BN+

– Høge lammetal er ikkje bra for dyrehelsa, meiner veterinær Asle Bjørgaas. I Eksingedalen satsar Kari Brørvik no på verar som gjev færre lam.


Anne Rivenes, frilansjournalist Voss


Nede ved fjorden er det vår, men høgt oppe i Yksendalen, i ein sidedal i Eksingedalen i Vaksdal kommune, er det vinterkvitt kring tunet når veterinær Asle Bjørgaas kjem. Det er nokre veker til lamming og sauene til Kari Brørvik skal vaksinerast. Når jobben er gjort, er det tid for ein prat om vårens vakraste, men også travlaste eventyr.

Praktisk i lamminga

– I fleire år var eg stort sett åleine med lamminga, natt og dag. Pang, så møtte eg veggen. Då forstod eg at ting måtte gjerast annleis. No har eg 12-timars vakt frå 09-21, og så er det sonen, mannen og ein sambygding som tek kvar si veke med nattevakt. Då får eg sova, og det trengs, for dagane er travle nok, med fôring, lamming, sortering, medisinering og flytting av sauer, fortel Brørvik.


115 sauer ventar lam. Når tida nærmar seg, deler ho flokken i puljer. Dei seinaste går ute i ein verkstad og i gamlefjøsen med rundballehekk. Då får ho plass i fjøset til å dela av ein sau i kvar stekke. Praktiske grindar, og tett med drikkeniplar langs veggen, gjer at når lamminga startar, kan ho konsentrera seg kun om fødselshjelp.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,