt berre for å teste den. Treet er blitt veldig godt motteke. Eg kjem til å plante meir av denne sorten, seier Rune.

Juletre i lange banar: Rune har kring 10 000 juletre på garden.

Firbeinte hjelparar

Når trea blir planta er dei berre 20 cm høge. Rune må gjødsle to-tre gonger i året.

– Tidlegare har eg nytta ein del kunstgjødsel, men no nyttar eg meir og meir hønsegjødsel. Dei siste fire-fem åra har eg heller ikkje brukt nokon form for sprøytemiddel. Eg prøver halde ein miljøbevisst profil i produksjonen, noko også fleire av kundane er opptekne av, seier Rune.

Ugras må haldast vekke, så det ikkje stel ljos og næring frå trea. I vår fekk han to heilt spesielle hjelparar på plass i juletrefelta.

– Eg har kjøpt to Shropshire-sauer. Denne sauerasen er ikkje interessert i grantre, og lar juletrea stå i fred. Det har fungert betre enn eg hadde trudd. No vil eg få ein liten flokk på åtte-ti sauer som kan beite rundt i feltet, seier Rune.

Når trea nærmar seg ein meter i høgda, kan han begynne å gjere seg flid. Først startar han med å klippe greinene nedst, slik at det blir meir luft nedst på treet, og større sjanse for å unngå soppdanning. Eitt år etterpå startar han å formklippe og toppregulere.

– Det er det naudsynt å gjere heilt til trea skal seljast. Godt stell gir skikkeleg fine tre, seier Rune.

 

Berre to – enn så lenge: Rune skaffa seg to Shropshire-sauer i vår, og er imponert over jobben dei gjorde i juletrefelta. Planen er ein flokk på åtte-ti dyr.

Lokkar fram smila: To mangalitsasvin er med og lokker fram smila hos både store og små. Purkene likar merksemda.

Rasehøns: Rune har seks sortar rasehøns på garden.

Fryktar ikkje plasttre

Alle helgene i advent inviterer Rune og familien publikum til ei avslappa julestund på garden. Då kan dei som vil, finne og hogge sitt eige juletre. Dyra er glade når nokon vil helse på dei. Det er kaffi på kanna og peparkaker på fatet.

– Folk ønsker å koma seg ut og roe ned. Å hogga treet er ikkje alltid det viktigaste. Dyra er eit trekkplaster, ungane likar dei veldig godt. Kundane kjem både frå bygda her, og heilt frå Kristiansand og Mandal, seier Rune.

Plasttre og granlukt på boks trugar ikkje bedrifta, skal me tru Rune.

– Folk får gjere som dei vil, det betyr nok ikkje allverda for juletresalet her hjå oss. Men eg har også opplevd at folk fortel at dei har hatt kunstig tre tidlegare, men vil tilbake til ekte.

Kvart år inviterer Rune også barnehagar og SFO-grupper til gards for juletrehogst og julestemning.

– Eg har ikkje eit veldig stort opplegg; eg fortel litt om garden og juletrea, me helsar på dyra, og så høgg me eit juletre som dei får ta med seg tilbake til skulen eller barnehagen, seier Rune.

Besøka er på hans initiativ, og hans rekning.

– Eg synast det er utruleg gøy, og så får eg litt positiv merksemd for det. Men det er også fordi eg synast det er viktig å gjere noko for nærmiljøet, seier Rune.

Runes trivselstips for juletreet:

Kjøper du treet ei stund før du skal ta det inn, må du passe på at det ikkje ligg fuktig og ikkje i trekk eller direkte sol. Dette kan tørke ut treet.

Når du tek inn treet, skjer ei lita skive av stammen (0,5 til 2 cm tjukk) Er det frost ute, er det viktig å akklimatisere treet. Ta det inn i gangen eller set det i garasjen slik at det tiner. Du kan fint sette treet i foten, men vent med å vatna til det er akklimatisert.

Set treet inn der du skal ha det, og fyll på med vatn som held ca. 70-80 grader opp til litt over rotenden.

Vent eit minutt, og fyll opp juletrefoten med kaldt eller lunka vatn. Pass på at det alltid er vatn over rotenden på treet. Dersom treet ikkje får trekke til seg vatn den første tida, vil det tørka og få ein blass farge.

– Det mange blir overraska over å få vite, er at treet mest truleg vil ta til seg mellom fem og ti liter vatn den første dagen, seier Rune.

Frazer: Her syner Rune fram ei Frazergran, ein ny favoritt blant kundane hans.